NTNU
Får eksamen annullert etter teknisk feil på NTNU
Dei var nesten klare for innlevering. No må 100 studentar ta eksamen på nytt.

Studentane hadde fire timars eksamen i grunnkurs informasjonsteknologi ved NTNU i Ålesund, Trondheim og Gjøvik, skriv VG.
Det skal ha vore tekniske problem som førte til at nokre studentar fekk tilgang til internett. Dermed måtte eksamen for deira del reknast som ugyldig. Ifølgje VG ramma feilen 530 studentar. 105 av dei fekk eksamen annullert og må ta den på nytt neste år.
Avdelingsdirektør i studieadministrasjonen ved NTNU, Anniken Løe, seier at alle, også dei som fekk fullført, vil få tilbod om å ta eksamen på nytt. Grunnen er at mange vart forstyrra som følgje av komplikasjonane.
Ein ny eksamen skal setjast opp rett over nyttår.
Nyeste artikler
Instituttstyret ønsker å stanse byggeprosjekt til 820 millioner kroner
Solheim Hansen eneste søker ved Nord universitet
Ytre trusler og samfunnets sikkerhet
UiB vil tydeliggjøre seg som internasjonalt breddeuniversitet
Bovim-kommisjonen vil ha milliardsatsing på helseforskning
Mest lest
Medisinstudent krever 380.000 kroner av universitet
Sier opp og tar et kraftig oppgjør: «En giftig fryktkultur gjennomsyrer universitetene»
Vil fjerne «snarvei» for studenter som ønsker å studere medisin
Professoren skyldte på studenter for «slurvefeil». Nå er han felt for vitenskapelig uredelighet
No får ho disputera likevel