ny virusvariant

Eksamen går som normalt, unntatt her

Universitetet i Sørøst-Norge og Handelshøyskolen BI har bestemt at alle skuleeksamenar blir gjort om til heimeeksamen, som følgje av dei nye retningslinjene for å unngå spreiing av omikron-varianten.

Universitetet i Sørøst-Norge sin campus Bø.
Publisert Oppdatert

Saken er oppdatert

Alle universiteta og høgskulane Khrono har vore i kontakt med på Vest- og Austlandet vil gå vidare med eksamenar som planlagt.

Men Universitetet i Sørøst-Norge (USN) går motsett veg, sjølv om berre ein av universitetet sine åtte campusar ligg i kommuner som no er råka av regjeringa sine nye regionale tiltak. Det er snakk om campus Kongsberg.

«Alle planlagte skriftlege skuleeksamenar blir gjennomførte som digitale heimeeksamenar», står det no på heimesidene til USN.

— Skulle vi legge om, så var dette tidspunktet. Det er ei heil rekke forhold som gjer at eg, i samråd med min beredskapsorganisasjon har landa på dette, seier rektor Petter Aasen til Khrono.

Laurdag melde også Handelshøyskolen BI at dei ville gjere om alle skuleeksamenar til heimeeksamenar. «Med bakgrunn i økende smitte, samt usikkerhet og skjerpede karantenebestemmelser knyttet til den nye omikron-varianten, har BI besluttet å omgjøre alle skoleeksamener til digitale hjemmeeksamener fra tirsdag 7.12 og ut eksamensperioden,» skriv dei på nettsida si.

— Det nærmar seg jo jul, så om ein skulle vere så uheldig å vere nærkontakt, så kan det jo for nokre studentar bety at heimreisa står i fare, seier Aasen og fortel at dette er blant grunnane til at dei vel å gjere om alle eksamenar til heimeeksamnar.

— Det nærmar seg jo jul

Som Aasen seier, så har dei erfaring med at det først går verre, før det går betre. Så trass i at det berre er Kongsberg campus som direkte er råka av dei nye tiltaka, så tenker han at talet kommuner dette vil gjelde fort kan endre seg.

I tillegg har USN mykje innpendling til sine campusar frå kommuner som er hardt råka, deriblant Oslo.

— Så har vi også i løpet av dei siste dagane registrert eit aukande smittetrykk på mange av våre campusar, så det la vi også inn i potten her, seier Aasen. Han legg til:

— Så er det jo også slik at dersom studentar eller eksamensvakter er smitta med den nye omikron-varianten under eksamen, så blir nærkontakter sette 7 dagar i karantene. Det nærmar seg jo jul, så om ein skulle vere så uheldig å vere nærkontakt, så kan det jo for nokre studentar bety at heimreisa står i fare.

Aasen seier dei også gjer dette no for å gjere det føreseieleg for studentar og tilsette.

— Eg er klar over at dette blir meirarbeid for våre tilsette og emneansvarlege. Men dei har tidlegare fått beskjed om å ha klar plan B for å kunne legge om på kort tid. Gitt at dei har det, så vil dette gå bra, seier rektor Aasen.

Han informerer likevel om at det i nokre tilfelle kan bli aktuelt med skuleeksamen likevel, men at dei då må kome tilbake til korleis dei skal handtere det.

Og ikkje nok med det, all campusundervisning blir også gjort om til digital undervisning ved USN.

Studentparlamentet ber OsloMet avlyse

No går også Studentparlamentet ved OsloMet ut og ber storbyuniversitetet følgje i USN sine fotspor.

— Usikkerheita rundt omikron-varianten gjer at vi ikkje lenger kan akseptere at våre studentar må møte til fysisk eksamen. Vi har difor oppmoda OsloMet til å endre på eksamensformen, seier leiar for Studentparlamentet, Rolf Martin Aspenes, til VG.

Tidlegare fredag kunne avisa fortelje at eksamenane går som planlagt ved OsloMet.

Men Norges miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) som har campus i Ås vil vurdere eksamensplanane sine på nytt.

— Vi ser på moglegheita for å redusere talet eksamenar som må gjennomførast på campus, seier direktør Lars Atle Holm til VG.

Eksamen som normalt i vest

Assisterande universitetsdirektør ,Tore Tungodden, leier koronaberedskapen ved UiB.

Fredag kan det kome nye regionale tiltak i Bergen og kommunane rundt — dei same tiltaka som vart innførde i Oslo og fleire kommuner i Viken og Innlandet torsdag.

Det vil bety heimekontor for tilsette som har eit arbeid dei kan gjere heimefrå, som frå fredag er ei nasjonal tilråding, og det vil kunne bety ei maksgrense på hundre personar for private og 600 for offentlege arrangement. I tillegg kjem tilrådingar om munnbindbruk og avstand, og å halde talet på nærkontaktar nede.

