forskingstermin
Fleire ønskjer seg ordningar for forskingsfri
Fleire av dei nyare institusjonane ønskjer seg ei ordning der forskarar kan få samanhengande tid til å gå i djupna. Men ei slik ordning kostar.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Som ein ny institusjon er det naturleg at me har dette på agendaen.
Det seier Per Martin Nordheim-Martinsen. Han er viserektor for FoU ved OsloMet - eitt av dei nyaste universiteta i Noreg. OsloMet har i dag inga formell ordning for forskingstermin, men det er ei sak som no er drøfta - og skal handsamast i universitetet sitt forskingstutval denne veka.
Khrono har skrive at det er skilnader mellom kor lenge leiarar ved universiteta får oppdatera seg fagleg etter endt fungeringsperiode. Nokre av universiteta gir opp til to år dersom ein sit som leiar i to periodar.
Også for vitskapeleg tilsette i ordinær stilling, er det skilnad på kor lenge dei må jobba for å kunne ta ut forskingstermin. Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet gir tilsette tid til fagleg oppdatering etter å ha jobba i fem år, andre institusjonar seier at ein må ha jobba i seks eller sju år. Kven som får, og kva som er kriteria, varierer frå institusjon til institusjon.
Det er fakulteta, og i nokre tilfelle institutta, som avgjer kven som får innvilga slik forskingsfri.
Vil sjå på ni år gamle retninglinjer
OsloMet har inga formell ordning for forskingstermin, seier Nordheim-Martinsen. Men han er oppteken av at forskarar bør få så lange periodar som mogleg til samanhengande forsking.
— Me har vore opptekne av gode kollektive støtteordningar for forsking, og ser no på dei individuelle, som tildeling av FoU-tid, seier viserektoren.
Universitetet i Søraust-Noreg har ikkje noka sentral ordning for forskingtermin. Det har heller ikkje Universitetet i Agder eller Nord universitet. Universitetet i Stavanger har heller ikkje ei ordning som seier at ein har krav på forskingstermin etter så og så mange år.
— Ein kan søkja, og så er det faglege kriterium som ligg til grunn, seier HR-direktør Halfdan Hagen.
Kor ofte ein då får fri til samanhengane forsking vil kunne variera.
— Det handlar om økonomi, seier Hagen.
UiS sine retningslinjer er frå 2012, og Hagen seier at forskingsavdelinga ved UiS har sagt at tida no kanskje er inne til å sjå på dei.
— Det er viktig at retningslinjene er oppdaterte i forhold til strategi og planar, seier HR-direktøren.
Han understrekar at samanhengande forsking er viktig.
— Men det er òg viktig at det kjem noko ut av det, til dømes i form av publisering.
HVL vurderer
Høgskulen på Vestlandet ønskjer å verta universitet. Då er forskingstermin noko ein må vurdera, seier prorektor for forsking Gro Anita Fonnes Flaten. Ho kom sjølv frå Høgskolen i Bergen før fusjonen, og fortel at dei hadde ei ordning for forskingstermin.
— Forskingstermin er ei god ordning for forskarane, som gir dei moglegheit til å forska samanhengande, seier Flaten.
Oppe i audemarka
Det er dei gamle breiddeuniversiteta som har hatt avtalar om forskingstermin lengst. Nordlys har den siste tida skrive om ordninga. Tala dei har samla inn viser at det er UiT og NTNU som har dei beste ordningane, med fire års oppteningstid før ein kan søkja om forskingstermin. Ved Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo må ein jobba i seks år, medan ein ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) må jobba i sju år.
Olaf Styrvold er hovudtillitsvald for Forskerforbundet ved UiT, og forsvarar ordninga. Han seier til Nordlys at då UiT vart vedteke politisk, var det fleire fagmiljø som gjekk mot dette.
— Som eit ledd i å rekruttera fagfolk til ein stad «langt oppe i audemarka» såg ein på ulike ordningar for å rekruttera godt kvalifiserte tilsette. Ei slik ordning var hyppigare forskingtermin enn andre stader, seier Styrvold.
Som Khrono har skrive, har påtroppande UiT-rektor Dag Rune Olsen ikkje krav på forskingstermin når han avsluttar åremålstilsetjinga i Tromsø. Grunnen er at han ikkje har ei ordinær vitskapeleg stilling ved universitetet. Men Olsen er oppteken av at ei slik ordning finst, både for leiarar som skal attende til fagleg stilling og for andre vitskapeleg tilsette.
— Det er svært viktig at ein har nok tid til samanhengande forsking og tid til å oppdatera seg fagleg. Dersom ein ikkje har det, kan universitetstilsette sakka akterut, seier Olsen, og viser til at tilsette ved forskingsinstitutta ikkje har undervisning.
— Så forskingstermin er ei god investering, seier Olsen.