Rektor ved Norges teknisk-naturvitskapelege universitet, Anne Borg. Foto: Leikny Havik Skjærseth

Ei Borg med stoisk ro

Kven er kvinna med det store hjartet for NTNU? Og korleis vil den første kvinnelege rektoren styre Noregs største universitet? Khrono har leita etter svar hjå hovudpersonen sjølv.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Trondheim (Khrono): Musikkglad. Spesielt klassisk og jazz. Klarinett- og pianospelande. Einebarn. Fysikar. Snaustrinda Spelemannslag. Synkrotronlys. Skiturar. Villbringebær. Lyttande. Sjølvstendig.

Alle desse orda betyr noko for og er med på å beskrive Trondheims-rektoren frå Hønefoss, Anne Borg.

Fakta

Om Anne Borg

Født: 27 september 1958 (61 år)

Frå: Hønefoss

Stilling: Nyleg tilsett rektor ved NTNU

Sivilstatus: Gift med Tor Åsmund Evjen. Har to søner

Utdanning: Dr. ing. i fysikk frå NTH

Karriere: Dr. ing. ved NTH (1984-1988), postdok ved Stanford University (1988-1989), forsker ved NTH (1989-1990), forsker ved SINTEF (1991-1993), førsteamanuensis i fysikk ved NTH (1993-1998), professor i fysikk ved NTNU (1998-). Prodekan for utdanning, Fakultet for naturvitskap og teknologi (2005-2013). Dekan, Fakultet for naturvitskap og teknologi (2013-2017). Prorektor for utdanning (2017-2019). Konstituert rektor frå august til desember 2019

Det siste ordet er hennar mann, seksjonsleiar ved St. Olavs Hospital Tor Åsmund Evjen, si beskriving av kona, fortel ho. Og når ho reflekterer kring det, så ligg mykje av dette i hennar doktorand-rettleiar Ola Hunderi sine hender.

— Då NTNU utvikla dette mentorprogrammet for kvinner, tenkte eg aldri at eg ville melde meg på det. Etter å ha tenkt over det, innsåg eg at det måtte vere fordi eg hadde ein så god rettleiar i Ola. Han var mykje oppteken, og difor skapte han sjølvstende i meg, seier Borg.

Notatar

Vi møter den framleis relativt ferske, nytilsette rektoren i eit møterom, i det som elles er eit rektorat som sit i opent landsskap, i Hovudbygget på Gløshaugen. Ho har med seg ei notatblokk som ho tidvis gløttar inni og ein ser at ho har fleire sider med tekst som ho vil formidle. Spesielt to ord har rissa seg fast som særs viktige.

Men det får vi kome attende til. Målet mitt er jo å bli kjend med Anne Borg og hennar drivkraft. Kvifor ho har «valt vekk» faget sitt, der ho er leiande i sitt felt i Noreg, til fordel for ei leiarstilling. Og det, lausrive frå talepunkt og det som kanskje er det mest «korrekte» å seie.

— Eg sa det også då eg byrja som konstituert rektor: Eg har eit stort hjarte for NTNU. Dette universitetet har eit viktig samfunnsoppdrag og det er ein flott institusjon eg vil bidra til å vidareutvikle. Det er eit privilegium å få vere rektor her, seier Borg og eg forstår med eitt at det ikkje vil bli så enkelt å rive ho laus frå notatane.

— Men samfunnsoppdraget kunne ein jo ha bidrege til like mykje som forskar, så eg forstår framleis ikkje heilt kvifor og kvar drivkrafta di til å stå i rektorjobben kjem frå?

Nei, det er viktig å seie at dei som verkeleg vidareutviklar NTNU er kvar og ein tilsett, og det dei gjer kvar einaste dag. Rektor får ikkje gjort noko på eiga hand. Eg fekk denne moglegheita, og tok den. Hadde nokon spurt meg for 10 år sidan om eg kunne tenke meg å bli rektor, ville eg sagt at det er ei for stor oppgåve. Men ein utviklar seg over tid og no har eg teke på meg denne oppgåva, seier Borg.

