Debatt endre brunstad

Fire råd for å styrkje nynorsken ved UiB

Det er i dag paradoksalt nok restriksjonar mot bruk av nynorsk når det gjeld skilting ved UiB, skriv leiaren i språkpolitisk utval, og oppmodar til meir skilting på nettopp denne målforma.

Skilt på bokmål i Realfagbygget, slik retningslinjene tilseier. Språkpolitisk utval meiner at det bør vera meir skilting på nynorsk ved Universitetet i Bergen.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Universitetet i Bergen (UiB) har som offisiell språkpolitikk å styrkje nynorsken. Det kjem til uttrykk i dei språkpolitiske retningslinjene. Der heiter det at UiB har eit særleg ansvar for at nynorsken skal vere eit viktig språk i høgare utdanning, og at det skal vere tilnærma lik fordeling mellom nynorsk og bokmål i informasjonsmateriale og kommunikasjon ved institusjonen.

Korleis ser så dette ut i praksis? UiB sender kvart år målbruksrapport til Språkrådet, og desse rapportane viser at UiB vekslar mellom nynorsk og bokmål på ein systematisk måte. Det får UiB med rette ros for frå Språkrådet. UiB si leiing ved rektor Margareth Hagen har elles vist tydeleg engasjement for språkpolitikk generelt, inkludert nynorsken. Samtidig er det felt der det blir rapport om heller lite nynorsk, og det gjeld primært sosiale medium. UiB har dessutan eit godt stykke frå å nå full jamstilling i kommunikasjonen, slik dei språkpolitiske retningslinjene tilseier.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Som vi skal kome nærmare inn på, er det dessutan felt der nynorsken er utelaten. Språkpolitisk utval ved UiB har som oppgåve å gi råd til universitetsleiinga om korleis språkpolitikken ved UiB skal bli følgt opp, gjennomført og vidareutvikla. Vi har fire konkrete råd til universitetsleiinga for å styrkje nynorsken:

  1. Meir nynorsk tekstproduksjon: Det er ut frå målbruksrapportane behov for meir nynorsk tekstproduksjon i informasjonsmateriale, saksbehandling og kommunikasjon frå UiB, særleg knytt til sosiale medium.
  2. Kursing i nynorsk: For å oppnå målet om meir nynorsk, må UiB få eit systematisk opplegg i kursing i nynorsk for administrativt tilsette. Instituttleiarane må i sin tur ta ansvaret for å sikre nynorskkompetansen blant dei tilsette.
  3. Fjerne forbod mot skilting på nynorsk: Det er i dag paradoksalt nok restriksjonar mot bruk av nynorsk når det gjeld skilting ved UiB. I dokumentet Håndbok for skilting frå 2011 står det at skilting ved UiB berre skal skje på bokmål: «Det skal skiltes på bokmål for hele universitetet. På orienterings- og informasjonsskilt som samler opplysninger om flere enheter skal det alltid skiltes på bokmål. Utover dette kan det gjøres unntak der særlige hensyn gjør det nødvendig å skilte spesielle funksjoner på engelsk eller andre språk». Desse formuleringane står sjølvsagt i sterk motstrid til UiB sin offisielle språkpolitikk om jamstilling og styrking av nynorsken. Det er såleis på det reine at denne passusen i handboka for skilting må fjernast så fort som mogleg, og at det blir gitt rom for nynorsken på skilt ved UiB.
  4. Meir skilting på nynorsk: For å nå målsetnaden om at tilnærma lik fordeling mellom nynorsk og bokmål i UiBs kommunikasjon, kan det vere eit poeng å satse på nettopp skilting.

Internasjonalt er det i løpet av det siste tiåret blitt lagt vekt på den språkpolitiske rolla som skilting spelar, særleg gjennom forskingsdisiplinen lingvistiske landskap (linguistic landscapes). Ved fleire universitet er det ein medviten språkpolitikk om å bruke skilt til å synleggjere mindre brukte språk, det gjeld t.d. ved Universitetet i Tromsø og Cardiff University.

Språkpolitisk utval vil difor kome med ei oppmoding om å vere offensiv her: meir skilting på nynorsk. Tiltaket er aktuelt i UiB-bygg der skilt uansett skal byttast ut, men ikkje minst er det aktuelt i nybygg. Her er det eitt nybygg som peikar seg ut, nemleg det nye felles administrasjonsbygget til UiB som skal opnast i 2023. Det vil vere god språkpolitikk om dette bygget fekk gjennomgåande skilting på nynorsk.

Powered by Labrador CMS