Det er professor og tidlegare BI-rektor Torger Reve som stiller spørsmålet, midt i eit lite resonnement om fenomenet. Honoris Causa. Æresdoktorat.Han kjem fram til at det knapt finst grenser.
— Universiteta har funne ut at dette kan brukast til å etablere relasjonar. Til PR. Men med å dele ut æresdoktorat berre for merksemda sin del, til nokon som er populære, viktige, eller har gitt frå seg mykje pengar, då undergrev ein heile ordninga.
Det finst fleire hundre av dei, berre i Noreg, av doktorane utan grad. På klodenivå kan dei teljast i tusental. Rekorden har buddhisten og fredsaktivisten Daisaku Ikeda med rundt 350.
Reve, den kjende økonomiprofessoren lurte litt, då han såg at Sergej Lavrov for nokre månader sidan var blitt tatt imot med presang og tale av rektor ved UiT - Noregs arktiske universitet, Dag Rune Olsen. Den russiske utanriksministeren var blitt tildelt æresdoktorat for sitt «fredsprosjekt» i nord.
Kva slags akademiske merittar har gitt den ære? lurte Reve.
Ingen, svarte Olsen.
«Hele poenget er at det IKKE er tildelt etter akademiske meritter», skreiv rektoren i den vesle utvekslinga på Khronos Facebook-tråd.
Takk og trøbbel
Høgstemt takk og pris med pompøs regi er like gammalt som universitetet sjølv. Æresdoktorane blir som oftast kledde i dei same kappene og hattane, som dei andre doktorane, dei som har lange avhandlingar bak seg. Æresdoktorane får «vitnemål» med seg heim, og altså, retten til kalle seg doctor.
Den første skriv seg tilbake til 1478 og universitetet i Oxford. Då skal den unge Lionel Woodville, seinare mest kjent som biskop i Salisbury, ha fått den ære.
— Utdeling av æresdoktorat er ei oppskrift på å hamne i trøbbel. Universitetet ønsker å vere viktig for samfunnsdebatten. Men på sikt løner deg seg ikkje med billige PR-stunt, seier historieprofessor og ekspert på universitetshistorie, John Peter Collet.
— Skal du absolutt heidre ein gjestande president eller gud veit kva, ja, så risikerer du statskupp, krigar og korrupsjonssaker i neste runde. Det er ikkje til å unngå. I ettertid kan det verke som at du har gitt ære til folk som overhovudet ikkje fortener det.
Assosiasjonane sneiar innom Romania før 1990 og diktatoren Nicolae Ceausescu.
— Han var storsamlar. Og når han fekk, måtte sjølvsagt også kona hans få. Heldigvis fekk han ingen frå norske institusjonar, seier Collet.
Dét er ikkje nødvendigvis fordi vi er så innmari kloke her på berget.
— Nei, det skuldast at vi har ein kort tradisjon for æresdoktorat i Noreg. Det er i hovudsak brukt for å heidre framståande vitskapsfolk for det dei har gjort. Det ser for meg ut som UiT har gått veldig langt i å heidre politisk verksemd. Det har dei andre universiteta stort sett unngått, seier professoren.
Skjer det, blir det første gong eit universitet i Noreg trekker eit æresdoktorat tilbake.
Ceausescu er langt frå den einaste diktatoren som har fått æresdoktorat. Eit spennande eksempel er Zimbabwes tidlegare frigjeringshelt, seinare tyrann, Robert Gabriel Mugabe.
Dr. Mugabe
Det såg så bra ut, tidleg på 1980-talet. Sør-Rhodesia, ein slags kolonial apartheidstat, måtte gi tapt, og fram kom Zimbabwe. Den tidlegare geriljaleiaren og statsminister i det nye landet, Robert Mugabe, tala om forsoning. Demokrati. Fred.
Spol fram ti, tjue, tretti år. Not so much.
Men då hadde alt Mugabe, som hadde ikkje mindre enn tre ekte doktorgradar i beltet, fått seg ein god bunke æresdoktorat. Talet varierer mellom 10 og 50, litt avhengig av kjeldene. Det eine vart delt ut frå Universitetet i Edinburgh i 1984, for hans «innsats for utdanning i Afrika». 23 år etter annonserte rektor at æresdoktoratet vart trekt tilbake.
Køen av rapportar om menneskerettsbrot og korrupsjon frå Zimbabwe vart for lang, presset frå studentorganisasjonane for påtakeleg. Frå før skal også professorar ved universitet, med kjennskap til Mugabes massakrar i Matabeleland-regionen allereie på åttitalet, ha pressa på for å få æresdoktoratet trekt tilbake.
Michigan State University i USA følgde etter. Æresdoktoratet Mugabe vart tildelt frå det juridiske fakultetet i 1990 vart annullert i 2008.
Men Mugabe er altså ikkje den einaste i diktatorklubben med Honoris Causa på CV-en. Tvert imot: Muamar Gaddafi. Sultanen av Brunei. Bashar al-Assad. To name a few.
Blant dei meir dagsaktuelle er Kinas president, Xi Jinping, og ikkje minst Vladimir Putin, som skal ha fått æresdoktorat ved Tsinghua-universitetet i Kina i 2019. På det same universitetet, utan anna samanlikning, fekk den norske professoren Nils Chr. Stenseth, æresdoktorat i 2018.
Medan vi er i Kina: Rektor Dag Rune Olsen — som altså er i søkelyset etter æresdoktoratet til Sergej Lavrov — har æresdoktorat ved Shandong-universitetet der.
Det er kanskje enklare å gi til ordentlege kjendisar, trass alt. Er det ikkje?
Diddy. Bono. Jon
Ei oppteljing frå nyare tid tyder i alle fall på at 'kjent og populær' har vore viktige kriterium kringom i verda. Diddy. Bon Jovi. Meryl Streep. Mike Tyson. I kjendislandet USA har det gått inflasjon.
Bono, kjend frå det irske rockebandet U2, takka nei til tilbod om æresdoktorat frå New York University i 2013. Han ville ikkje ta glansen frå dottera, som skulle ta imot vitnemål under den same seremonien. Men så hadde Bono også æresdoktorat frå før, som han fekk frå Trinity College i 2003. Han har også eitt frå Universitet i Pennsylvania.
Å gi æresdoktorat til folk som har utmerkt seg i kulturlivet er i prinsippet greitt, meiner BI-professor Reve,
— Det kan ligge ei fagleg anerkjenning i det, det er det som er viktig. Litteraturen er eit slikt felt. Men som sagt, om det berre handlar om merksemd, vatnar det berre ut ordninga.
Jon Fosse er innanfor, meiner Reve. Han vart æresdoktor ved Universitetet i Bergen (UiB) i 2015. Professorkollega Collet er meir skeptisk.
— Kva er poenget? Er det viktig for Jon Fosse å vere æresdoktor? Sjølvsagt ikkje. Det er nok viktigare for Universitetet i Bergen.
Dessverre for universiteta som skal peike ut æresdoktorar, er også kjendisar menneske. Dei kan verke som verdas koselegaste — og på same tid — absolutt ikkje. Slik var det med komikaren og TV-stjerna Bill Cosby, den morosame pappaen frå åttitalets Cosby Show.
Så begynte historier om seksuelle overgrep å piple fram Ei, to, ti, seksti.
I 2018 trekte prestisjeuniversitetet Yale tilbake æresdoktoratet hans etter at han vart dømt for å ha dopa ned og deretter valdteke Andrea Constand i heimen sin i Philadelphia i 2014. Deretter minka samlinga av æresdoktorat i høgt tempo, ettersom den eine etter den andre institusjonen bestemte seg for å trekke doktorata tilbake.
Cosby er ikkje åleine. Etter at New York Times og New Yorker publiserte ein artikkel om filmprodusenten Harvey Weinstein 5. oktober 2017 har ei rad kjente og tidlegare respekterte personar gått frå ære til vanære.
Weinsteins æresdoktorat frå University at Buffalo, der han sjølv hadde vore student, vart fjerna berre dagar seinare.
«Før han ble helt gærn »
Lovbrot eller generelt utsvevande praksis er naturlegvis ikkje noko spesielt for nyare tid. På 1600- og 1700-talet vart æresdoktorata delte ut til kongelege og andre, utan spesielt grundig komitearbeid, fortel John Peter Collet.
