Faddervakter i Bergen klare til innsats. Både tilsette og studentar patruljerer i byen. Her ser ein mellom anna professor Kjersti Fløttum og førsteamanuensis Kikki Kleiven, begge frå Universitetet i Bergen, med synleg refleksvest. Foto: Faddervaktene i Bergen
Faddervakter i Bergen klare til innsats. Både tilsette og studentar patruljerer i byen. Her ser ein mellom anna professor Kjersti Fløttum og førsteamanuensis Kikki Kleiven, begge frå Universitetet i Bergen, med synleg refleksvest. Foto: Faddervaktene i Bergen

Faddervakter i fleire byar i år

Studiestart. Faddervakter i fleire byar skal patruljera i sentrum ved studiestart. Oslo har faddervaktordning for første gong.

Publisert   Sist oppdatert

August er den månaden i året der flest unge kjem til legevakten i Oslo på grunn av rus, skreiv Khrono i juli. Trond Morten Nejad-Trondsen, som er direktør for Helse og Rådgiving i Studentsamskipnaden i Oslo og Aktershus, peika då på at det er ein klar samanheng mellom talet på ungdommar under 24 som må på legevakten og store studentarrangement.

Neste veke er det studiestart, med mange ungdommar på plass på studiestader over heile landet. I år vert fleire enn tidlegare år passa på av faddervakter. Oslo har faddervakter på plass i sentrum for første gong. Bergen var først ute med faddervaktordning, som rett og slett er ei slags natteramnordning. Tilsette og studentar er synlege i setrum nokre netter den første studieveka. Her er det base der ein kan få vatn og litt mat, og ein kan få svar på spørsmål eller praktisk hjelp.

Målet vårt er at alle skal ha eit godt og trygt møte med det me meiner er verdas beste studentby. Ingen skal gå åleine og ingen skal oppleva press.
Ingrid Handeland
Faddervaktleiar Bergen

Stølen er klar

— Det er vel tjue som har meldt seg no, mellom andre rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, seier Gard Løken Frøvoll, som leiar Velferdstinget i Oslo og Akershus.

— I tillegg skal ein del frå Velferdstinget gå. Men me treng fleire.

Dei kan melda seg på her.

I Oslo er faddervaktene ute helga i fadderveka, og vil ha base i Spikersuppa og på Youngstorget.

— Me ser til dei andre som har hatt faddervakt tidlegare år, og har kasta oss rundt og fått til eit opplegg i løpet av kort tid, seier Frøvoll.

Begynte i Bergen

— Då eg var fersk student og ny i byen var det veldig kjekt at nokon kunne gå saman med meg over Puddefjordsbrua nattestid, seier Ingrid Handeland.

Ho er faddervaktleiar i Sammen, som er studentsamskipnaden på Vestlandet, og skal vera i Bergen sentrum seks netter neste veke. Kvar natt er målet å ha om lag 25 faddervakter på jobb.

Her kan du melda deg på i Bergen.

Ingrid Handeland leiar faddervaktene i Bergen. Foto: Hilde Kristin Strand
Ingrid Handeland leiar faddervaktene i Bergen. Foto: Hilde Kristin Strand

I år har Handeland med seg ein eigen varslingstelefon.

— Mest sannsynleg skjer det ingenting alvorleg. Men me ønskjer å tilby at ein kan ringja ein vaksen, edru person dersom ein opplever noko ubehageleg, eller dersom det er noko ein er usikker på. Så kan eg hjelpa dei som ringjer vidare, seier Handeland.

For nokre år tilbake var det fleire alvorlege hendingar i fadderveka. Dei siste åra har alle som skal vera fadrar gått på kurs – og talet på uønska hendingar har gått ned. Faddervaktleiaren skryt av fadderleiarane.

— Dei er proffe, og har laga ulike program, slik at me unngår at alle dei nye studentane er i sentrum samstundes. Det skal dei ha honnør for, seier Handeland.

Faddervaktene hjelper dei ferske studentane med å finna rett buss, eller ein drosje. Nokre følgjer ein heim, og elles kan ein svara på spørsmål.

— Målet vårt er at alle skal ha eit godt og trygt møte med det me meiner er verdas beste studentby. Ingen skal gå åleine og ingen skal oppleva press, seier Handeland.

Utvidar i sør

«Hadde mamma visst at det var her, hadde ho vorte glad». Det sa ein ung student Gro Hodne Gundersen møtte i fjor. Gundersen er prosjektkoordinator for faddervakta i Agder. Det er sjette året det er faddervakter ute både i Kristiansand og Grimstad i studiestartveka. Tidlegare har dette vore Universitetet i Agder sitt opplegg, men i år er fleire av dei andre utdanningsinstitusjonane i sørlandsbyane med.

— Me har fått inn faddervakter frå alle institusjonane, og byrjar å få godt med vakter no, seier Gundersen til Khrono.

Ho meiner det den unge studenten sa i fjor illustrerer kva faddervaktene skal gjera: Ta vare på studentane, og møta dei med eit smil. På stand kan dei få vatn og i tillegg mat som er til overs hos bakeri i byen.

— Eg trur studentane synest det er trygt at me er der. Me følgjer dei som ønskjer det til buss og taxi. Me som er tilsette står på stand saman med representantar for studentsamskipnaden, og me har òg hatt med studentpresten. Studentane går inn på dei ulike utestadane og sjekkar at alt er greitt, seier Gundersen.

Ho meiner utdanningsinstitusjonane har eit ansvar i studiestartveka.

— Når me lagar til fest og gøy for studentane, må me òg ta ansvar for at dei er trygge, seier ho.

Her kan du melda deg som faddervakt i Agder.

13 netter

Også i Trondheim er det faddervaktordning. Eirin Haugsvær Monsen leiar Faddervaktordninga i byen saman med Martine Lysebo. Det er fadderveke i to veker, og faddervaktene er klare til dyst i heile 13 netter.

— Me manglar framleis nokre vakter, så det er berre å melda seg, oppmodar Monsen.

I trønderhovudstaden har faddervaktene stand to stader i sentrum. Her deler dei ut vatn og brødskiver. I tillegg går vaktene rundar i sentrum for å sjå til at alt er greitt. På stand kan ein i tillegg til mat og drikke få hjelp til å koma seg heim, anten at nokon kan følgja ein, eller at ein kan få informasjon om bussruter.

— Eit typisk spørsmål er at nokon har har mista faddergruppa si, seier Monsen.

NTNU-rektor Gunnar Bovim skal gå faddervakt. Det same skal studentar og tilsette frå både NTNU, Dronning Mauds Minde Høyskole, Studentsamskipnaden i Trondheim og Trondheim kommune.