språk
Dei fleste internasjonale forskarar vil lære norsk
Sju av ti som har vore i Noreg i tre år eller meir, ønskjer å bli flinkare i norsk, viser ei undersøking frå NTNU. Men mange treng meir tid enn dei får.
Det er forskargruppa Voclex ved NTNU som står bak undersøkinga, som er gjennomført blant internasjonalt tilsette ved universitetet.
Den viser vidare at meir enn 90 prosent av dei fast tilsette med internasjonal bakgrunn, har gått på norskkurs. 6 av 10 seier at dei sjølv bestemte seg for å lære norsk, uavhengig av krav frå institusjonen.
Kvar tredje forskar i Noreg har ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) bakgrunn frå eit anna land. Ei undersøking som Språkrådet gjennomførte i 2022 viste at halvparten av undervisninga på masternivå ved NTNU, som er det største universitetet i Noreg, gjekk føre seg på engelsk. Drygt halvparten av doktorgradsstipendiatane
Førsteamanuensis og forskar ved NTNU og Voclex, Kjersti Faldet Listhaug, seier funna tyder på at motivasjonen for å lære norsk generelt er sterk.
— Vi såg også at dei som seier dei som brukar lite norsk i jobben sin, likevel har gått på norskkurs, mange heilt opp til B2-nivå, seier Listhaug til Khrono.
B2 svarer til høgare mellomnivå, der språkbrukaren skal kunne uttrykke seg flytande både skriftleg og munnleg.
Treng meir tid
I Handlingsplan for norsk fagspråk, som vart lagt fram av regjeringa i 2023, er det nettopp norskkompetanse på nivå B2 som er kravet. Det er venta at eit slikt krav blir lovfesta for tilsette med undervisningsoppgåver, som har vore tilsette i tre år eller meir.
Men B2 er ikkje nødvendigvis i seg sjølv formelen som løyser språkutfordringa. Akademikarar treng ofte eit spesialisert språk, og dei kjem frå ein svær variert både fagleg, språkleg og kulturell bakgrunn.
Tre av ti som har vore tilsett i meir enn tre år, seier dei ikkje føler dei kan nok norsk til å gjere jobben sin godt nok, og at dei treng meir tid. Samstundes er nær ein firedel svært sikre i bruk av norsk språk i arbeidet. Nokre av desse har svensk eller dansk som førstespråk.
— Veldig mange faktorar påverkar språklæringa, og dette er også svært individuelt. Frå undersøkinga vår kan vi sjå at det å ha lært språket på eit visst nivå, og det å føle seg funksjonell i jobben sin, ikkje er det same. For institusjonane er det viktig å vere klar over at det for nokon vil ta meir enn tre år bli trygge språkbrukarar. Kanskje er ikkje B2 nok for alle, seier Listhaug.
Vil bli inkludert
Medan motivasjonen ser ut til å vere sterk, kan NTNU-undersøkinga tyde på at det skortar meir på tilrettelegging frå arbeidsgivaren:
Berre halvparten av dei internasjonalt tilsette opplevde at leiarar og rettleiarar støtta dei i å lære norsk.
Like mange seier at språk har betydning for kor involverte dei er i diskusjonar og avgjersler på arbeidsplassen. Språk er også ein viktig faktor når dei vurderer å ta på seg ulike leiarroller i universitetssystemet.
Fleire deltakarar i undersøkinga peikte på at språklæringa ikkje berre handlar om kurs. Å bli inkludert i dei viktige møteplassane, både i og utanfor jobben, er viktig.
— For mange er ikkje norsk nødvendig for den vitskapelege karrieren. Men for å delta i universitetslivet blir det likevel sett på som viktig. Vi nordmenn er kanskje ikkje alltid så romslege, og ofte raske til å slå over til engelsk. Eg trur det er viktig å dyrke fram ein kultur for at ein ikkje treng å vere perfekt i språket. Kurs er viktig, men det er også rammer og miljø som støttar opp om læringa, seier Listhaug.
Ho understrekar at undersøkinga Voclex på NTNU har gjennomført, er heilt fersk, og at dei no skal analysere funna nærare før dei gjer ytterlegare vurderingar.