— Eksamen er ikkje å gulpe opp, men ein sjanse til å bruke kunnskapen og vise at ein forstår og kan sjå samanhengar, seier sosiolog Arve Hjelseth. Foto: Høyskolen Kristiania

Kritisk til karakterkutt: — Å studere er ikkje det same som å gå på skule

Karakterar. Dei som verkeleg jobbar for det fortener å få betalt for det i form av gode karakterar, meiner førsteamanuensis ved NTNU, Arve Hjelseth. Han er kritisk til å kutte ut karakterar til studentane slik fleire foreslår.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Den viktigaste jobben for dei som underviser i dei klassiske fagdisiplinane er å formidle at studiesituasjonen er annleis enn skulesituasjonen. Å studere er ikkje det same som å gå på skule, seier Arve Hjelseth, sosiolog og førsteamanuensis ved NTNU.

Som hovudregel er det stor forskjell på A og D, dei bør ikkje stille likt.

Arve Hjelseth

Han er kritisk til stemmene som i Khrono og På Høyden har tatt til orde for å fjerne eller endre karaktersystemet ved universiteta. Dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB), Helge K. Dahle, har tatt til orde for å sjå på andre vurderings- og evalueringsformer. Bakgrunnen er uro for at karakterar verkar hemmande snarare enn stimulerande for læring.

Dahle fekk støtte av den meritterte undervisaren og professoren ved UiB, Christian Jørgensen, som viser til at djuplæring ikkje blir stimulert av karakterar.

Prorektor vil skrote karakterar

På studia i jus og rettsvitskap i Oslo, Bergen og Tromsø er nye eksamens- og evalueringsformer under utprøving.

Også prorektor ved NMBU, Solve Sæbø har tidlegare tatt til orde for å skrote dagens karaktersystem. Han ønsker å gå over til vurderingar med godkjent/ikkje godkjent. Det vil frigjere energi til å fokusere meir på læring, sa han i eit intervju med Khrono.

I debatten som fulgte meldte tidligere statssekretær Bjørn Haugstad (H) seg på og kalte innlegget til Sæbø «underlig ureflektert».

«Dersom NMBU lager eksamener som oppmuntrer til pugg de siste dagene, så foreslår jeg at man lærer seg å lage gode eksamener fremfor å skylde på karaktersystemet. Det et faktisk ingen heksekunst å lage eksamen som tester forståelse snarere enn pugg», skrev Haugstad på facebook.

— Mindre modning

— Det er bra med tett oppfølging. Men for tett oppfølging med oppgåver frå veke til veke gjer det vanskeleg å komme ut av oppfatninga av universitetet som skule. Mi erfaring er at det gir mindre modning, seier Hjelseth.

Han peikar på at det er viktig å halde på regelmessige eksterne vurderingar.

— Eg har vanskeleg for å sjå korleis dette skal skje på andre måtar enn med eksamen og karaktersetting. Som hovudregel er det stor forskjell på A og D, dei bør ikkje stille likt. At dei som verkeleg jobbar for det ikkje skal lønast i form av ein god karakter, trur eg ikkje fører noko godt med seg, seier Hjelseth.

Problem for halvparten

Karakterpress har vore eit særleg uttalt problem ved dei juridiske fakulteta. I fjor gjekk fakulteta i Oslo, Bergen og Tromsø saman om å jobbe for redusert eksamenspress og finne nye eksamens- og vuderingsformer.

Det juridiske fakultetet ved Universitet i Bergen har nyleg vedtatt ny studieordning som legg opp til meir varierte prøvingsformer.

— Eg er sikker på at vi om nokre år vil ha ein langt meir samansett kultur med meir varierte evalueringsformer ved alle tre fakulteta i Noreg, uttalte dekan ved Juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo, Dag Michalsen.

I ei spørjeundersøking som Juridisk studentutval ved UiB utførte i 2017 sa over halvparten av dei 562 studentane som svarte at karakterpress var heilt eller delvis eit problem for eigne faglege prestasjonar.

— Ikkje dummare enn før

Arve Hjelseth seier han oppfattar studentane i dag som svært karakterorienterte, truleg meir enn før.

— Studentane er ikkje dummare enn før. Men masseuniversitetet har ført til større sprik. Det er noko vi må ta omsyn til. Ikkje absolutt alle emne treng eksamen og nokre eksamenar kan passe til bestått/ikkje bestått. Vi skal ikkje gå på autopilot i måten vi tenker eksamen på, seier sosiologen.

Men i hovudsak er han imot å kutte ut eksamen og karakterar.

— Eg prøver dagleg å formidle til studentane at eksamen ikkje er å gulpe opp, men ein sjanse til å bruke kunnskapen og vise at ein forstår og kan sjå samanhengar, seier Hjelseth.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS