energiomstilling
Får Equinor-pengar for å forske på CO₂-lagring og demokrati
To nyoppretta forskingssenter i Oslo og Trondheim får 25 millionar kroner kvar frå VISTA-programmet.

VISTA-programmet er eit samarbeid mellom
Equinor og Det Norske Videnskaps-Akademi om forskingsfinansiering.
Frå før finst det to såkalla VISTA-senter i Noreg, det eine lokalisert ved NTNU i Trondheim, det andre ved Universitetet i Bergen.
No får NTNU eitt til:
VISTA Center for Norwegian Transformative Energy Policy Development (NOTRAP) ved Psykologisk Institutt i NTNU, leia av Christian A. Klöckner.
Transformativt
Målet er ifølgje pressemeldinga å utvikle «metodikk for å skape innovative, rettferdige og transformative retningslinjer for den norske energiomstillingen, med vurdering av økonomiske, miljømessige og samfunnspolitiske virkninger».
Universitetet i Oslo — og VISTA Centre for CO₂ storage in volcanic-sedimentary systems (VICCO) ved Institutt for geofag, leia av Henrik Svendsen, er det andre senteret som får støtte.
Der skal dei «lete etter muligheter for CO₂-lagring i gigatonn-skala i sedimentære-vulkanske bergarter på den norske kontinentalsokkelen».
Det er første gong at VISTA-programmet set av pengar til samfunnsvitskapeleg forsking.
— Det er viktig å få innsikt i korleis vi kan balansere behov for styring med djup involvering av samfunnsaktørar, og sjå korleis ulike prosessar og aktørar påverkar kvarandre. NOTRAP ved NTNU vil bidra til auka, grunnleggande kunnskap om dynamikken i grenseflata mellom energiomstilling demokrati, seier styreleiar i VISTA, Kenneth Ruud.
15 søknader
Utlysinga i den siste runden for tildelingar gjennom VISTA gjekk ut i januar i 2024. 15 søknader kom inn. To ekspertpanel har plukka ut vinnarane.
— Spesielt gledeleg er det at mange av våre universitetsmiljø har interesse og kompetanse innan breidda av problemstillingar som må adresserast i energiomstillinga samfunnet står overfor, seier Ruud.
VISTA-programmet vart oppretta i 1985 som eit samarbeid mellom Statoil (no Equinor) og Det Norske Videnskaps-Akademi.
Den overordna visjonen var å stimulere til grunnforsking relatert til utnytting og forvalting av norske petroleumsressursar.
Nyeste artikler
Ordfører bekymret for fakultet. — Fremstår som strategisk nedbygging
150 ansatte med opprop mot UiS-rektorens forslag: — En kolossal feil
4350 statsansatte kan bli tatt ut i streik. Vil ramme NTNU, UiO og OsloMet
UHRs dosentveiledning lager et kunstig skille
Håper at regjeringen fjerner studieavgiften
Mest lest
Slår knallhardt tilbake: — Verre enn under den mørkeste middelalderens inkvisisjon
Frykter utpressing: Må utlevere navn på ansatte til alle som spør
Navnet mitt på en artikkel jeg aldri skrev — med data som aldri fantes
NTNU-professor felt for plagiat etter gransking
Publiserte én artikkel i uken. Nå blir professoren gransket