Open publisering

Det europeiske forskingsrådet (ERC) trekker støtte til Plan S

Kort tid etter kunngjeringa om endringar i forskingsfinansieringa for å sikre open publisering, kuttar det europeiske forskingsrådet samarbeidet.

Professor ved Universitetet i Bergen, Eystein Jansen, er medlem i den vitskapelege komiteen i det europeiske forskingsrådet ERC, som samrøystes har bestemt seg for å trekke seg frå samarbeidet om open publisering gjennom Plan S. — Det er uro blang forskarar for at ein går for fort fram, seier han.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Uforståeleg, seier direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen.

ERC har saman med finansiørar av forsking i heile Europa stått bak kravet om open publisering av forsking som er nedfelt i den såkalla Plan S.

No er det brått slutt på samarbeidet.

Fakta

Plan S

  • Noregs forskingsråd har gått saman med EU-kommisjonen, det europeiske forskingsrådet ERC og finansiørar av forsking i heile Europa om å krevje at alle artiklar frå forskinga dei finansierer skal publiserast med open tilgang (Open Access).
  • Frå 1. januar 2021 må alle som inngår kontrakt om finansiering med Forskingsrådet forplikte seg til å publisere arbeida sine i opne tidsskrift, og dei vil ikkje lenger kunne gi frå seg opphavsrett.
  • I fleire tiår har publisering av forsking vore basert på ein kommersiell modell der forlaga har kravd opphavsrett til publiserte forskingsartiklar, som ofte har vore eksklusivt tilgjengelege mot svært høge abonnementsprisar. Deltakarane i Plan S har som uttalt mål å bryte publiseringsmonopolet.
  • Det var eit krav frå Noreg at artiklar i tidsskrift skulle kunne publiserast ope i digitale arkiv, i tillegg til å bli publiserte i tidsskrifta.

Dei siste månadene har ERCs vitskapelege råd (Scientific Council) «intensivert den interne debatten og kome fram til ei samstemt avgjersle», heiter det i pressemeldinga, og resultatet er at dei vil avslutte samarbeidet med Coalition S og arbeidet med innføringa av Plan S.

Den norske klimaforskaren Eystein Jansen, som er professor ved Universitetet i Bergen, er medlem i det vitskapleget rådet og har vore med på den einstemmige avgjersla. Han seier til Khrono at avgjersla er tatt etter grundige vurderingar.

— Vi er ikkje ueinige i målet, vi er absolutt for å endre systemet for vitskapeleg publisering slik det er i dag. Men vi er redde for at ein gamblar med å gå for fort fram, seier Jansen.

Målet med Plan S er å legge til rette for open og tilgjengeleg publisering av offentleg finansiert forsking og redusere marknadsmakta til forlaga. Det har vore vanleg at forskarar gir frå seg rettane til forskingsartiklane sine til forlaga som sidan publiserer bak høge betalingsmurar.

— Endrar ikkje planen

Kuvendinga frå ERC kjem kort tid etter at alliansen bak Plan S kunngjorde at vilkåra for finansering blir endra frå neste år: Forskarar som får støtte til prosjekta sine, for eksempel gjennom Forskingsrådet, vil då måtte forplikte seg til å publisere i opne tidsskrift, og vil ikkje lenger kunne gi frå seg opphavsretten.

Direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen, er ein av dei leiande figurane i det internasjonale arbeidet med Plan S.

— Avgjersla i ERC kjem som ei stor overrasking, og timinga er merkeleg seier Røttingen.

— Då vi etablerte Plan S, fekk vi Scientific Council i ERC med på laget, og dei spelte ei viktig rolle i å forme planen og implementeringsplanen.

Han forsikrar om at avgjersla i ERC ikkje vil påverke endringane i finansieringsvilkår som er planlagt innført frå 1.1. 2021. Sidan det er EU-kommisjonen som løyver pengane til ERCs budsjett, trur Røttingen ERCs kursendring ikkje vil stikke kjeppar i hjula for planane om open publisering slik dei er lagt opp i Plan S.

— Det er EU-kommisjonen som set rammene for all prosjektfinansiering som blir gitt. Kommisjonen har heilhjarta forsikra om at dei støttar Plan S og implementeringsplanen, seier Røttingen.

ERC: Uheldig for unge forskarar

I grunngivinga for å trekke seg viser ERC til at Plan S ikkje vil godta såkalla hybridpublisering. Det betyr at tidsskrift i utgangspunktet skal gi open tilgang – men at enkeltartiklar skal kunne frikjøpast frå dette kravet og dermed leggast bak betalingsmur. På denne måten vil artiklar framleis kunne publiserast i for eksempel Science og Nature, som i dag ikkje praktiserer open tilgang.

Å blokkere for hybridpublisering vil vere «øydeleggande, særleg for forskarar tidleg i karriereløpet …», heiter det mellom anna frå ERCs vitskapelege råd.

Eystein Jansen seier at dei i ERC i tillegg meiner det er viktig å sikre at forskarar i land som har færre alternativ til forskingsfinansiering ikkje blir blokkerte frå å publisere gjennom endringane som no er på trappene.

— ERCs vitskapelege råd representerer ikkje finansiørane, men forskarsamfunnet. Der er det sterk uro for at ein går for fort fram, og at det er nødvendig å få på plass betre overgangsordningar. Dette er ikkje likt for alle fag, men særleg innan livsvitskapen og økonomifaget er det sterk skepsis, seier Jansen.

— Har laga gode løysingar

Røttingen meiner argumenta ikkje held vatn.

— Hovudrasjonalet bak Plan S, som ERC stilte seg bak, var å avslutte hybridmodellen. Erfaringa viste at den ikkje bidrog til skiftet til open tilgang. Det er rart om dei ikkje har fått med seg at vi også har opna for fleire overgangsmekanismar og overgangsavtalar. Vi har laga gode løysingar for å komme frå hybrid til full, open tilgang, seier Røttingen og meiner avtalen norske institusjonar gjorde med forlaga tidlegare i år, viser dette.

Røttingen seier han også meiner ordningane for å sikre at forskarane beheld retten til eige manuskript i praksis vil sikre det ERC er bekymra for.

Powered by Labrador CMS