— Christian den 7. av Danmark-Noreg, den sinnssjuke kongen, var på ein tur i heilt unge år, «før han ble helt gærn». Han var i Oxford og Cambridge. I Cambridge blei både han og livlegen hans, Struensee, utnemnde til æresdoktorar. Då dei fekk høyre det i Oxford, skunda dei seg å gi, dei også.
Henrik Ibsen fekk æresdoktorat i Uppsala i 1877.
— Den tittelen brukte han mykje. Dr. Ibsen, fortel historikaren.
Som han alt har vore inne på, det er mest fordi vi kom seint i gang, at det ikkje var like gale her i landet. Det første universitetet, i Christiania, opna først i 1811. Då blei det også opna for å kunne gi æresdoktorat. Men ikkje ein einaste blei kreert, og i 1845 var det slutt. Stortinget meinte praksisen var i strid med grunnlova.
I 1902 opna styresmaktene opp igjen. Eit stort jubileum skulle feirast for den norske matematikaren Nils Henrik Abel. Det var eit behov for å kunne opprette æresdoktorat for ymse framståande matematikarar ute i verda. I 1905 fekk universitet i Oslo permanent lov til å gi æresdoktorat.
— I Oslo var ein svært forsiktig med å gi dette til andre enn svært fortente vitskapsmenn i klassisk forstand. Det gjekk ikkje til innovatørar, seier Collet.
Men heller ikkje her er regelen utan unntak.
Før skatt
— I 1946 vart det delt ut eit par æresdoktorat for innsats under krigen: Prins Carl av Sverige, som hadde vore president i svenske Raudekrossen og hjelpt norske studentar, fekk den eine. Nevøen hans, grev Folke Bernadotte, fekk det andre for å ha redda norske studentar frå tysk fangeskap.
Eit anna påfallande unntak er Winston Churchill, som fekk æresdoktoratet då han var på veg til Stockholm for å ta imot nobelprisen i litteratur.
— Fram til 1961 vart æresdoktorat i Oslo ikkje gitt til andre enn utlendingar. Men det året fekk tre nordmenn doktorat. Helge Ingstad, Thor Heyerdahl og skipsreiaren Anders Jahre. Heyerdahl blei etter kvart svært kontroversiell, ettersom det viste seg at han hadde dei raraste meiningar om forsking. Han blei sterkt kritisert fordi han gjekk rundt og kalla seg doktor. Men det kunne han, han var jo blitt kreert!
Og så var det Jahre, då.
Det viste seg at pengane han gav til universitetet skulle ha blitt betalt i skatt året før. Så det blei eit problem, kan du seie
John Peter Collet, historikar
— Det viste seg at pengane han gav til universitetet skulle ha blitt betalt i skatt året før. Så det blei eit problem, kan du seie.
Universitetshistorikar Collet humrar i telefonen. Han kjem i hug ein underleg førespurnad han fekk for nokre år tilbake.
Det skulle vere 200-årsjubileum for Universitetet i Oslo, då han fekk ein e-post: «Var det tradisjon for å utnemne kongelege som æresdoktorar?»
— Det viste seg at pedagogane ved det utdanningsvitskapelege fakultetet hadde vurdert å gi æresdoktorat til dronninga av Jordan. Av grunnar som eg ikkje kjenner til blei det aldri noko av. Det skal vi kanskje vere glade for.
Universitetet i Bergen har for kort tid sidan annonsert neste runde. Til våren skal åtte nye kreerast, seks forskarar, ein kunstar og ein tidlegare forskar. Den tidlegare forskaren er forfattar Bergsveinn Birgisson. Han har doktorgrad i filologi frå UiB og jobba der i mange år. Men han sa opp.
— Universitetssystemet har svikta. Dei er ikkje lengre opptatt av å formidle fortida til folk flest, men har latt historiefaget bli eit fag for ein snever flokk med spesialistar, sa han til NFFO-Bulletin.
No har universitetssystemet bestemt at han skal heidrast, få ein ekstra grad, gratis og uforpliktande.
Paragraf 3
Formelt sett er ikkje æresdoktorat frå norske universitet noko ivrige eller PR-kåte universitetsleiarar kan klistre på kven som helst. Universitets- og høyskoleloven paragraf 3 slår fast at det skal dreie seg om «betydningsfull vitenskapelig eller kunstnerisk innsats, eller fremragende arbeid til gavn for vitenskapen eller kunsten».
