statsbudsjettet

Dei har venta sidan 1930. No vil SV redda veksthuset

Først sa Solberg-regjeringa nei, så Støre og hans mannskap. No er SV håpet for Naturhistorisk museum.

Botanisk hage på Tøyen i Oslo. Ein del eksotiske vekster må vera innomhus, og planen var eit stort, nytt veksthus. Per no er planen skrinlagd.

– Eg kan ikkje svara for kva Hurdals-kameratane tenkte, men me i SV har ikkje tenkt å lata denne saka verta gløymd. Difor løftar me det opp i det alternative budsjettet vårt, og ønskjer å jobba på lag med resten av Oslo og med Naturhistorisk museum, seier stortingsrepresentant Marian Hussein (SV) til Uniforum.

Ho snakkar om veksthuset i Botanisk Hage. Huset er ein del av Naturhistorisk museum, og slik også ein del av Universitetet i Oslo. Heilt sidan 1970-talet har det vore snakk om å oppgradera bygget. No har det konkret vore gjennomført eit forprosjekt, og planane for eit moderne veksthus, med storleik som Oslo spektum, skulle byggast på Tøyen. Prislapp: 807 millionar kroner.

Museumsleiinga rekna med oppstartsmidlar i budsjettet for 2022, men Solberg-regjeringa hadde ikkje lagt det inn. Det låg heller ikkje inne då Støre og hans mannskap presenterte tilleggsproposisjonen. I staden er prosjektet føreslege skrinlagt.

Lang og kronglete veg

— Det er veldig valdsamt å skrinlegga eit så stort prosjekt, og det er heller ikkje kome ei grunngiving frå Kunnskapsdepartementet på kvifor dei meiner dei vil avslutta prosjektet for alltid, seier museet sin styreleiar Kristin Halvorsen til Dagsavisen.

Vidare seier ho at veksthuset på Tøyen skulle verta eit viktig undervisningsbidrag til skulane og universiteta, eit samlingspunkt for dei som bur på Tøyen og ein viktig attraksjon for Oslo.

I 2018 skreiv avisa Vårt Oslo om at veksthuset hadde fått ei løyving på 13,8 millionar til eit forprosjekt. Avisa skreiv då at heilt sidan 1930-talet hadde det vore planar om eit større veksthus. Før løyvinga i 2018 kom, hadde det vore fleire skjer i sjøen for huset. Mellom anna vart eit forprosjekt ein hadde brukt 40 millionar kroner på, skrota i 2013.

Svar: Det er mange store prosjekt

Uniforum skriv at i slutten av oktober ba stortingsrepresentant Kari Elisabeth Kaski og Oslo-ordførar Marianne Borgen, begge frå SV, om at den raudgrøne regjeringa berga veksthuset. Men svaret frå den sitjande regjeringa er det same som frå den førre: Det er mange store byggeprosjekt i sektoren.

Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel (Sp) skriv i ein e-post til Uniforum at UiO har nytt livsvitskapsbygg og Vikingtidsmuseet som sine to høgst prioriterte byggeprosjekt.

— Regjeringa er oppteken av at det skal vera god geografisk og fagleg fordeling av bygg og infrastruktur i sektoren, skriv Hoel, og viser til at Blått bygg ved nord universitet har fått pengar til oppstart.

Henrik Asheim, som nyleg gjekk av som forskings- og høgare utdanningsminister, seier til Dagsavisen at det ikkje er sett nokon spikar i kista. Men:

— Det me føreslår er at regjeringa og Stortinget ikkje går vidare med ei oppstartsløyving til dette bygget. Det betyr ikkje at bygget ikkje kan prioriterast på andre måtar. Dette er rett og slett rein prioritering.

UiO har sjølv sett nybygg for klinikkfunksjonane ved Det odontologiske fakultetet på førsteplass på ønskelista si, medan veksthuset er plassert på andreplass.

Powered by Labrador CMS