Følg styremøtet

Fagforeiningar fryktar fåmannsvelde ved Nord universitet

— Vi blir meir og meir styrt som ei bedrift og ikkje eit universitet, seier hovudtillitsvald i Forskerforbundet ved Nord universitet, Terje Fallmyr.

Forskyving av makt og medverknad frå fagmiljøa til ei topptung leiing har lenge uroa leiar i Forskerforbundet ved Nord universitet, Terje Fallmyr. No fryktar han fagmiljøa skal få endå mindre å seie når prioriteringane til universitetet skal gjerast.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er diskusjonen om inntektsfordelingsmodell ved universitetet som får fagforeiningar ved universitetet til å reagere. Inntektsfordelingsmodellen legg grunnlaget for korleis pengane blir fordelt mellom fakulteta. Saka skal opp i universitetsstyret torsdag.

— Vi er redd modellen, slik dette er lagt fram, kan føre til ei ytterlegare overføring av avgjersler frå fagmiljø til leiing. Svært mykje er knytt opp til strategiske vurderingar, slik saka er lagt fram, seier Terje Fallmyr, hovudtillitsvald i Forskerforbundet.

Det er altså ytterlegare forskyving av makt til dette nivået Forskerforbundet fryktar.

— Frå før er Nord universitet eitt av dei minst demokratiske i landet, legg Fallmyr til, og viser til at verken rektorat eller dekanar er valde av fagmiljø, men er tilsette i sine stillingar.

Også Utdanningsforbundet og Norsk tenestemannslag (NTL) stiller seg bak eit notat som no er sendt styret ved Nord universitet.

«Store mangler»

I notatet viser fagforeiningane til «en potensiell stor overføring av beslutninger fra fagmiljø til leiing, på prinsipielt grunnlag, uten at virkning i fagmiljøene er diskutert. Dette vil kunne føre til store mangler når det gjelder inkludering og medbestemmelse».

— Det blir lagt opp til at leiinga skal ha definisjonsmakta. Vi har ikkje anna val enn å ha tillit til at vi får den medverknaden vi skal ha, men vi fryktar den skal forvitre. Avgjerslene blir flytta frå fagmiljø til leiing. Det blir topptungt, og det blir lite rom for diskusjon og innspel frå fagmiljø, seier hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet, Roger Hanssen.

Fagforeiningane fryktar eit endå meir topptungt Nord universitet. Rektor Hanne Solheim Hansen forstår ikkje bekymringa. Her flankert av prorektorane Levi Gårseth-Nesbakk (til venstre) og .Jan Reid Hole. Heilt til venstre kommunikasjonsrådgivar Bjørnar Leknes.

I saksframlegget om inntektsfordelingsmodellen heiter det at den skal «være et av de viktigste virkemidlene for å nå de strategiske målene», og at arbeidet derfor skal knytast tett opp til ferdigstilling av strategi 2030. Det blir foreslått å justere inntektsfordelingsmodellen på fire område.

Meir pengar til «kjerneområde»

Ein av dei foreslåtte justeringane går ut på å gi såkalla kjerneområde «økonomisk prioritet». Det betyr i praksis at studieprogramma som blir definerte som «kjerneområde» får meir pengar – som skal sikre at «studieprogram som spesielt støtter opp om Nord universitet får en relativt sikker finansiering, mens alle andre studieprogram finansieres kun «på marginen».

Problemet, meiner fagforeiningane, er at det er høgst uklart korleis «kjerneområde» kan bli definert — og kven som skal bestemme dette. I styresaka er det heller ikkje tatt nærare opp korleis ein skal komme fram til dette, peikar Fallmyr på.

— Vi fryktar alvorleg mangel på medverknad. Når dei kollegiale organa og stemmene frå fagmiljø – som er universitetet — forsvinn, då blir vi eit forvaltningsorgan. Vi mister det vesentlegaste ved det å vere universitet, som kan tale makta, og eiga leiing, midt imot. Vi blir meir og meir styrt som ei bedrift, og ikkje eit universitet, seier fagforeiningsleiaren.

Rektor: «Vanlige prosedyrer»

Rektor ved Nord universitet, Hanne Solheim Hansen, svarer at ho ikkje kan forstå at ein revidert inntektsfordelingsmodell gir noko form for endring i demokratiske prosessar. Hansen kommenterer kritikken frå fagforeiningane på e-post til Khrono:

«Dersom styret mener det er fornuftig å lage en økonomisk prioritering for kjerneaktiviteter eller kjernestudier, så kan vi gå videre med neste steg. Neste steg er å utrede dette grundig, da vi ikke vet hvordan det vil være hensiktsmessig å implementere dette i modellen. I utredningsarbeidet vil vi følge våre vanlige prosedyrer for utredningsarbeid, som også inkluderer grundige diskusjoner med IDF».

Powered by Labrador CMS