Partileiar Jonas Gahr Støre
Arbeidarpartiet vil krevje å få kunnskapsministeren i ei eventuell ny regjering
20 år sidan sist Arbeiderpartiet styrte Kunnskapsdepartementet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Vil Arbeiderpartiet (Ap) krevje å få kunnskapsministeren i ei eventuell ny koalisjonsregjering etter Stortingsvalet til hausten?
— Ja, absolutt, er svaret frå partileiar Jonas Gahr Støre.
Det er i eit intervju i podcasten «Undervisningsplikten», som blir laga ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Oslo (UiO), at ambisjonen blir lagt for dagen.
Sist gong Ap hadde statsrådpost for utdanning og forsking var då Trond Giske var kyrkje, utdannings- og forskingsminister i Jens Stoltenberges første regjering frå 2000-2001.
— Eg meiner absolutt vi skal ha ambisjonen. Eg håper veldig vi kan få til det, seier Støre.
Kritiserte «hovudlaus nedlegging»
Ap har lansert såkalla utdanningssenter som satsingsområde i utdanningspolitikken. Tanken er at desse skal sikre utdanningstilbod i distrikta, særskilt innan praktiske fag. Partiet vil at sentra skal vere statleg finansierte og eigde av fylkeskommunane.
I sin landsmøtetale i april peikte Støre på at fråflytting frå distrikta delvis skuldast at universitet og høgskular ikkje representerer eit fullgodt tilbod til heile landet.
— Derfor treng vi ein utdanningspolitikk for heile Noreg. Den hovudlause nedlegginga av Høgskolen i Nesna viser at vi treng ein nasjonal politikk og meir nasjonal styring, sa Støre til landsmøtet.
Ap har til liks med dei potensielle regjeringspartnarane i Senterpartiet og SV erklært at det vil arbeide for ei gjenreising av utdanningstilbod på Nesna på Helgeland. Den tidlegare lærarhøgskulen vart fusjonert inn i Nord universitet, og seinare vedtatt nedlagd frå 2022, til store protestar frå lokalsamfunnet, og altså, etter kvart sentrale politikarar.
Fortel om utdanning i Frankrike
I podkasten frå UiO, der Støre blir intervjua av prodekan Gunn Enli, fortel han også om sin eigen utdanningsbakgrunn frå Frankrike. Støre har utdanning frå det samfunnsvitskapelege prestisjeuniversitetet Sciences Po i Paris, der han begynte i 1981.
På spørsmål om korleis han opplevde utdanningskulturen der, svarer Støre at han ikkje er sikker på om det er verd å skryte av den.
— Eg har ofte referert til det som skule, og ikkje universitet. Det var veldig sånn, med klasser, fråvær, veldig lærar til elev, lekser og disiplin. Det var ein overgang frå det friare systemet eg var vand med frå Oslo, seier Støre.
Han legg til at på den tida opplevde han Sjøkrigsskulen, som han tok før han reiste til Frankrike, som meir liberal enn den franske utdanningsinstitusjonen.
I pocasten snakkar Støre også om sine tankar om samarbeid mellom utdanning og næringsliv og korleis han ser på universitet og høgskular sine roller i tida framover.