Rektor Anne Borg kom godt førebudd til intervjuet. Tidvis gløtta ho på dei mange sidene med notatar ho hadde skrive ned. Foto: Leikny Havik Skjærseth

Opprykk

Anne Borg har kjent Noregs tekniske høgskule (NTH) og deretter NTNU i 43 år. Som student, stipendiat, forskar, undervisar, prodekan, dekan, prorektor og no rektor.

I 1977 kom ho flyttande for å starte på sivilingeniørutdanninga i teknisk fysikk. Eit fag ho verkeleg fekk augene opp for gjennom sin dyktige og inspirerande fysikklærar på gymnaset i Hønefoss. Ho heldt fram, og tok seinare ei doktorgrad. Berre med nokre små, korte opphald har ho vore utanfor NTNU-systemet på dei 43 åra som har gått.

Først hadde ho ulike forskarstillingar. Så byrja ho å rykke oppover i gradene. Først som prodekan for utdanning, deretter dekan, før ho i 2017 vart prorektor for utdanning. Ho fungerte også som avløysar for dåverande rektor Gunnar Bovim. I august 2019 vart ho konstituert rektor, etter at Bovim valde kjærleiken framfor toppleiarstillinga.

Hønefossingen har jo på mange måtar vakse opp i NTNU, og kjenner universitetet inn og ut. Fleire Khrono har prata med fortel at Borg er godt likt på innsida.

— Eg kjenner NTNU rimeleg godt, og tenkte at dette kan eg gjere. Det er sjølvsagt mange andre gode kandidatar som også kunne gjort jobben. Men eg fekk ei utruleg god mottaking. Hadde det vore sterk motstand hadde eg aldri søkt på den faste stillinga, seier Borg.

Dekan

Men å rykke opp til rektor var ikkje det mest avgjerande opprykket for Borg. Det var det å bli dekan som var det største vegskilet.

— Då eg vart dekan var det eit stort sprang. Då valde eg å ikkje ta fleire eigne stipendiatar, det var eit bevisst val og eg tok med det eit steg vekk frå faget. Eg ønskte ikkje å konkurrere med mine andre kollegaer om stipendiatane. Det var ein overgang og det tenker eg er bra. Eg ønskte også gjere andre ting. Men då eg først vart dekan, så vart det etterkvart ikkje så fjernt å tenke seg at ein kunne verte rektor også, seier Borg.

Men ho har ikkje sleppt heilt taket i faget sitt likevel. Den siste fagfellevurderte artikkelen fekk ho publisert i 2018. I tillegg er ho leiar for ein vitskapeleg rådgjevande komité for forskarlaboratoriet Max IV i Sverige. Det var mellom anna dette engasjementet som gjorde at ho vart smykka med eit æresdoktorat ved Lunds universitet i 2018.

— Det gjer at eg held litt fast ved faget mitt. For eg saknar jo å jobbe på laben med studentar og stipendiatar, innrømmer rektoren.

Men det er også nettopp denne forskarbakgrunnen som er så viktig i virket som rektor, opplever Anne Borg.

— Eg har følgt med, og det er ein så viktig del av det å forstå universitetet, seier Borg.

Kvinne

I denne samanhengen er det litt spesielt at ho er kvinne. For Anne Borg er den første kvinnelege rektoren på Noregs største universitet, NTNU. Men Borg er rask på å presisere at Eva Sivertsen var rektor ved det som den gongen heitte Den allmennvitskapelege høgskule (AVH), ein høgskule som seinare var med i fusjonen som danna NTNU i 1996.

Men på 24 år har ikkje NTNU hatt kvinneleg rektor.

— Uavhengig av kven som er rektor, så var det på tide at NTNU fekk ein kvinneleg rektor. Men likevel skal det seiast, frå gamle NTH, som eg kjem frå, har det ikkje vore så veldig mange kvinner opp gjennom. Eg vart kvinne nummer to som vart tilsett i ei vitskapeleg stilling i fysikk, seier Borg. Ho legg til:

— Likevel: eg satsar på at eg slett ikkje blir den siste kvinnelege rektoren ved NTNU.

— Korleis har du opplevd å vere kvinne i akademia?

