UiB feira nye doktorar frå 26 forskjellige land
Georgia, Malaysia, Zambia og Sudan: Dei er alle representerte blant stipendiatane som har tatt doktorgrad ved Universitetet i Bergen i vår.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Fredag blei dei feira av universitetet, familie og vener under doktorgradspromosjonen i Universitetsaulaen i Bergen, skriv På Høyden.
Av dei 117 som blei feira var 36 prosent utlendingar, så det er ei internasjonal gruppe som har fått forskarkompetanse.
Internasjonalt universitet
UiB-rektor Dag Rune Olsen er overtydd om at det er riktig å ha ein høg del internasjonale studentar.
— Eit internasjonalt universitet er naudsynt. Eg er sterk i trua på internasjonalisering i akademia. At de har vore her har gjort oss rikare, både sosialt og fagleg, sa han til doktorandane.
Eg er sterk i trua på internasjonalisering i akademia.
Dag Rune Olsen
Les også: Bekymret for ubalanse mellom inn- og utreisende forskere
Olsen er òg nøgd over at to tredelar av doktorandane vurderer sine eigne karrieremulegheiter som gode eller særs gode.
Men Olsen er òg glad for at ei spørjeundersøking blant stipendiatar viser at kun tre av ti ønskjer ei stilling ved ein høgskole eller eit universitet, noko som gir håp om at kunnskapen òg kjem andre sektorar til gode.
Les også: Færre vil bli forskere
Tre promosjonar i året
Etter at Universitetsaulaen blei tatt i bruk arrangerer Universitetet i Bergen tre doktorpromosjonar i året, men ved dagens promosjon møtte berre om lag halvparten av doktorandane, og det var difor mange ledige plassar i salen.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!