Trakassering i akademia lever i beste velgåande, skriv Sindre Dueland, studentombod ved Universitetet i Bergen. Foto: Anette Arneberg

Vi må kvitte oss med Giske-effekten

Trakassering. Kvifor skal studentane på universitetet tru dei vil bli handsama noko betre enn kvinnene vi har sett ikkje bli tatt på alvor, spør studentombod ved Universitetet i Bergen, Sindre Dueland.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Hei lille studine, vil du komme inn på kontoret mitt for litt veiledning, mens jeg stryker deg opp langs låret, og kanskje enda litt lenger?»

Metoo syna korleis gamle etablerte grisar kan sno seg unna på elegant vis, og lande støtt på beina igjen.

Sindre Dueland

Dei siste månadane har eg høyrt fleire rykte om seksuell trakassering i akademia enn nokon gong før. Rykte på min arbeidsplass, og på andre gamle velståande universitet rundt om i det ganske land. Trakassering i akademia lever i beste velgåande.

I det siste har eg òg forstått kvifor sakene er så vanskelege å løyse. Det er ikkje fordi rektorar som Universitetet i Bergens Dag Rune Olsen ikkje vil, det er fordi sakene aldri kjem frem. Me kjenner alle ryktene, men ingen vil stå fram med eigentlige detaljer. Ingen vil seie «dette skjedde med meg».

Metoo skulle endre mykje for kvinner i det norske samfunnet – trudde me. Men det gjorde eigentlig ikkje det. Metoo syna i staden alt som er feil med skeiv maktfordeling. Det syna korleis gamle etablerte grisar kan sno seg unna på elegant vis, og lande støtt på beina igjen.

Det fremste eksempelet på handsaming av seksuell trakassering i Norge etter Metoo er saka om Trond Giske. Ingen annan sak har vore så mykje omtalt i media. Det finst ikkje ein einaste nordmann som ikkje kjenner til saka.

Men kva var det eigentlig som skjedde? Trond Giske blei skulda for å forgripe seg på Line Uma då han var på offisielt ærend som statsråd frå Norge i India. Det var ei av eit titals saker mot den tidligare utdanningsminsteren og komitemedlemmet i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomitéen.

Giske er tilbake. Igjen står kvinner som føler seg dårleg handsama. Kvinner som ikkje blei tatt på alvor. Kvinner som er døme for andre kvinner som blir trakassert av gamle etablerte grisar. Kvifor skal studentane på universitetet tru dei vil bli handsama noko betre?

Akademia er naturlig prega av eit skeivt maktforhold. Risikoen for uakseptabel åtferd er større enn i andre deler av samfunnet. Då hjelp det lite at me ser nasjonale saker som nærmast får eit forvitrande utfall.

Utfordringa me ser med seksuell trakassering i dag er ikkje at det renn inn av saker etter Metoo, men at dei alvorlege sakene ikkje kjem frem på grunn av den dårlege handsaminga langt meir alvorlege saker har fått.

Eg kallar dette Giske-effekten; og den må me bli kvitt.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS