Adventsprat

— Det hadde vore ein draum å få Maria Toft som statsråd

Ingvild Bergom Lunde fryktar ringverknadene etter valet i USA, og kunne tenkt seg eit dansk fyrverkeri i statsrådsstolen, om ho kunne valt heilt fritt. 

Ingvild Bergom Lunde har fått plassera mikrohuset sitt på ein idyllisk gard i Isfjorden med supre naboar.
Ingvild Bergom Lunde har fått plassera mikrohuset sitt på ein idyllisk gard i Isfjorden med supre naboar.
Publisert

FAKTA

Ingvild Bergom Lunde

Nisse i sdventsstake
  • Vikarierer som ph.d.-rådgjevar ut 2024 i administrasjonen ved Psykologisk Institutt, Universitetet i Oslo. 
  • Avslutter vervet som leiar i Stipendiatorganisasjonane i Noreg (SiN).

Khrono har intervjua eit knippe interessante personar i akademia på e-post om året som snart er over og om året som kjem. 

Intervjua kan du lesa fram mot jul.

Ingvild Bergom Lunde er avtroppande leiar i Stipendiatorganisasjonane i Noreg (SiN) og er tilsett i eit vikariat som ph.d.-rådgjevar ved Universitetet i Oslo ut året. 

— Kva er det beste og det verste som har skjedd deg i jobbsamanheng i 2024?

— At eg valde å slutte som vitskapleg tilsett i dagens institusjonelle akademia.

Kva er det beste og verste som kan skje i 2025?
— Det verste som kan skje er at Lars Tollef ikkje lenger ynskjer å ta ein for laget. Eg er redd ringverknadene det amerikanske valet vil ha for vitskapen. Det beste som kan skje er at ringverknadene fører til samhald i sektoren. No som me står overfor enormt mykje ny informasjon i verda så håpar eg medlemene i akademia vert inspirerte til å driva verda framover på ein litt annan måte enn me er vande med.

Korleis pregar den økonomiske situasjonen i sektoren arbeidskvardagen din?
— Eg hadde tenkt å finna jobb i reiselivet, uavhengig av den økonomiske situasjonen. Men så vert eg veldig motivert av situasjonen. Det er eit høve til å få til endringar som gjer at eg kan trivast som forskar. Så eg prøver å finna ein måte å jobba med vitskapen i seg sjølv på, anten som fri forskar eller med tilhøva i akademia, eller ein kombinasjon.

— Kven i akademia fortener ei julestjerne, og kvifor? 
— Stipendiatane som har varsla om kritikkverdige tilhøve ved NHH, NTNU, UiA og UiO, og dei som har hjelpt med å få fram stipendiatane si side i desse sakene. Det er modig, og det hjelper oss med å forstå at yngre forskarar ynskjer noko anna enn det me ser i akademia i dag.

Ingvild Bergom Lunde har pynta med julestjerner i glaset i mikrohuset sitt i Isfjorden.
Ingvild Bergom Lunde har pynta med julestjerner i glaset i mikrohuset sitt i Isfjorden.

Om du kunne valt heilt fritt, kven vil du ha som den neste statsråden for forsking og høgare utdanning?
— Då hankar eg inn ekspertise frå Danmark. Det hadde vore ein draum å få Maria Toft som statsråd. Ho har pågangsmot, påverknadskraft og evner å sjå på krisene akademia og verda står i som ei nyskapande moglegheit.

Fire kjappe:

— Fullfør setninga: Om eg var rektor for ein dag ville eg …
— … arrangert inspirasjonsdagen «Korleis vil eit akademia med omsorg som sentral verdi sjå ut?». Dersom dagen gjekk bra og eg fekk tillit til å vera rektor ein dag til, ville eg invitert til inspirasjonsfrukosten «Kva er ein fri forskar?» med etterfylgjande inspirasjonslunsj: «Leiarar: (Kva) treng me dei (til)?». Så hadde eg vore spent på om eg kunna ha halde fram som rektor etter lunsj. Hadde eg det, så ville eg brukt den tredje og siste dagen min på å innføra jobbtryggleik for alle medlemer av akademia ved å tenkja utanfor «fast, mellombels eller fastmellombels»-boksen.

Kva står på julemenyen?
— Ribbe julaftan, ‘lefsbuss’ fyrste juledag og pinnekjøtt 1. eller 2. juledag. Verdas beste fiskesuppe i romjula. Snø, sol og ski. Familie, vener og mikrohus.

— Kva gler du deg minst til med jula?
— Køyra på vintervegar mellom Romsdalen og Hallingdal. Så er det noko melankolsk med juledagane.

Kva MÅ vere på plass for at det skal bli ekte jul?
— Julepynt seinast 1. desember.

Powered by Labrador CMS