Høgskulen i Volda

Direktør sa opp. Rektor vart ikkje informert

Studiedirektøren ved Høgskulen i Volda sa opp stillinga si i juli. Rektor og styreleiar Odd Helge Mjellem Tonheim vart ikkje informert, verken om oppseiinga eller om at studiedirektøren allereie hadde fått avtale om ein sluttpakke.

Biletet viser ein mann og ei kvinne, under eit styremøte. Dei sit ved møtebordet.
Høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem viser til at ho har alle oppgåver og fullmakter som ligg til stillinga si — så lenge ho står i stillinga. Difor er det ho som kan avgjera om stillinga som studiedirektør kan lysast ut. Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim er ikkje samd, og viser til at det i teksten om direktøren sine oppgåver etter at ho er sagt opp ligg omgrepet «i utgangspunktet».

— Eg seier med dette opp stillinga som studiedirektør ved HVO.

Det heiter det i den korte e-posten Gerd-Mette Drabløs sende til høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem ved Høgskulen i Volda (HVO) 3. juli. I e-posten skreiv Drabløs òg at hennar siste arbeidsdag skulle vera 11. august.

Møre-Nytt skreiv midt i juli at stillinga som studiedirektør var lyst ut etter at Drabløs hadde sagt opp. No viser det seg at det ligg ein prosess bak denne oppseiinga. 

Allereie dagen før oppseiinga vart send, var det send ut melding internt på høgskulen om at stillinga som studiedirektør skulle lysast ut.

— Eg har ikkje fått med meg at studiedirektør har sagt opp, svara rektor Odd Helge Mjellem Tonheim, som òg er styreleiar ved høgskulen.

Ikkje i jobb på fleire månader

Khrono har tidlegare omtalt at fagforeiningane ved høgskulen har levert eit varsel mot studiedirektøren. Fagforeiningane har òg varsla mot høgskuledirektør Emblem. Emblem blei sagt opp av styret ved høgskulen i april, men står i stillinga si ut oppseiingstida.

Etter det Khrono forstår, er både handtering av personalansvar og gjennomføring av interne prosessar på avdelinga tema i varselet mot Drabløs. Det same er kommunikasjon og korleis tilsette vert behandla.

Drabløs har ikkje vore i jobb etter midten av februar i år. 2. juli, altså dagen før ho sende oppseiinga si til direktøren, har ho som arbeidstakar og Emblem som arbeidsgivar underteikna ein sluttavtale. 

Der heiter det mellom anna at på grunn av arbeidsgivar sitt forhold knytt til handsaming av varsel/klagesak har ikkje arbeidstakar reelt kunna utføra arbeidsoppgåvene sine ved Høgskulen i Volda sidan midten av februar. No har ho og høgskulen vorte samde om at «arbeidstakar sitt arbeidsforhold hjå arbeidsgivar vert avslutta».

Vil ikkje svara

Rektor Odd Harald MjellemTonheim visste ikkje om avtalen eller oppseiinga. I ein e-post, som Khrono har fått innsyn i, svarar direktør Emblem at oppseiinga vart avklart på tampen av siste veka i juni, og då var rektor på ferie.

Tonheim ønskjer ikkje å seia noko om saka.

— Eg vil ikkje kommentera dette på grunn av intern sakshandsaming, seier han.

— Men Drabløs sa opp i juli og hadde siste arbeidsdag 11. august. Er det ei intern sakshandsaming av dette no?

— Eg vil ikkje kommentera det heller på grunn av intern sakshandsaming.

Ville stoppa utlysing, direktør lyste ut likevel

Etter at rektor vart gjord kjend med at stillinga som studiedirektør skulle lysast ut, bad han om at utlysinga vart utsett til over sommaren. Også fagforeiningane ved høgskulen sa at dei syntest ein søknadsfrist tidleg i august var ein dårleg idé, og bad om at fristen vart utsett med ein månad.

— Eg er redd for at me hastar for mykje, skreiv rektor i ein e-post til høgskuledirektøren 5. august, og vidare:

«Stillingsutlysinga vert sett på vent, og gitt at direktør ikkje er samd ber eg om at det vert sett på vent til ein har fått samla styret og avklart vidare prosess der».

Stillinga vart likevel lyst ut, først med søknadsfrist tidleg i august. Den vart utvida til 18. august, og no har innstillingsutvalet vedteke av stillinga skal ha søknadsfrist 19. september.

Det skjer etter at høgskulestyret har vore inne i saka. 5. august hadde dei eit ekstraordinært møte, det tiande av dette slaget så langt i år. På dagsorden stod berre ei sak med tittel «Tilsetjing». 

I sakspapira, som Khrono har fått innsyn i, heiter det at «i utgangspunktet er det direktør som er ansvarleg for tilsetting av leiarar i fellesadministrasjonen, men styret står fritt til å fastsette andre rammer for dette. Vurdering per no er at det ikkje vil vere forsvarleg at direktør, som i utgangspunktet har sin siste arbeidsdag den 31. oktober 2024, køyrer tilsettingsprosessen for ny studiedirektør. Ein slik prosess vil ha lite legitimitet i organisasjonen, og det vil vere uheldig for den som vert tilsett. Første arbeidsdag for ein ny studiedirektør vil truleg vere etter at direktør Emblem har hatt sin siste arbeidsdag».

Styret har vedteke at det er styret som skal tilsetja ny studiedirektør. I tillegg vedtok dei at innstillingsutvalet vert utvida med to personar; ein utpeikt av rektor og ein utpeikt av dei tillitsvalde.

Får eit sekssifra beløp

I Drabløs sin sluttavtale kjem det fram at ho får løn ut året, utan at ho har arbeidsplikt. Rektor Tonheim ønskjer ikkje å svara på om slike avtalar har vore inngått ved høgskulen tidlegare. Høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem ønskjer ikkje å svara på spørsmål frå Khrono. Redaksjonen har snakka med henne i telefonen, og ho har også fått spørsmål tilsendt på sms.

I sommar har Khrono skrive om nettopp sluttavtalar ved universitet og høgskular. Regelverket kring slike avtalar er strengt, men det viser seg at det likevel er inngått fleire titals slike avtalar.

Høgskulen i Volda svara ikkje då Khrono sende ut spørsmål om sluttavtalar til universitet og høgskular. Men i Drabløs sin avtale kjem det fram at ho har siste arbeidsdag 11. august, men får løn ut året. Ho har rett til å byrja i ny jobb i løpet av desse månadane, utan at ho vil missa ytingar frå høgskulen.

Den tidlegare studiedirektøren hadde ei årsløn på 996.000 kroner. Dette gjer at å betala henne løn frå august og ut året likevel vil gjera at høgskulen er under 450.000 kroner. Det er summen fleire universitet og høgskular viser til, og som er nemnd i fullmakt i tildelingsbreva frå Kunnskapsdepartementet.

Her heiter det at institusjonane har høve til å «inngå forlik eller innrømme ansvar i saker om erstatning opp til 450.000 kroner». 

    

Powered by Labrador CMS