forskingstermin

Ulik praksis for fagleg oppdatering for avgåtte leiarar i akademia

UiT-rektor Anne Husebekk får to år til fagleg oppdatering når ho går av som rektor til sommaren. Dag Rune Olsen får ingenting den dagen han er ferdig som rektor i Tromsø.

UiO-rektor Svein Stølen vil ha krav på to månaders forskingstermin dersom han vert gjenvalt som rektor. Det same hadde tidlegare UiB-rektor Dag Rune Olsen (bak), men han går rett til ny rektorstilling. Frank Reichert valte å gå attende til forskinga etter 12 år i leiarposisjonar, og seier det var viktig å kunne ha tid til å oppdatera seg fagleg.
UiO-rektor Svein Stølen vil ha krav på to månaders forskingstermin dersom han vert gjenvalt som rektor. Det same hadde tidlegare UiB-rektor Dag Rune Olsen (bak), men han går rett til ny rektorstilling. Frank Reichert valte å gå attende til forskinga etter 12 år i leiarposisjonar, og seier det var viktig å kunne ha tid til å oppdatera seg fagleg.
Publisert Oppdatert

Gamle og nye universitet, vald eller tilsett rektor, gir ulik praksis på tida avgåtte leiarar får til fagleg oppdatering.

Når Anne Husebekk går av som rektor ved Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet til sommaren, får ho to år på god løn til forskingsfri og fagleg oppdatering. Hennar etterfølgjar i rektorstolen ved UiT, Dag Rune Olsen, får ingenting den dagen han sluttar i Tromsø.

Slik blir det ein skilnad mellom vald og tilsett rektor ved UiT.

Forskingstermin

Ein rektor, dekan eller anna åremålstilsett eller valt leiar ved norske universitet kan få såkalla forskingstermin når vedkomande er ferdig med fungeringsperioden sin som leiar. Det er ein periode der ein som vitskapeleg tilsett ikkje skal ha undervising eller rettleiing, men i staden kan bruka tida til fagleg oppdatering.

Fakta

Forskingstermin for leiarar ved universiteta

  • UiO: Rektor, prorektor, viserektor og dekan får full undervisningsfri og rett til forskings- og utdanningstermin i eitt år når fungeringstida er ute. Det same gjeld instituttleiar som går tilbake til ordinær forskarstilling.
  • USN: Leiarar tilsett på åremål, som rektor, rektorat, dekanar, instituttleiarar, får eitt år til fagleg oppdatering dersom dei skal attende til vitskapeleg stilling
  • UiS: Leiarar tilsette på åremål får seks månader forskingstermin dersom ein skal attende til vitskapeleg stilling. Ved fleire periodar kan ein få inntil eit år.
  • NMBU: Eitt års forskingstermin for rektor når funksjonstida er ute
  • UiA: Seks månader for rektor og andre leiarar
  • NTNU: Tilsette i åremålsstillingar, som rektor, prorektor, dekan og instituttleiarar får eitt år til fagleg oppdatering etter kvar åremålsperiode, men maks to år. Ordninga gjeld i utgangspunktet ikkje eksternt tilsette leiarar
  • UiB: Rektor, rektorat, dekan, dekanat og instituttleiar har rett til eit års forskingstermin etter fullført periode. Ein kan få to års forskingstermin dersom ein har fleire samanhengande periodar i slike funksjonar.
  • UiT: Rektor, rektorat, dekan, dekanat og instituttleiarar har rett til eit års forskingstermin etter ein fireårsperiode. Dersom ein sit to periodar, kan ein få to år. Dekanar kan få inntil tre år dersom dei har sete tre periodar i dekanstolen.
  • OsloMet: Ein har individuelle avtalar som vert inngåtte i samanband med arbeidsavtalen, og avtalane kan variera frå to månader forskingsfri per år i åremålsstilling, til eitt år etter endt periode.
  • Nord universitet: Rektor, prorektor og dekanar får eitt år etter endt periode

Men kor lenge ein som tidlegare leiar kan oppdatera seg fagleg, varierer. Er du rektor ved Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Bergen (UiB) eller Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet (UiT) får du forskings-og utdanningstermin i eitt år etter å ha sete fire år i leiarstolen. To periodar som leiar (8 år) gir to års forskingstermin ved dei eldste universiteta.

Inga oppdatering på Olsen

Når UiT no går over frå vald til tilsett leiing, er det ingen forskingstermin som ventar nytilsett rektor Dag Rune Olsen. Han kunne hatt to års forskingsfri etter å ha vore rektor ved UiB i to periodar (8 år), også fordi han hadde ei professorstilling i botn ved UiB før han blei dekan og rektor der.

Men heller enn å ta si faglege oppdatering i Bergen og gå tilbake til ein forskarjobb, går i staden Olsen over i ei ny tilsett åremålsstilling som rektor i Tromsø.

— Eg har inga professorstilling ved UiT. Det er krav om å vera professor for å kunne verta rektor, men den stillinga eg er tilsett i ved UiT, er ei tidsavgrensa rektorstilling, seier Olsen. Han har takka ja til eit åremål på fire år, med moglegheit til å søka ein ny fireårsperiode om fire år.

