Arendalsveka 2021
Direkte fra Arendalsuka: Skal debattere desentralisert utdanning
Korleis ser ein meir desentralisert og fleksibel utdanningssektor ut? Abelia inviterer til debatt i Arendal.

Mykje blir diskutert i Arendal denne veka.
Blant anna står kompetanse på agendaen til ein debatt NHO si foreining for kunnskaps- og teknologibedrifter, Abelia, arrangerer tysdag ettermiddag.
Dei spør: Er fleksibel og desentralisert utdanning svaret på kompetanseutfordringa?
For, som dei sjølve skriv om arrangementet, har fleire analyser peika på at ei sentral problemstilling for demografiutfordringane i Noreg ligg i at tilgangen til utdanning bidreg til sentralisering.
«Koronakrisa har også opna eit rom for å gjere utdanningssystemet meir fleksibelt og opent. Vi byttar høve til å spørje oss, korleis ser ein meir desentralisert og fleksibel utdanningssektor ut?», skriv Abelia på sine sider.
Dette er panelet
Først blir det panelsamtale mellom Christian Pedersen i TietoEvry, prorektor ved Høyskolen Kristiania Christen Krogh, Lise Hammergren, divisjonsdirektør ved BI, direktør i det nye HK-direktoratet, Sveinung Skule og Kimberly Mathisen i Microsoft.
Etterpå går politikarane i manesjen: Marit Arnstad frå Senterparitet, Nina Sandberg frå Arbeiderpartiet og Kent Gudmundsen frå Høgre.
Ordstyrar er leiar for høgare utdanning og forsking i Abelia, Carina Hundhammer.
Debatten startar klokka 15.45.
Nyeste artikler
Inngå avtaler i dag, og unngå problemer i kollektivet i morgen
I storm hos Lånekassen. Nå går hun fra Stortinget
SVs utdanningspolitiske talsperson har fått skattekrav
Kåre Willochs minnestipend deles ut til studenter for første gang
Forskning og utdanning er avgjørende for grønt industriløft
Mest lest
Nesten en fjerdedel strøk i matematikk
Språkdirektøren freser mot UiO igjen. Stølen reagerer med «herregud»
Vurderer å krevje millionerstatning
Reagerer på flytteplaner: — Bruk-og-kast-mentalitet
Tillegg for reise utenlands: Dypt urimelig og grovt ufortjent