Nord universitet
Fekk kritikk for etikk. Meiner systemsvikt er blitt retta opp
Nord universitet har fått kritikk frå sitt eige forskingsetiske utval etter gjennomgang av Andreas Ribe-Nyhus’ doktorgrad. – Tiltak er implementert og følgt opp, seier prorektor.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det var Fakultet for lærerutdanning, kunst- og kulturfag (FLU) ved Nord universitet som tok initiativet til ein gjennomgang av Andreas Ribe-Nyhus´ doktorgrad. Khronos omtale av doktorgradsavhandlinga før disputasen i august 2020 førte til spørsmål og kritikk knytt til forskingsetiske vurderingar frå fleire hald.
I rapporten frå Forskingsetisk utval ved Nord universitet (FEU) går det fram at det ikkje finst dokumentasjon på at forskingsetiske vurderingar overhovudet er blitt gjort i samband med doktorgradsarbeidet.
Utvalet konkluderer med at arbeidet ikkje er vitskapeleg ureieleg, etter juridiske kriterium.
Både Ribe-Nyhus sjølv og hovudrettleiar, professor emeritus Anders Lindseth, hevdar fortsatt at forskingsetikken er blitt ivaretatt.
Rapporten frå FEU slår fast at det er «grunn til å kritisere systemet for kvalitetssikring av forskningsetisk arbeid ved institusjonen». I dokumentet har utvalet ført opp ei liste råd om tiltak.
— Blir arbeidd godt
— Dei fleste av forskingsetisk utval sine forslag til tiltak er allereie følgt opp og implementerte, seier prorektor for forsking og utvikling ved Nord universitet, Ketil Eiane.
Eitt av råda er å sikre retningslinjer for rettleiing av ph.d.-studentar der forskingsetikk «adresseres spesifikt». Det blir også peikt på behov for rutinar for saksgang i varslingssaker om etikk.
Eiane ønskjer å svare på Khronos spørsmål på e-post:
— Det blir i FEUs uttale vist til systemsvikt, og rapporten peikar på fleire problem knytt til forskingsetikken ved Nord universitet - som er blitt synleggjort gjennom denne doktorgraden. Det er tidlegare også vore kjent at personvernrutinane har vore mangelfulle. Korleis ser du på det som er kome fram om tilstanden for forskingsetikk ved Nord universitet?
— Personvernombodet ved Nord konkluderer i sin årsrapport frå mai 2020 med at Nord har god oversikt over prosessar og system der det vert handsama personopplysninger, men at det er rom for forbetring på nokre område. Det er vi kjende med og arbeider med å utbetre. Mi oppfatting er at det blir arbeidd godt med å styrke kunnskap og kompetanse om personvern og forskningsetikk ved Nord. Arbeidet til Forskningsetisk utvalg og personvernombodet er viktige bidrag til dette, skriv Eiane.
Nye handlingsplanar
Prorektoren seier at dei fleste av det forskingsetiske utvalet sine forslag til tiltak allereie er følgt opp og implementert. Vidare seier han at universitetet arbeider med nye handlingsplanar som skal verte vedtekne no i haust. Der inngår nye tiltak som ein del av det kontinuerlege kvalitetsarbeidet med forskingsetikk og personvern.
— Vi har tidlegare fått stadfesta at innhaldet og dei potensielt problematiske, metodiske og etiske sidene ved avhandlinga var ukjent for Nord-leiinga før det vart omtalt i Khrono i fjor. Kva tenker du om det?
— Eg tenkjer at det var uheldig at leiinga ikkje på eit tidligere tidspunkt var kjende med at det var potensielt problematiske sider ved avhandlinga. Når det er sagt, så tenkjer eg også at dette er ei veldig spesiell sak der kandidaten, av praktiske årsaker, ikkje har hatt same tilgang til et forskningsmiljø og -fellesskap der forskningskultur og etikk blir diskutert jamnleg. Det har det tilsynelatende ikkje vorte tatt stor nok høgde for i denne saka.
— Tar alle saker på alvor
— Det blir i FEUs rapport peikt på at metoden (praksisforsking) er ei kjelde til dei forskingsetiske problema. Kva er din kommentar til det?
— Nord er pliktige til å sikre at all forsking skjer i henhold til anerkjende forskningsetiske normer og retningslinjer. I forsking der metodevalet skaper utfordringer, bør det vere særleg fokus på dei forskingsetiske problemstillingane som kan oppstå.
— Kor alvorleg ser Nord på sin eigen systemsvikt?
— Nord tar alle saker som gjeld forskingsetikk og personvern på alvor.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut