Høgskulen i Volda

Oppsagt direktør klagar på oppseiinga

Ann Kristin Emblem vart sagt opp av styret ved Høgskulen i Volda. No klagar ho på avgjersla.

Ann-Kristin Emblem er framleis i jobb som høgskuledirektør i Volda. Oppseiingstida er seks månader. Emblem klagar no på styret sitt vedtak om å seia henne opp.
Publisert Oppdatert

22. april vart høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem ved Høgskulen i Volda sagt opp. Som Khrono tidlegare har skrive, vurderte Emblem å klaga på vedtaket. 

No har ho gjort det, skriv Møre-Nytt. Klagen er sendt til styret ved høgskulen. Dersom det ikkje gjer om på sitt eige vedtak, endar saka hos Kunnskapsdepartementet.

Emblem seier til Møre-Nytt at ho reagerer på sakshandsaminga.

— Høgskulen har eigne rutinar for handsaming av varsel og klage på ulike forhold. Desse rutinane er ikkje følgt i dei ulike sakene mot meg. Mange av klagene og påstandane er svært uklåre, og det har vore vanskeleg både å vita kva som ligg i det og å svara ut, seier ho.

Khrono har kontakta Emblems advokat for ein kommentar til saka.

— Emblem ønskjer ikkje å kommentera saka ytterlegare, skriv advokat Håkon Berge i ein e-post til Khrono.

Rektor har varsla

Som Khrono har skrive før, har fagforeiningane ved høgskulen levert eit felles varsel mot direktøren. Det er berre eitt av fleire varsel, mellom anna har rektor Odd Helge Mjellem Tonheim varsla. Han skriv mellom anna at prosessen med styresaker har vore svært vanskeleg.

— I praksis opplever eg at direktør ikkje lyttar til rektor/styreleiar sine innspel og tilbakemeldingar på styresakene. Ofte kjem styresakene seint og framlegga om vedtak kan koma overraskande, trass i at rektor har prøvd å legga opp til oftare og tettare dialog om styresakene ved å ta dei opp på alle rektorar- og direktørmøte når styremøtet nærmar seg, skriv Tonheim i varselet som Khrono har fått innsyn i.

Khrono har skrive at det går føre seg ein maktkamp ved høgskulen. Dette er noko Emblem ikkje kjenner seg att i, seier ho til Møre-Nytt.

— Eg tek sterk avstand frå personlege maktkampar av alle slag. Det er nærast uverkeleg for meg at rektor sender varsel på meg i staden for å ta saker opp direkte med meg undervegs, seier Emblem.

— Gjentekne brot

Khrono har fått innsyn i varselet om oppseiing, som vart sendt til Emblem 26. mars. Der heiter det at «det totale sakskomplekset gir foreløpig et bilde av at det foreligger gjentatt tilfeller av brudd på dine plikter etter arbeidsavtalen, både i faktisk og i utvidet forstand, blant annet ved manglende etterlevelse av varslingsrutiner, manglende oppfølging av styresaker, manglende oppfølging av øvrige arbeidsoppgaver, og manglende oppfølging av drøftingsplikten». 

Det vert òg peika på at samarbeidsklima og ivaretaking av organisasjonen er ein del av direktøren sitt ansvar, som øvste leiar.

Rektor Tonheim har vore inhabil i saka mot Emblem, sidan han har levert varsel mot henne. Det er difor styremedlem Silje Louise Dahl som har vore fungerande styreleiar i saka. Ho skriv i ein sms til Khrono at klagen kjem til å verta handsama i eit eige styremøte.

Endringslogg: Lagt til svar frå Emblem sin advokat 28. mai kl 13.50

Powered by Labrador CMS