Anne Borg har ikkje opplevd det som krevjande å vere kvinne i akademia. Foto: Leikny Havik Skjærseth

Universitetet er ikkje berre ein kultur, det er skilnader, men slik eg har opplevd det har det ikkje vore vanskeleg. Eg har hatt tillit, og folk har hatt tru på meg i dei ulike rollene eg har hatt. Eg har ikkje opplevd det som krevjande å vere kvinne, svarer Borg.

Meitner

Eg tenker at ho må ha nokre førebilete som ho har sett opp til, både då ho arbeidde som forskar, men også seinare i dei ulike leiarstillingane ho har hatt. Men Anne Borg har ikkje det, fortel ho. I staden er det nokre forskarhistorier som har sett sine spor i hennar virke.

Det er historia til Lise Meitner. Den austerriksk-svenske kjernefysikaren, som saman med kjemikeren Otto Hahn, gjorde grunnleggande oppdagingar innan radioaktivitet før andre verdskrigen i eit laboratorium i Berlin.

Med nazistane sitt inntog, måtte jødiske Meitner flykte i 1938.

— Hahn fekk etter andre verdskrigen nobelprisen i kjemi, Meitner gjorde det ikkje. Dette er ei fascinerande historie, men ho er også trist. Meitner fekk heider, men aldri nobelprisen, seier Borg.

Gjennomføre

Gjennomføre. Det er kanskje ordet som best skildrar det Anne Borg vil bruke rektorperioden sin på, når eg spør kva ho ser på som si viktigaste oppgåve som rektor.

Ho nemner fusjonen med høgskulane i Sør-Trøndelag, Ålesund og Gjøvik i 2016, som gjorde NTNU til landets største universitet, med heile 41 971 studentar, 7 401 årsverk og 9,4 milliardar i budsjett, ifølgje Adresseavisa.

— Vi har enno ein del igjen å gjere for at alt skal vere på plass. På toppen av det heile har vi hatt ei ABE-reform (avbyråkratisering- og effektiviseringsreform, journ. anm.) som er tung for alle, og som har kome samstundes som fusjonsarbeidet. Vi har fått til mykje, men enno har vi ting å jobbe med.

Difor er det viktig for Anne Borg å, som ho seier sjølv, ta ned nokre ballar som heng i lufta, som ho sa til Universitetsavisa like etter ho kunne fjerne «konstituert» frå tittelen sin.

— For meg er det viktig å få gjennomført ein del ting. Det skal ikkje vere noko kvileskjer, men vi må ha fokus på å gjennomføre dei tinga som vi har planlagt, seier Borg.

For ho er det svært viktig korleis NTNU utdannar kandidatar som skal tene nasjonen. Difor nemner ho at det skal skje mykje på utdanningsområdet.

— Vi må rigge oss for framtida, og vi ser at mange av dei problema verda står over for krev tverrfagleg samarbeid. Difor skal vi sjå på studieprogramma, både teknologifaga og dei humanistiske og samfunnsvitskapelege faga. Kva betyr det at alle desse faga held til ved NTNU? Vi må sjå dei i samanheng, og bidra til å nå FN sine berekraftsmål, seier Borg.

To ord

Og her kjem dei to orda som Anne Borg hadde skrive opp i notatblokka si som noko ho berre måtte nemne. «Berekraft» og «kvalitet».

— Vi må jobbe med primærverksemda, og vi skal ha kvalitet i alt vi gjer. Om det er utdanning, forsking, innovasjon eller formidling. Kvalitet i administrasjonen. Vi skal ha ein kultur der det skal vere heilt gjengs å utvikle seg, seier Borg.

Og så kjem berekraft. Eit emne ho snakkar om med stor iver og engasjement.

— Det tiåret vi no har starta på, er eit heilt essensielt tiår med tanke på berekraft. Klima bankar på døra, men det er heile 17 berekraftsmål. Vi kan ikkje sjå klimautfordringa isolert frå dei andre. Vi må ha ein større systemtankegang. Ungdommane forventar at berekraft er syneleg i utdanningane, og vårt ansvar er å utdanne dei som skal leve og vidareutvikle verda til å vere berekraftig, seier Borg.