Olsen er i utgangspunktet kreftforskar og professor i biomedisinsk fysikk, men han har hatt ulike leiarjobbar sidan 2010. Olsen fyller straks 59 år, og dersom han får to rektorperiodar ved UiT vil han vera 67 år når rektorstillinga hans er over i Tromsø.

Ikkje mogleg utan oppdatering

Husebekk som no skal inn i to år med forskingstermin er 65 år og vil vera 67 når ho skal vera ferdig oppdatert. Husebekk som er utdanna lege er spesialist på immunologi og transfusjonsmedisin og professor i fagfeltet sidan 2002. Ho har særleg forska på blodplatemangel hos foster og nyfødde.

Ho er også del av ei forskingsgruppe og grunderbedrift som kan koma til å tena store pengar på forskinga si etter at dei selde ein vaksine til eit stort amerikansk medisinselskap.

Anne Husebekk har vore vald rektor, og har òg ei professorstilling ved UiT. Det er fagleg oppdatering for å kunne gå attende til denne stillinga som no ventar henne.

Kan bli vanskeleg å rekruttere

Fleire andre institusjonar har liknande ordningar: Tilsett rektor som kjem frå universitetet og er internt tilsett får forskingstid, tilsett som kjem frå utsida får det ikkje. Universitetet i Søraust-Noreg er blant universiteta som har denne ordninga, der får interne leiarar eit år til fagleg oppdatering dersom ein skal attende til fagleg stilling.

— Dersom ein ikkje har ei slik ordning, er det umogleg å kunne koma attende til fagleg stilling. Det kan gjera at det vert færre søkjarar til ei leiarstilling, trur Dag Rune Olsen.

Frå 1. august 2021 tiltrer Dag Rune Olsen som rektor ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet.
Frå 1. august 2021 tiltrer Dag Rune Olsen som rektor ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet.

— Og kanskje kan det føra til at ein ikkje får så gode leiarar, fordi dei kan mindre om korleis det er å vera forskar. Så forskingstermin er ikkje eit luksustilbod, seier han.

«Raus ordning»

Det er Nordlys som har skrive om avtroppande rektor Anne Husebekk og hennar to årige forskingstermin som ventar ho frå august, og fleire utanfor akademia synest ordninga høyerst raus ut.

— For meg verkar dette som svært rause ordningar som det ikkje finst tilsvarande til i næringslivet, seier Magne Lerø til Nordlys.

Lerø er kjent som samfunnsdebattant og sjefredaktør i nisjeavisa som skriv mykje om nettopp leiing, Dagens Perspektiv.

Husebekk: Uansvarleg utan oppdatering

Men rektorane er ikkje samde med Lerø.

Anne Husebekk seier til Nordlys at ho no ikkje vil kunne gi god nok undervisning basert på det ho kunne før ho vart rektor.

— Det er nærast uansvarleg å ta ein professor ut av undervisning og forsking, lata vedkomande sitja i ei travel leiarstilling i fire eller åtte år, og kasta vedkomande attende i ei stilling der ein har plikt til å halda seg oppdatert, seier Husebekk.

UiO og UiB har altså ei lik ordning som UiT. Ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) får ein eitt år etter at rektorperioden er ferdig. Det same får ein ved Nord universitet, medan ein ved Universitetet i Agder får seks månader.

Dette viser ei oversikt Khrono har henta inn frå universiteta.

Curt Rice med eiga avtale

OsloMet har ikkje ei fast avtale for kor lang tid til fagleg oppdatering ein rektor får etter endt åremål. Men noverande rektor Curt Rice hadde ei eiga framforhandla avtale om å ha eit år til fagleg oppdatering etter første rektorperiode, så i realiteten tilsette dåverande Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) Rice i ei stilling på fem år. Dette har Khrono tidlegare skrive om.

Rektor Curt Rice ved OsloMet har forhandla fram ei eiga avtale om fagleg oppdatering og fast tilsetting .
Rektor Curt Rice ved OsloMet har forhandla fram ei eiga avtale om fagleg oppdatering og fast tilsetting .

Rice sa opp ei fast professorstilling ved UiT då han kom til ei åremålsstilling som tilsett rektor ved HiOA (no OsloMet) i 2015.

Då Rice fekk fornya kontrakten sin med fire nye år i rektorstolen frå 2019 forhandla han fram enno ei avtale som sikra han fast jobb ved OsloMet etter rektorperiodens slutt.

HR-direktør Geir Haugstveit ved OsloMet stadfester overfor Khrono at Rice har rett på eitt års forskingsfri og rett til ei fast stilling som professor ved OsloMet når han går av som rektor sommaren 2023. Rice er lingvist og har forska på generativ grammatikk og fonologi.

Dag Rune Olsen har ikkje noka stilling å gå attende til etter eitt eller to åremål i Tromsø.

— Då måtte UiB gitt meg permisjon i fire år. Det hadde vore spektakulært raust, humrar han.

Tidlegare rektor: Vesentleg

Husebekk får støtte frå fleire andre tidlegare leiarar:

— Det var ganske vesentleg for meg at eg hadde dette året, seier Kari Toverud Jensen.

