jubileum
Feirar 75 år med kongen på besøk
Det er ikkje berre kanskje, men rett og slett sikkert, at kong Harald er blant gjestene når Universitetet i Bergen markerer sine første 75 år.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Måndag 25. oktober er det på dagen 75 år sidan det var grunnsteinsnedlegging for kjemisk institutt og botanisk lab på Florida. Fem dagar seinare vedtok Stortinget budsjett med dei første postane for Universitetet i Bergen (UiB).
Historia til UiB går heilt attende til Bergens museum, grunnlagt i 1825. Ein av grunnleggarane, Wilhelm Koren Christie, står og skuar nedover byen frå Muséplassen. Frå tidleg på 1900-talet vart det tilsett professorar ved museet, og frå 1940-talet var det meir og meir universitetsaktig undervisning - men med eksamen i Oslo.
Dette skriv UiB sjølv om historia si.
25. oktober 2021 innleiar då jubileumsveka. Då kjem Hans Majestet Kongen til UiB, og skal, saman med mellom andre den ferske forskings- og høgare utdanningsministeren Ola Borten Moe, ta del på den store jubileumsførestellinga i universitetet i aula.
Sjølve arrangementet er ikkje ope for alle, men du kan sjå det her. I tillegg vert UiB-tilsette og andre bergensarar oppmoda om å koma til Muséplassen eller Muséhagen dersom dei ønskjer eit glimt av kongen.
Direktesendinga blir sendt fra klokka 14.15–15.30.
— Me har ei 75 år lang stolt historie som me ønskjer å visa fram deler av, og det vert det fleire høve til gjennom veka. Samstundes er det viktig for oss å visa fram kva me er i dag, og kva me skal vera i framtida, seier rektor Margareth Hagen til eigne nettsider.
Nylige artikler
Israelske universiteter faller på internasjonal rangering
Jan Ivar Pedersen (1936 — 2025
Kommunene må bidra mer for praksisstudentene
Forskningsrådet ga topp- og bunnkarakter til samme søknad: — Usaklige tilbakemeldinger
Forskningsverden ser mot Danmark etter eventyrlig suksess med slankemedisin
Mest leste artikler
Komiker erstatter Nicolai Tangen
Reagerer på at studenter bruker ordet skole om å studere på universitetet
«Du er ubrukelig. Det er ingen her som liker deg» Stipendiater forteller om hvorfor de byttet veileder
Han har sett ansatte som har slitt med angst hver gang de skulle komme på jobb
— Jeg kan fint være inne i to uker i strekk for å jobbe