studentar i leiargrupper

— Eg er på ingen måte ein tam student

Det er studentar i mange råd og utval, så eg skjønar ikkje kvifor det ikkje skal sitja studentar i rektor si leiargruppe, seier studentleiar ved NTNU, Åste Hagerup.

Åste Hagerup gir beskjed dersom ho ikkje er samd i dei vedtaka rektor ved NTNU fattar.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Eg vil ikkje ha tamme studentar, sa UiO-rektor Svein Stølen til Khrono.

Han meiner at studentar ikkje skal sitja i leiargruppa ved universitetet. Det same meiner Dag Rune Olsen, som er rektor ved Universitetet i Bergen. Men fleire andre av utdanningsinstitusjonane har studentar med i leiargruppene sine, som er sett saman av rektorat, dekanar og nokre direktørar. Dette fora har inga formell makt, men er rådgivande.

— Studentane er ein av dei aller viktigaste interessentane våre, og eg ønskjer eit tett og godt samarbeid, sa Klaus Mohn, rektor ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Han inviterte studentane med inn då han vart rektor i fjor sommar.

I helga har debatten gått på Twitter. Andreas Trohjell, som leiar studentparlamentet ved Universitetet i Bergen, og som frå i sommar skal leia Norsk studentorganisasjon (NSO), var kjapt ute. Han spurte om Stølen hadde fått med seg kva studentleiarane ved UiS og Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) sa.

NTNU har to studentar med

«På NTNU sitter studentene i rektors ledergruppe og jeg vil tørre å påstå at vi ikke er tamme!»

Det skreiv Åste Hagerup, som leiar studentparlamentet ved NTNU. Der er dei to studentar som er med i rektor si leiargruppe.

— Ropar de høgt etterpå dersom det vert bestemt noko de ikkje er samde i?

— Dersom det vert gjennomført noko me ikkje er samde i, reagerer me. Det er ingen som forventar at me ikkje skulle gjort det, seier Hagerup.

Ho peikar på at leiargruppa er rådgivande.

— Då er det veldig spesielt at me ikkje skulle kunne reagera dersom dei råda me gir ikkje vert følgt.

Trohjell som gissel?

Dag Rune Olsen har sagt at han er redd for at studentane skal kunne koma i ein gisselsituasjon.

— I leiargruppa får eg råd og forankrar dei avgjerdslene eg tek. Det betyr at dei som sit i leiargruppa vert bundne. Men eg kan ikkje binda ein studentrepresentant, sa Olsen.

— Argumentet verkar framandt. Eg er på ingen måte bunden, seier Hagerup.

— Ein har studentrepresentantar i alle mogleg andre organ og utval, eg skjønar ikkje at det er så stor skilnad. Og når både Stølen og Olsen seier at det vert drøfta saker i leiargruppa som ikkje er interessante for studentane, meiner eg dette er noko studentane sjølve bør få vurdera.

Stian Magelssen har illustrert gissel-argumentet med eit manipulert bilete der Trohjell er omringa av rektoratet ved UiB. Magelssen er internasjonalt ansvarleg i NSO, men understrekar at han i denne saka uttalar seg berre på eigne vegne.

— Eg meiner at ein heilt klart burde ha studentar med i leiargruppene. Det vert argumentert med gisselsituasjon, men det er ikkje heilt slik det fungerer, seier Mangelssen.

Han seier at studentrepresentantar i rektorane sine leiargrupper ikkje vil kunne verta gislar med mindre dette er noko rektorane har ein intensjon om.

— Og det tvilar eg på. Det er positivt med innspel, og eg meiner det er det beste for universiteta at studentane får vera med.

Mangelssen har òg lagt ut eit innlegg der han har bytta ut ordet «student» med «kvinne».

— Eg har prøvd å vera litt ironisk. Ettertida vil nok sjå annleis på dette, meiner Mangelssen.

Stølen: Problem som ikkje eksisterer

Også fleire rektorar har vore med i debatten på Twitter.

«Regelmessige involverende møter med SPs AU og sterke styremedlemmer! Dette gir studentene betydelig og nødvendig innflytelse. Dette er nytt eksempel på en løsning på et problem som ikke eksisterer», skriv Svein Stølen.

Sjur Baardsen er ikkje samd. NMBU-rektoren har student med i si leiargruppe, og hans forgjengar, Mari Sundli Tveit, var svært oppteken av studentane. Då ho gjekk av som rektor sa ho at ho kom til å sakna samarbeid med studentane mest.

«Å ha en student i rektors ledergruppe er positivt både for universitetet og for studentene. De fleste sakene er høyst relevante for studentene og deres røst er høyst relevant for rektor. Gisselargumentasjonen virker oppkonstruert», skriv Baardsen.

Powered by Labrador CMS