Ho gjekk av som valt rektor ved OsloMet i 2015. Då hadde ho sete fire år som dekan og fire år som rektor, og hadde eitt år til fagleg oppdatering. Halve året hadde ho eit forskingsopphald i Skottland.

— Ein treng å kunne setja seg inn i faget sitt igjen. I tillegg må ein snu hovudet sitt. Eg jobba nok ikkje noko mindre dette året enn eg gjorde då eg var rektor, men eg jobba på ein annan måte, seier Jensen.

Ho tok doktorgrad i 2006, berre eitt år før ho vart dekan, og fortel at ho bestemte seg for at dersom ho skulle bruka doktorgrada si til noko fagleg, var det på tide etter åtte år. I dag er ho førsteamanuensis ved Institutt for sjukepleie og helsefremjande arbeid, og både underviser og rettleiar, i tillegg til at ho har publisert fleire vitskapelege artiklar.

— Det hadde nok ikkje vore mogleg utan dette året til oppdatering, seier Jensen.

Det er ein annan måte å jobba på når ein er forskar, og ikkje leiar, seier tidlegare dekan og rektor Kari Toverud Jensen.
Det er ein annan måte å jobba på når ein er forskar, og ikkje leiar, seier tidlegare dekan og rektor Kari Toverud Jensen.

— Ikkje gullkanta

— Det er så tøft og tungt å gå attende til ei fagleg stilling, så dersom ein ønskjer å rekruttera internt til leiarstillingar bør ein legga til rette for at ein kan oppdatera seg etter endt periode, seier Klaus Mohn til Khrono. Han er rektor ved Universitetet i Stavanger (UiS). Han er UiS sin første tilsette rektor, og retningslinjene seier at ein rektor ved UiS som skal attende til vitskapeleg stilling har krav på tid til fagleg oppdatering.

— Dette er inga gullkanta avtale, det er naudsynt. For eigen del kan eg seia at det ikkje er mogleg å halda seg fagleg oppdatert når ein går inn i ei leiarstilling i fire år.

Det seier Per Martin Norheim-Martinsen til Khrono. Han er viserektor for FoU ved OsloMet.

— Dei fleste som har leiarstillingar skal attende i ei forskarrolle. Det er krevjande å gå inn i forsking att, seier Norheim-Martinsen. Han har tidlegare vore førsteamanuensis ved Forsvarets høgskole og forsker ved Institutt for forsvarsstudier (IFS).

Gjekk rett til undervisning

Anne Lise Fimreite er samd. Ho valde å ikkje ta ut forskingstermin då ho hadde vore både prorektor og prodekan ved UiB, men seier at arbeidsgivar kunne forlanga at ho hadde brukt forskingstermin på å oppdatera seg fagleg.

— Dei fekk jo ein person attende som ikkje var fullt operativ, seier Fimreite, som er professor ved Institutt for samanliknande politikk.

Ho seier at ho no, tre år seinare, kan gi ei mykje meir forskingsbasert undervisning, som òg er basert på nyare data.

— Det kan sjølvsagt vera skilnader mellom ulike fagfelt. Men eg meiner ei ordning med forskingstermin etter å ha vore leiar er naudsynt, særleg av omsyn til studentane.

Stakkars studentar, humrar professor Anne Lise Fimreite. Allereie første semesteret etter at ho hadde vore leiar i mange år, hadde ho litt undervisning.
Stakkars studentar, humrar professor Anne Lise Fimreite. Allereie første semesteret etter at ho hadde vore leiar i mange år, hadde ho litt undervisning.

Valte å gå attende til forskinga

I Grimstad er Frank Reichert «berre» professor no. Han var først dekan i 8,5 år, deretter rektor i 3,5, men takka nei til attval. Han ville prioritera forskinga, sa han den gongen.

Reichert fortel at medan han var dekan, var han til dels aktiv som forskar, og var mellom anna sentral då Universitetet i Agder fekk det første Senter for forskingsdrive innovasjon (SFI). Som rektor vart arbeidsdagen ein annan.

— For meg var det utruleg viktig å ha tid til fagleg oppdatering etter å ha sete i leiarposisjonar så lenge. Eg måtte setja meg inn i det nye innan fagfeltet mitt, og eg måtte òg ta opp att kontakten med det internasjonale nettverket mitt, seier Reichert, som er professor ved Institutt for informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Før jul fekk han 20 millionar kroner til å leia eit stort, internasjonalt forskingsprosjekt.

Han peikar òg på at det var ein del arbeid som måtte gjerast før han var heilt oppdatert på undervisningsfronten.

— Digital undervisning krev noko anna, ein kan ikkje berre koma med nokre powerpointar lenger.

— Korleis hadde det vore å gå attende til ei forskarstilling dersom du ikkje hadde hatt tid til fagleg oppdatering?

— Det hadde vore tyngre. Men ein fornuftig instituttleiar hadde nok sett at det var naudsynt, og i alle fall gitt ein noko tid, seier Reichert.

Oppdatert 9.2 kl 7.42 med tal frå Nord universitet

Powered by Labrador CMS