pandemi
Fekk pris for koronatest
Pandemien førde dei saman. No har NTNU-forskarane Magnar Bjørås og Sulalit Bandyopadhyay fått Forskingsrådet sin innovasjonspris for utvikling av koronatest.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Dei to NTNU-forskarane var tidleg ute. Allereie i mars 2020 skreiv Khrono om at professor Magnar Bjørås og førsteamanuensis Sulalit Bandyopadhyay hadde uvikla ein testmetode for koronaviruset som fører til covid-19. Testen har vorte nytta på norske sjukehus og vorte seld til utlandet.
No får dei to forskarane, Bjørås frå Institutt for klinisk og molekylær medisin og Bandyopadhyay frå Institutt for kjemisk prosessteknologi, Forskingsrådet sin innovasjonspris på 500 000 kroner.
— Dette er eit kjempefint døme på korleis langsiktig grunnforsking og tverrfagleg samarbeid raskt kan gi ein innovasjon som betyr mykje for innbygjarane, helsetenesta og samfunnet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe i ei pressemelding.
Samla to fagmiljø
— Me set umåteleg stor pris på denne anerkjenninga, seier Bjørås på vegner av dei to prisvinnarane.
— Kva var det som gjorde at de kom så raskt i gang?
— Her hadde ein to sterke fagmiljø. I tillegg har det vore eit stort team og eit institusjonelt samarbeid som står bak, seier professoren til Khrono.
Testen som er utvikla vet nytta på sjukehus. Det er rett og slett dei operasjonane som vert gjennomført for å kunne ta ut arveanlegg og finna viruset. Tidlegare har Bjørås forklart dette til Universitetsavisa: Etter at prøvar vert tekne frå hals og nase opnar ein viruset. Så tilset ein magnetiske kuler. Desse er dekka med eit stoff som trekkjer til seg arveanlegget.
— Svaret på desse testane er 99 prosent sikkert, seier Bjørås til Khrono.
Vil nytta metoden for fleire sjukdommar
Direktør i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit, seier i pressemeldinga at NTNU sin koronatest har vore eit sentralt verktøy i arbeidet med å ta landet gjennom koronapandemien. No har det òg vorte danna eit oppstartselskap, Lybe Scientific AS, som skal utvikla produkt for diagnostikk.
— Me har fått midlar frå Forskingsrådet til å sjå på om denne testmetoden kan nyttast for andre infeksjonssjukdommar, som til dømes RS-virus, influensa og klamydia. Det er eit stort behov og ein stor marknad, seier Bjørås.
Nyeste artikler
Øyvind Eikrem har fått se mappen sin: NTNU og PST har hatt kontakt siden 2014
Vil framleis ha samarbeid med både Kina og Russland — med varsemd
Hennum vil velges til den ene stillingen hun ikke har hatt ved universitetet
Lanserer korte studier for å lokke nye lærerstudenter
Tid for forskning
Mest lest
Leder fikk grovt krenkende julekort i posten. — Ble oppfattet som truende
Forskeren ble sagt opp etter 20 år: — Universitetsverden er veldig forstokket
Hoel fikk spørsmål om kjønn på Stortinget. Svarte bare «nei»
Meiner rektorane bør slutte å sutre. — Problemet er innavl, nepotisme og svak styring
Fikk bli med i prøveordning for unge forskere og ble professor etter fire år