Debatt olav kristian gunnarson dovland

Er kvalitetssikringa av eksamens-oppgåvene god nok?

Finst det fag der det er to strek under svaret?

Før vi går laus på rotinga til studentane, må vi sørge for å ha rydda i eige hus!, skriv professor Olav Kristian Gunnarson Dovland.
Før vi går laus på rotinga til studentane, må vi sørge for å ha rydda i eige hus!, skriv professor Olav Kristian Gunnarson Dovland.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Professor Kristin Bech har eit innlegg i Khrono 10. februar der ho mildt sagt problematiserer ordninga med retten til å be om grunngjeving og å klage. Eg er professor i matematikk, og har mange gonger vore innom same tankar. Eg veit ikkje kor mange gonger eg har vore klagesensor der kandidaten ikkje er i nærleiken av å bestå, til dømes. Men så vil eg gjerne kome med nokre spørsmål ein og må stille seg:

  1. Er kvalitetssikringa ved eksamensoppgåvene god nok frå universitetet si side
  2. Er det slik at om ein har stroke, så har ein ikkje føresetnader for å lese ei grunngjeving?
  3. Finst det fag der det er to strekar under svaret?

Lat meg starte med det siste. I eit kvart fag vil det vere resonnementet, argumentasjonen, som ligg til grunn for vurderinga, ikkje sluttsvaret. Håper eg då! I matematikk er det i alle fall slik, og har alltid vore slik.

Så til det om å ha føresetnader for å vurdere grunngjeving. Om ein tenker at det ikkje mangla så mykje på å bestå, så er det då veldig naturleg å spørje om kva det som manglar, kor ein bør fokusere for å kunne kome opp på eit nivå slik at ein kan få bestått eksamen, er det ikkje?

Det fyrste spørsmålet er fundamentalt. Kristin Bech opplyser at på eit kurs var det 60 prosent stryk. Ein må kunne replisere med følgande undringar:

a) Har undervisninga og det studentane tenker er viktig bygd opp om det dei skal svare på til eksamen?

b) Om ein no såg på denne eksamenen som ei statistisk undersøking, støttar då data mest påstanden «studentane er elendige» eller «eksamenen/vurderinga var urimeleg»?

Og endå viktigare:

c) Var eksamensoppgåva og sensor-rettleiinga nøye kontrollert av ein kompetent kollega, der det blei sikra at oppgåvene i stor grad samsvarar med signala studentane har fått gjennom undervisninga og der det blei sikra at oppgåvene var velformulerte?

d) Var det gjort klart kor mykje kvar av oppgåvene på eksamen tel?

På ein eksamen for fyrsteårsstudentar i matematikk for GLU 5-10 eg kom til å sjå på var det ikkje opplyst kor mykje kvart punkt skulle telje endå det var stor forskjell på arbeidsmengda frå punkt til punkt. Oppgåvesettet mangla også språkvask, det høyrer ingenstad heime for eit universitet! Endå verre var det at i eitt av punkta skulle studentane grunngi ein påstand som ikkje er sann (eit komma i spørsmålet stod på gal plass). For å toppe det heile var sensor-rettleiinga, som ligg til grunn for vurderinga, heilt tullete på eitt av punkta (argumentet var riv ruskande galt).

Ein av studentane viste eksamensoppgåva og svaret sitt til meg. Eg oppmoda studenten til å be om grunngjeving. I denne blei det klart at på to av punkta hadde ikkje faglærar forstått at studenten har rett svar (argumenta var ikkje dei same som i sensor-rettleiinga, men riktige) og faglærar hadde enno ikkje oppdaga feilen i oppgåvesettet og i rettleiinga.

Eg har sjølv ein student i hus som tok eksamen i nettopp engelsk i haust. For meg verka det som om undervisning og eksamen var to temmeleg disjunkte delar. Vurderinga var ei mappe, som telte om lag halvparten, og ein grammatikkeksamen. På denne var strykgrensa sett til 60 prosent oppnådd score. På spørsmål om kvifor 60 prosent, var svaret om ein ville ha lærarar som svarar rett i mindre enn 60 prosent av spørsmåla dei får. Noko så flåsete! Det er ikkje noko gale med å sette strykgrensa til 60 prosent, men då må studentane vite frå starten av at dette er det dei har å greie. 18 av 29 studentar greidde ikkje 60 prosent. Er det då sikkert at eksamenen og vurderinga var rimeleg, og at resultatet berre var dei dårlege studentane si skuld?

Det er utan tvil mange studentar som ber om grunngjeving, og klagar, nærast av prinsipp. Slikt stel tid og ressursar og irriterer meg og voldsomt. Men før vi går laus på rotinga til studentane, må vi sørge for å ha rydda i eige hus!

Powered by Labrador CMS