Debatt ● Oddmund Løkensgard Hoel
Ei styrking av norsk fagspråk er, tru det eller ei, ikkje dødsstøyten for internasjonaliseringa
Det finnes ikkje belegg for dei stadig friskare dommedagsprofetiane. Internasjonaliseringa er ikkje avlyst, skriv statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Kor langt tilbake i tid vil regjeringas plan for norsk fagspråk setje akademia? Boda haglar – vil me hamne tilbake på det mørke 1990-talet eller nokre langt verre? Professor Svenn-Erik Mamelund er førebels i leiinga med ein frisk dommedagsprofeti: ved å ta grep for å sikre norsk fagspråk skrur me kvaliteten på norsk forsking femti år tilbake i tid, hevdar han.
Mamelund underbyggjer sin dystre spådom med stråmannargumentasjon og påstandar utanfor alle proporsjonar. At Mamelund greier å lese fagspråkplanen som den endelege dødsstøyten for internasjonalisering av forsking er krevjande å ta seriøst. «Uten internasjonalisering vil forskningen på mitt fagfelt falt i kvalitet» skriv Mamelund, som om det no skal bli slutt på internasjonaliseringa. Fagspråkplanen seier det motsette: At mykje norsk forsking i dag blir publisert på engelsk, er ikkje i seg sjølv eit problem. Det blir understreka både her og i langtidsplanen at internasjonalisering er ønskjeleg og at EU-programma er særs viktige; det blir lagt til grunn at forskarar også framover hovudsakleg vil og bør publisere på engelsk. Difor er det få tiltak i fagspråkplanen som rettar seg mot vitskapleg publisering og reine forskingsmiljø. Tiltaka for vitskapleg publisering på norsk avgrensar seg til å styrkje tidsskriftstøtta slik at dei som ønskjer å publisere på norsk, faktisk skal ha tidsskrift å gjere det i. Det er vel dette Mamelund kallar å «øke vektlegging av norskspråklige tidsskrifter» som noko negativt, som om det er eit åtak på internasjonaliseringa at det i det heile skal vere mogleg å publisere på norsk på somme fagfelt (primært humsam).
Forskingsstillingar er i all hovudsak også unnateke for krava til norskopplæring. For faste stillingar gjeld norskkravet berre stillingar med undervisningsoppgåver. For mellombels stillingar er det ikkje framlegg om språkkrav sjølv om dei har undervisningsoppgåver. For stipendiatar og post.doc-ar er det framlegg om norskopplæring tilsvarande 15 studiepoeng i løpet av dei tre-fire åra dei er tilsette. Det er ikkje et grep for å plaga dei eller institusjonane, slik ein del ser ut til å tro, men for at dei skal kunne stå sterkare i tevlinga om stillingar i Noreg etterpå. Mamelund gjer eit poeng av kor mykje dette utgjer av eittårige post.doc-ar, men det er ikkje noko som finst i det statlege stillingsregelverket. I den nye UH-lova gjer regjeringa framlegg om at post.doc-stillingar skal vere på minst tre år, ikkje to som i dag. Vårt utgangspunkt er at det er i stipendiatane og post.doc-ane si interesse å lære seg norsk, noko Mamelund også stadfester ved å seie at alle har delteke frivillig på kortare norskkurs. Våre tiltak vil få norskopplæringa meir i system og gjere det tydelegare at institusjonane skal tilby kurs, noko fleire institusjonar også gjer på ein framifrå måte i dag. Både stipendiat- og postdoktorstillingar kallas for rekrutteringsstillingar. Når me brukar store ressursar på å hente dyktige fagpersonar frå heile verda til slike stillingar i Noreg, bør det vere eit klart mål at me skal kunne rekruttere dei til faste stillingar her til lands. Då vil norskkunnskapar vere eit krav.
Vidare gjer Mamelund eit nummer av at alle møte, akademisk daglegliv og sosiale samankomstar er på engelsk. Det må de då for all del berre halde fram med. Fagspråkplanen legg elles vekt på at forskingsmiljøa må drive med formidling og terminologiutvikling på norsk, og her har Mamelund og senteret hans svært gode merittar å vise til frå pandemien.
Kort sagt: Det finnes ikkje belegg for dei stadig friskare dommedagsprofetiane. Internasjonaliseringa er ikkje avlyst. Den sterke tilbakegangen for norsk fagspråk dei siste tiåra gjorde no at det var heilt naudsynt å ta sterkare grep, og det same skjer i fleire andre europeiske land. Fagspråkplanen peikar såleis fram mot 2030-åra. Han legg vekta på undervisning, formidling og terminologiutvikling, og det er ikkje store krav som blir stilte til dei reine forskingsmiljøa. Å tilby internasjonalt tilsette i kvalifiseringsstillingar noko norskopplæring bør vere eit minimum.