Assisterande universitetsdirektør og leier koronaberedskapen ved Universitetet i Bergen (UiB), Tore Tungodden, fortel at dei siste retningslinjene får minst å seie for studentar:

Eksamen går som normalt, i motsetnad til ved USN, men med både handsprit og munnbind tilgjengeleg i lokalet. Det som er att av fysisk undervisning vil òg gå som normalt, men UiB tilrår at ein held avstand til kvarandre.

— Vi gjer som vi har gjort heile pandemien; følgjer nasjonale og lokale råd. Det betyr at vi ikkje vil krevje munnbind på campus, men tilrår det der det er vanskeleg å halde avstand, seier Tungodden.

Ved Høgskulen på Vestlandet skal også både undervisning, praksis, dugleikstrening og eksamen gå som planlagt, får Khrono opplyst.

Tillater egenmelding

Det same er meldingane frå universiteta og høgskulane på Austlandet.

Både Universitetet i Oslo (UiO) og Høgskulen i Østfold opplyser at eksamen går som planlagt, då dei allereie har planlagt eksamen med smitteverntiltak.

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen har no også bestemt å mellombels tillate eigenmelding ved fråver frå eksamen med fysisk oppmøte.

— For eksamenar som krev fysisk oppmøte ved UiO vil det ikkje vere naudsynt å legge ved dokumentasjon på fråveret, skriv universitetsdirektøren i ein e-post.

Det er ikkje UiO aleine om. Også OsloMet har innført eigenmelding ved fråver på eksamen, skriv VG.

— Skjerme studentane så godt vi kan

Informasjonssjef ved Høgskulen i Østfold, Tore Petter Engen, hadde nettopp kome ut av møte med kriseleiinga då Khrono ringte:

— Det første vi var samde om var at vi måtte skjerme studentane så godt vi kan. Studentane har vore gjennom så mykje gjennom pandemien, så det er viktig at dei no får ei trygg og fin eksamenstid, seier Engen.

Han er oppteken av å formidle at det skal vere trygt for studentane å møte opp til eksamen.

— Så er dei sjuke eller mistenker smitte, så skal dei halde seg heime. Vi kjem til å setje opp konteeksamenar på nyåret, så det ikkje skal gå utover dei som må halde seg heime på grunn av sjukdom, seier Engen.

Engen fortel at høgskulen køyrer dei same reglane ved begge studiestadane i Halden og Fredrikstad, trass i at det berre er Halden kommune som er råka av dei regionale retningslinjene til regjeringa.

Rykteflom på Jodel

Trass i at institusjonane, blant anna Høgskulen i Østfold, vil gjere det klart at det skal vere trygt å gå på eksamen, så går det rykter kring eksamen på ulike nettforum som Jodel.

Der skriv mange anonyme brukarar at dei vil møte opp på eksamen uansett om dei har symptom eller ei, i frykt for utsette studium og fleire eksamenar, skriv VG.

Det har gjort fleire urolege, ifølgje avisa.

Det har prorektor Silje Bringsrud Fekjær ved OsloMet fått med seg.

— Det er viktig at studentane forheld seg til OsloMet sine offisielle informasjonskanalar, og ikkje baserer seg på informasjon eller rykte dei finn i kanalar som Jodel, seier Fekjær til VG.

Også ved OsloMet vil eksamenane altså gå som planlagt, men som nemnt, er det også der innført eigenmelding ved fråver.

Fleire avlyser julebord

For tilsette får dei nye reglane større konsekvensar, både i aust og vest.

Ved Universitetet i Bergen avlyser dei julebordet for administrasjonen fredag og den årlege julekaffien leiinga inviterer til.

Universitetet i Agder droppar også felles julelunsjar for fleire hundre ansatte i Kristiansand og Grimstad.

Men der, som ved Universitetet i Oslo, Høgskulen i Østfold og OsloMet vil det vere enkelte avdelingane og einingane om dei skal arrangere julebord eller ei innanfor smittevernreglane.

Høgskulen på Vestlandet har bestemt at julebordet for dei tilsette i Bergen som skulle vere fredag for blir avlyst. Det skriv organisasjonsdirektør Tage Båtsvik ein SMS til Khrono.

Julebordet for dei tilsette på høgskulen sin campus i Haugesund går som planlagt. Det gjer også julebordet for tilsette på Stord.

Tilsette i Sogndal og Førde skal etter planen ha julebord først på nyåret.

Heimekontor-rullering

Tilrådinga er no heimekontor for dei som kan. Det vil alle institusjonane følgje.

UiB-direktør Tungodden fortel at det der truleg vil verte ei rullering, med færre på kontora til ei kvar tid.

Det same legg Universitetet i Oslo, Høgskulen i Østfold og OsloMet opp til. At det er næraste leiar som saman med dei tilsette skal vurdere bruk av heimekontor.

Powered by Labrador CMS