Rektoren forstår godt kor samansett dette er. Kanskje er det det som gjer at ho også ville ha jobben med å leie det komplekse universitetet som NTNU no har blitt, med både profesjonsfag, tekniske, humanistiske og samfunnsvitskapelege fag.

Anne Borg har tru på at NTNU sine plasseringar på internasjonale rangeringar vil betre seg over tid. Foto: Leikny Havik Skjærseth

Rangering

Anne Borg har valt sine område. Ho vil lytte, samarbeide godt med dei tillitsvalde og vere oppteken av studentane. Anne er Anne, og Gunnar er Gunnar, seier ho når ho får spørsmålet om ein vil sjå nokon skilnad no når ho har teke over stafettpinnen.

— Eg har aldri vore så langt unna grasrota som no, så eg skal rundt til institutta for å høyre kva dei har å seie. Folk skal vere mine kritiske vener. Det har eg oppmoda om, seier Borg.

Gunnar Bovim vart ofte omtalt som ein «utanriksminister». Han hadde mange ballar i lufta, mange verv og var utetterretta. Anne Borg meiner ein ikkje kan vere anten innanriks- eller utanriksminister i jobben som rektor ved Noregs største universitet.

— Realitetane i dag er at ein ikkje kan vere det eine eller det andre. Ein må sjølvsagt vere til stades også på eksterne areaner. Men ein må klare å balansere det. Ein rektor har også berre 24 timar i døgnet, seier ho med eit smil.

Borg har teke over styringa av eit universitet som tronar suverent på topp i dei eksterne omdømmemålingane dei er med på nasjonalt. Men på internasjonale rangeringar har dei falle som ein stein dei siste åra. På Times Higher Educations (THE) internasjonale rangering i fjor vart NTNU plassert blant dei 401-500 beste. Det kan vere så mykje som 250 plassar ned på to år.

Men det tek rektoren med stor ro.

— Vi var budde på det, og det kom ikkje som noka overrasking, seier Borg, og siktar til fusjonen i 2016.

— Vi jobbar no med å auke forskingsaktiviteten i dei tidlegare høgskulemiljøa, og det synest godt i Gjøvik og Ålesund. Eg har tru på at det kan forbetre seg over tid. Dersom vi jobbar med kvalitet over tid, så håpar eg det etterkvart skal synast på rangeringane. Men vi er ikkje det einaste universitetet som arbeider for å rykke opp på denne arenaen. Sjå berre til Kina og India kor mykje dei satsar på forsking. Dette er eit mål i rørsle, seier Borg.

— Når det kjem til dette med omdømme, kva er viktigast for deg? At NTNU verkar solid utad, eller at dei tilsette og studentane opplever at NTNU er bra innetter?

— Det at dei tilsette og studentane har eigarskap og kjenner stoltheit rundt jobben og studiestaden sin ved NTNU. Eg meiner det er heilt avgjerande for at vi har eit så godt omdømme utetter. Det har jo med kva folk gjer, og at folk ser tilbake på utdanninga si ved NTNU med stoltheit. Godt omdømme er ein konsekvens av kva folk leverer, seier Borg.

Ro

Det er personalsakene som er mest dei mest krevjande for rektor Borg. Arbeidsmiljø ligg ho tett om hjarte. Difor legg ho mellom anna til, heilt til slutt, når mikrofonen står open:

— Eg er veldig oppteken av godt arbeidsmiljø. Eg er oppteken av at leiarar skal vere opptekne av arbeidsmiljø. Samstundes er det slik at arbeidsmiljø er noko kvar og ein av oss er med på å bygge kvar einaste dag. Det er eit felles ansvar alle har, seier Borg, som trass i at det er langt fram, ikkje ser heilt vekk frå at ho kan ta seg ei ny periode som rektor.

Ho skal trass alt jobbe til ho er 70 år, fortel ho. Om tilliten i organisasjonen er der. Og helsa då.

Kanskje det er det skiturane og plukking av villbringebær i frisk luft kan bidra til. For det er som terapi for Anne Borg — det er då ho finn ro med seg sjølv.

Rektor Anne Borg på veg ut av Hovudbygget på Gløshaugen og til eit anna møte. Kanskje ho seinare skal spenne på skia? Foto: Leikny Havik Skjærseth
Powered by Labrador CMS