Horisont europa

Desse 222 får ein finger med i spelet om Horisont Europa

1400 melde seg, 222 blei valde ut. Rundt 40 prosent av medlemene i referansegruppene kjem frå universitet og høgskular. Her har du dei utvalde.

John-Arne Røttingen får med seg 222 personar i referansegruppene for Horisont Europa.
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Nesten 1400 namn vart melde inn då Forskingsrådet og Innovasjon Noreg inviterte til å koma med inn innspel kven som skulle sitja i dei nasjonale referansegruppene for Horisont Europa.

FAKTA

Dette er dei nye referansegruppene

  1. Framifrå vitskap (Det europeiske forskningsrådet (ERC), mobilitetsverkemidlar under Marie Skłodowska-Curie Actions)
  2. Forskingsinfrastruktur
  3. Helse
  4. Kultur, kreativitet og inkluderande samfunn
  5. Samfunnstryggleik
  6. Digitalisering, romverksemd og næringsliv
  7. Klima, energi og mobilitet
  8. Mat, bioøkonomi, naturressursar, landbruk og miljø
  9. Det europeiske innovasjonsrådet (EIC) og økosystem for innovasjon
  10. Juridisk og økonomiske tilhøve (deltagelsesregelverket)

No har Forskingsrådet plukka ut 222 medlemer til referansegruppene for det nye forskings- og innovasjonsprogrammet til EU, skriv dei på heimesida si.

Desse gruppene skal koma med innspel til korleis Noreg skal prioritera, til strategiske prosessar og til korleis Horisont Europa skal fylgjast opp.

Horisont Europa er det største rammeprogrammet i verda i sitt slag, og med eit budsjett på nærare 1000 milliardar kroner, skal det frå 2021 finansiera forsking og innovasjon dei neste sju åra.

Her kan du sjå alle dei utplukka

Kjem frå forskingsmiljø og næringslivet

I underkant at 40 prosent av medlemmene representerer universiteta og høgskulane. Og av dei 222 medlemene, er om lag halvparten kvinner.

Kristin Danielsen, som er områdedirektør for internasjonalisering i Forskningsrådet, er glad for den store interessa

— Målet vårt er å få ein balansert representasjon som tek omsyn til næringsliv og offentleg sektor i tillegg til forskings- og innovasjonsmiljøa, så fagområda, institusjonar, geografi og kjønn for å nemna noko, seier Danielsen.

Innovasjon er viktig

I februar slo regjeringa fast at Forskingsrådet og Innovasjon Noreg skulle dela på ansvaret for Horisont Europa.

Per Niederbach i Innovasjon Noreg seier at dei har prøvd å famna breidda i det han kallar det norske innovasjonsøkosystemet inn i referasegruppa for Det europeiske Innovasjonsrådet. Denne gruppa får særskilt ansvar for å gje faglege vurderingar knytt til innovasjonsverkemidlar i programmet.

Dei ti referansegruppene skal sikra at nasjonale strategiar, konkurransearenaer og utlysningar heng godt saman.

I tillegg skal dei hjelpa med få ut informasjon om utlysingar og satsingar til potensielle søkjarar, noko som kan auka sjansane for at norske aktørar får gjennomslag i rammeprogrammet, skriv Forskingsrådet.

Til saman skal dei nasjonale referansegruppene gjera sitt til at Noreg når måla som er sette for den morske deltakinga i programmet, seier Danielsen og Niederback i pressemeldinga.

Avgjerda om Noreg skal delta i Horisont Europa vert gjort i statsbudsjettet til hausten.

Powered by Labrador CMS