Debatt Hallgeir Elstad

Det er ikkje vanleg at professorar blir biskopar i Den norske kyrkja

Den norske kyrkja utmerker seg negativt samanlikna med folkekyrkjene i nabolanda. Dei har på ein ganske annan måte rekruttert biskopar frå akademiske toppstillingar, skriv Hallgeir Elstad.

Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I ein artikkel om at ein professor no kan bli biskop i Bjørgvin, skriv Khrono at det «er langt frå uvanleg at professorar og andre med høge akademiske stillingar, primært innan teologi, blir biskopar.» Jau, faktisk er det ganske sjeldan. For å finne den hittil siste professoren som er tilsett som biskop i Den norske kyrkja må vi tilbake til 1998. Då vart professor ved Menighetsfakultetet, Ernst Baasland, utnemnt til biskop i Stavanger. Same året vart professor i praktisk teologi Olav Skjevesland utnevnt til biskop i Agder. Desse to er dei to siste professorane som er tilsette som biskopar. Etter tusenårsskiftet er det altså ingen. Det er høvesvis sjeldan at professorar blir nominerte til bispestilling og endå sjeldnare at dei blir tilsette.

Khrono nemner Per Lønning. Han hadde to doktorgrader då han vart biskop i det nyoppretta Borg bispedømme i 1969. Han var ikkje professor, men domprost i Bergen. På grunn av abortsaka gjekk Lønning av i 1975, vart så biskop for andre gong – i Bergen – i 1987. Då var han professor. I 1976 vart Andreas Aarflot først professor ved Menighetsfakultetet og seinare same året biskop i Borg (etter Lønning). Etter kort tid vart han så biskop i Oslo

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Gjennom heile 1900-talet vart det berre rekruttert fire biskopar frå professorstilling, det utgjer fattige seks prosent. Om vi reknar med personar med doktorgrad blir talet noko høgre. Men heller ikkje dei er særskilt mange samla sett. I dagens bispekollegium er det to av 12 med doktorgrad.

Her utmerker Den norske kyrkja seg negativt samanlikna med folkekyrkjene i nabolanda. Særleg Svenska kyrkan, men også den danske og den finske kyrkja har på ein ganske annan måte rekruttert biskopar frå akademiske toppstillingar. Høg akademisk kompetanse er ein kvalifikasjon som langt frå ser ut til å vege like tungt i samband med bispetilsetjingar i Den norske kyrkja.

Rett nok er det nokre med anna akademisk stilling som har vorte biskopar. Hit kan ein rekne dei tidlegare rektorstillingane ved dei praktisk teologiske seminara. Rosemarie Köhn, den første kvinnebiskopen i Den norske kyrkja, var rektor ved Det praktisk-teologiske seminar ved Universitet i Oslo (UiO) då ho vart utnemnt til biskop i Hamar i 1993. Før det hadde ho i mange år vore forskar og undervisar ved UiO. Gunnar Stålsett, som vart biskop i Oslo i 1998, kom frå same stillinga som den Köhn hadde hatt. Avtroppande biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, var praktikumsrektor ved Menighetsfakultetet då han vart biskop i 2009.

I siste tiåra av 1900-talet og fram til no har det vore ein stadig tydelegare tendens til at prostestilling er rekrutteringsgrunnlag for biskopar. I perioden 1975 til 1999 var det halvparten (domprostar inkludert). Etter 2000 er det oppunder halvparten. Det står att å sjå om professoren blir tilsett i Bjørgvin.

Khrono retter: I første versjon av debattinnlegget ble ikke professor i praktisk teologi Olav Skjevesland nevnt. Endringen ble gjort klokken 14.50.

Powered by Labrador CMS