Klaus Mohn er fersk rektor ved UiS, og hadde sin første tale då universitetet feira seg sjølv og sine første 15 år. Foto: Mari Løvås, UiS

Prisutdeling og fest då Universitetet i Stavanger feira sine første femten år

Feiring. 62 nye doktorar vart heidra og tre prisar delt ut då Universitetet i Stavanger feira seg sjølv. –Me vart det første universitetet som vart etablert på grunnlag av faglege kvalifikasjonar, sa rektor Klaus Mohn i sin tale.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Stavanger har hatt universitet i femten år. Dette vart feira på Universitetet i Stavanger (UiS) sin årsfest. I tillegg var festen ei markering av dei 62 kandidatane som har disputert sidan førre årsfest. Ein kandidat har i tillegg disputert innan det nasjonale programmet for kunstnerisk utviklingsarbeid. Det høge talet på ferske doktorar er ny rekord for UiS, skriv dei på eigne nettsider.

Vil ha medisinutdanning

Klaus Mohn hadde sin første tale som rektor ved UiS.

— UiS vart det første universitetet som blei etablert på grunnlag av faglege kvalifikasjonar. Dette har me grunn til å framleis vera stolte av i dag.

Framtida for Universitetet i Stavanger ligg i hendene på dei unge.

Klaus Mohn

— Men samstundes må me stadig sjå framover. Og framtida for Universitetet i Stavanger ligg i hendene på dei unge. Dei unge ligg ofte tettast på forskingsfronten, sa Mohn.

Han snakka òg om medisinutdanninga. Som Khrono har skrive, ønskjer UiS å kunne tilby ei eiga medisinutdanning på sikt. I første omgang ønskjer dei å henta norske studentar som studerer medisin i utlandet heim dei siste åra av utdanningsløpet.

Medisinutdanning var òg tema hos hovudtalar på årsfesten. Det var Stein Ørn. Han er overlege ved Stavanger universitetssjukehus og professor II ved UiS.

— Ingen har råd til å la denne unike moglegheita til å etablere ei medisinarutdanning ved UiS gå frå seg, sa Ørn, ifølgje UiS.

Tre prisar

På årsfesten vart det òg delt ut tre prisar.

Lyses forskingspris for 2018 gjekk til professor Dolly Jørgensen og professor Finn Arne Jørgensen for deira forsking på miljøhistorie.

SR-Bank sin innovasjonspris for 2018 gjekk til bitYoga ved førsteamanuensis Antorweep Chakravorty ved UiS. bitYoga har utvikla ein teknologi som gir brukarane kontroll over eigne data. Ved bruk av blockchain, big-data og kunstig intelligens snur bitYoga datastraumen; frå lagring på serverar til lagring og kontroll hos dei som produserer innhaldet.

Læringsmiljøprisen for 2019 gjekk til Bjergsted Blåseensemble for deira betyding for læringsmiljøet ved Avdeling for klassisk musikk.

— Vinnaren er eit framifrå døme på studentaktiv læring og ein eksemplarisk kombinasjon av fagleg, pedagogisk og sosial aktivitet, sa prorektor for utdanning, Astrid B. Eggen, som delte ut prisen.

62 kandidatar har levert ordinær doktorgrad, og ein har vore knytt til stipendiatprogrammet i kunstnarisk utviklingsarbeid. Det høge talet er ny rekord for UiS. Foto: Mari Løvås, UiS

Alle dei nye doktorane

Sju av kandidatane var frå Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora: Monica Gundersen Mitchell, Joakim Evensen Hansen, Narve Dolve, Ole Jone Eide, Per Einar Sæbbe, Dina Lialikhova og Liv Mette Strømme.

12 av kandidatane var frå Det samfunnsvitskaplege fakultet: Gennady Zavyalov, Gry Cecilie Høiland, Nina Jentoft, Kari Jæger, Lukasz Andrzej Derdowski, Bjørnar Laurila, Kjersti Berge Evensen, May Irene Furenes, Marie Røyksund, Valeriia Klova, Silje Haus-Reve og Cato Hemmingby.

15 av kandidatane var frå Det helsevitskaplege fakultet: Silje Stangeland Lie, Inger Emilie Værland, Jørgen Erland Linde, Rafal Adnan Hashim Yeisen, Kathrine Cappelen, Veslemøy Guise, Martha Therese Gjestsen, Heidi B. Bringsvor, Espen Fevang, Geir Arne Sunde, Paschal Francis Mdoe, Kine Gjesdal, Melissa Anne Elin Authén Weibell, Antje Aarthun og Aleksander Hagen Erga.

28 av kandidatane var frå Det teknisk-naturvitskaplege fakultet: Hilde Brattebø Vormeland, Mona Wetrhus Minde, Colombage Kshanthi Kalyani Perera, Gunnar Lian, Leif Inge Kjærvoll Sørskår, Oddbjørn Mathias Nødland, Dori Yosef Kalai, Sanne Lorentzen, Andreea-Laura Cojocaru, Nikhil Lakshmish Bagalkot, Rockey Abhishek, Kjartan Bjørnsen, Mohan Sharma, Remya Ravindran Nair, Ingrid Årstad, Erlendur Ingi Jonsson, Andika Rachman, Songpu Ai, Hilda Bø Lyng, Aboma Wagari Gebisa, Shengnan Liu, Aleksandr Mamonov, Seyed Ahmad Mirhaj, Yuzhu Li, Almaz Nigatu Tesfahun, Marthe Gurine Førland, Samuel Erzuah og Ashish Aeran.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS