Sommarintervjuet

Den nye NTL Ung-leiaren er forbanna. Og han er ikkje redd for å seia det

Som barn var Martin Kvalvik ein roleg og beskjeden gut. Men då han byrja på vidaregåande, var det noko som endra seg. No skal han kjempa for faste stillingar i akademia, som nyvald leiar i NTL Ung.

Martin Kvalvik er ikkje redd for å seie frå når han meiner noko er urett. I sommar skal han slappa av litt på hytta på Hvaler, før han gjer seg klar til å kjempa for arbeidsrettane til folk til hausten.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Det var først på vidaregåande at engasjementet vaks skikkeleg i meg.

Martin Kvalvik seier berre «engasjementet», men etter ein prat med den nyvalde NTL Ung-leiaren er det ikkje vanskeleg å forstå kva engasjement han siktar til. Det handlar om skilnadar. Eller skal me kanskje seia likskapar.

Fakta

Martin Kvalvik

  • Fødd: 3. august 1988 i Hønefoss
  • Driv med: Leiar for NTL Ung og travel familiefar
  • Beste sommarmat: Alt av skalldyr, samt verdas beste kanelboller som ein får hos ho «på posten» på Herføl.
  • Beste sommartips: Å gjera noko aktivt for miljøet, som til dømes å fjerna stillehavsøsters frå sjøen.
  • Beste sommaraktivitet: Krabbefiske frå brygga med ungane.

— Me må sikra at Noreg skal halda fram med å vera eit land med så små skilnadar som mogleg. Som oftast er det dei med låg og middels låg inntekt som kjem dårlegast ut av det meste. Det må me gjera noko med, seier Kvalvik, som no er i permisjon frå jobben sin som rettleiar for ungdom og unge vaksne mellom 18 og 30 år i spørsmål som gjeld arbeidsavklaringspengar (AAP) i NAV-systemet.

Vervet som leiar for NTL Ung krev 100 prosent fokus, og med kone og tre barn kan det også til bli travelt på heimebane til tider.

— Det går som oftast veldig fint, seier Kvalvik.

Dette gjer han forbanna

Etter å ha jobba med AAPP i fleire år, har han med eigne auge sett korleis ordninga fungerer i praksis. Systemet har vore gjenstand for heftige politiske debattar i ei årrekke, og Kvalvik har vore mellom dei mest kritiske når det gjeld endringane som tredde i kraft i 2018.

At ordninga blei redusert frå fire til tre år, er noko Kvalvik ristar oppgitt på hovudet av. Det burde heller blitt endra den andre vegen, meiner NTL Ung-leiaren.

— Som sakshandsamar har eg sett tydelege teikn på at endringane som blei innførte, har ført til at fleire unge, som framleis har eit mål om å koma tilbake i arbeidslivet, blir pressa inn i trygde- og sosialhjelpsordningar altfor tidleg. Seinare har også undersøkingar, tal og statistikkar vist at det er akkurat dette som har skjedd, seier Kvalvik, og legg til:

Fakta

Tre kjappe

— Kva skal du i sommar?

— Det blir eit par veker på hytta på Hvaler. Hytta er ein ombygd låve og ikkje så superfancy, men staden er ekstremt fin. Mor mi har staden saman med syskena sine, så sommaren blir delt opp mellom dei. Ungane gler seg veldig!

— Kva er ditt beste sommarminne?

— Det må vera frå ein sommar me gjorde veldig mykje forskjelleg. Eg var vel seks eller sju år gammal, og me hadde ikkje så god råd, men me fekk oss mellom anna ein tur til Danmark. Uansett, det sterkaste minne frå den sommaren var då eg var med bestefar og fiska – og fekk mange fleire fisk enn han. Det hugsar eg var stas.

— Kva har vore det beste og verste med å ha heimekontor?

— Det beste har vore å kunna stå opp og spasera ti meter bort til der ein skal jobba. Det mest utfordrande er nok dette med å ha ungar heime rundt seg medan ein er på jobb. Kanskje brukar ein stemma annleis når ein snakkar kritisk med folk i jobbsamanheng, og dette kan nok vera vanskeleg for dei yngste å forstå. Generelt sett er eg veldig positiv til heimekontor.

— Det gjer meg rett og slett forbanna. Og det er eg ikkje redd for å seie frå om heller.

— Nøyaktig kva er det du blir forbanna på?

— Det er at ein rett og slett gir opp unge menneske som har eit mål om å fungera i arbeidslivet. Går man over i ei trygde- eller sosialhjelpsordning, er det vanskeleg å koma seg ut igjen. Uføretrygd fører ofte til at heile oppfølgingsbiten frå NAV fell vekk, men dersom ein får arbeidsavklaringspengar, blir ein følgt opp på ein måte som gjer at ein ser moglegheitene til å koma seg tilbake i arbeid, svarar Kvalvik, før han understrekar at for nokon , ja, kanskje veldig mange, så er det sjølvsagt rett å gå over på uføretrygd.

— Men i dag ser me at mange som ikkje hadde trengt det, blir tvinga inn i det. Og ja, det er akkurat det som gjer meg forbanna, poengterer 31-åringen frå Hønefoss.

Mange viktige saker

Kvalvik er utdanna statsvitar ved Universitetet i Oslo. Interessa for stat og fagpolitiske saker fekk han då engasjementet me så vidt har vore innom vaks seg stadig sterkare gjennom slutten av tenåra.

På spørsmål om kva som er dei viktigaste sakene for han reint arbeidspolitisk, og som leiar for NTL Ung, svarar Hønefoss-mannen at det er vanskeleg å trekka fram enkeltsaker.

— Når ein meiner at noko er ugreitt, er det faktisk i alle si interesse at nokon faktisk seier frå, seier Martin Kvalvik.

— Men det er klart, tema som til dømes midlertidigheit er noko som blir svært viktig å følgja nøye med på i tida som kjem. I universitets- og høgskulesektoren, og elles i dei akademiske yrka, har det lenge vore eit problem at ein ikkje får seg fast jobb. Utan ein fast jobb med ein skikkeleg arbeidskontrakt, er det vanskeleg til dømes å få seg bustadlån. Og når det er vanskeleg, blir fort andre ting vanskeleg.

— Så å kjempa for fleire faste stillingar, er openbart ei viktig sak for oss, seier Kvalvik, som også dreg fram reallønsvekst, klimasaka og det å få fleire til å melda seg inn i fagforeiningar som viktige fokusområde framover, både for han sjølv og NTL som organisasjon.

— Det å få fleire til å organisera seg er nok den viktigaste oppgåve me har. For at trepartssamarbeidet mellom arbeidsgjevar, arbeidstakar og staten skal fungera, er me avhengige av å ha ein viss storleik, seier Kvalvik bestemt.

— Folk er positive

Han meiner å merka at unge no til dags er meir engasjerte når det gjeld samfunnsspørsmål no enn det som var tilfelle før i tida. At rekordmange unge stemte ved det førre kommunevalet, er eit bevis på nettopp det, meiner Kvalvik.

— Me merkar at folk er positive til fagrørsla og den viktige jobben som blir gjort. Det veksande engasjementet blant dei unge er eit teikn på at fleire er interesserte i å stå opp for meiningane sine, seier Kvalvik, og legg til:

— Når ein meiner at noko er ugreitt, er det faktisk i alle si interesse at nokon faktisk seier frå. Så er det sjølvsagt lov å vera usamd i det som blir sagt, men det er viktig at informasjonen kjem ut. Gjer han ikkje det, får ein heller ikkje diskutert, drøfta og løyst problema.

Powered by Labrador CMS