Det er eit kriterium som i stor grad manifesterer seg på listene til dei ulike universiteta. Men det finst unntak, dei fleste på UiT. I tillegg til Sergej Lavrov, som rektor utvitydig har slått fast er æresdoktor på grunn av politiske merittar, står der nokre andre som ikkje er der primært på grunn av fag. Som Mikhail Gorbatsjov, Desmond Tutu, Dalai Lama og Rigoberta Menchu — alle politiske og religiøse prominensar med fredelege hensikter.
— Eg trur ikkje vilkåra for å tildele æresdoktorat blir oppfatta som ei juridisk problemstilling, sjølv om det er nemnt i lova, seier jussprofessor Jan Fridthjof Bernt, mannen som førte den førre universitets- og høgskulelova i pennen.
Han han forresten eit æresdoktorat i lomma sjølv, frå Københavns universitet.
— Framifrå faglege merittar er sjølvsagt oftast den sentrale grunngjevinga, ofte saman med oppdrag for, eller anna fagleg samarbeid med institusjonen. Men også tildeling til store sponsorar, som gir pengar til forsking eller til museum og andre bygningar, blir oppfatta som relativt uproblematisk, fordi dei er med å gi viktige bidrag til forsking og utdanning, meiner Bernt.
Med æresdoktor-lova er det kanskje litt som med språklova. Ho finst, men få bryr seg.
Uproblematisk problem
Kjem UiT til trekke tilbake æresdoktoratet til Sergej Lavrov?
Høgres stortingspolitikar frå Troms, Erlend Svardal Bøe, syntest absolutt at universitetet burde vurdere det, i eit intervju med VG. Det var før invasjonen i Ukraina.
— Det han fekk, det står ved lag. Eg tenker det er heilt uproblematisk, sa rektor Dag Rune Olsen, til Khrono, også det før invasjonen.
Olsen hadde æra av å tale og overrekke gåve til Lavrov i oktober i fjor, sidan Lavrov i 2013 ikkje kom for å ta imot æresdoktoratet. Det var arbeidet med delelinjeavtalen i Barentshavet som var hovudgrunnen til tildelinga. Jonas Gahr Støre, som den gong var utanriksminister (i noverande NATO-sjef) Jens Stoltenbergs regjering, fekk også æresdoktorat for dette.
Æresdoktoratet står seg, meinte også tidlegare rektor Jarle Aarbakke, i intervju med Khrono
— Som fredsprosjekt mellom naboar i nord, sa Aarbakke, ei veke før invasjonen.
«Russlands invasjon av Ukraina og utenriksminister Lavrovs rolle gjør at det nå er både viktig og riktig at det blir reist en debatt om Lavrovs æresdoktortittel ved UiT, heiter det i pressemelding frå universitetet».
Universitetshistorikar Collet forstår at UiT ønskjer å spele ei samfunnsmessig rolle — stå for gode verdiar.
— Det kostar veldig lite å dele ut æresdoktorat. Ein kjem i avisa, «vi hyller gode verdiar». Men å heidre aktive politikarar er eit sjansespel. Det som først er billig, kan bli dyrt, seier han.
Kanskje finst det ingen sikre kort.
Mor Teresa, som fekk Nobels fredspris i 1979, var ei tid framstilt som ein slags inkarnasjon av det gode. Ho har fleire æresdoktorat, mellom anna frå Harvard. Men ikkje alt passar for alle, for eksempel då ho i 1988 kalla abort for den største trusselen mot verdsfreden.
Æresstader
Ikkje alle norske universitet deler ut æresdoktorat. Det aller ferskaste, Universitetet i Søraust-Noreg, har ikkje. I starten var det nokre samtalar om dette, hugsar styreleiar Tore Isaksen. Det var jo kanskje noko eit universitet burde utstyre seg med?
Nord universitet har nok med å berge dei ekte doktorgradane.
OsloMet, derimot, kreerte sine første i 2020. Dei var alle akademikarar. Ingen filmstjerner, ingen utanriksministrar, ingen, må ein kunne kalkulere, aspirerande diktatorar.
Kva med Høgskulen på Vestlandet, det som blir Noregs neste universitet, om dei får det som dei vil?
— Det har vi tenkt på, ja, som del av universitetsbygginga. Eller rettare sagt, vi kjem nok til å gjere det, seier rektor Gunnar Yttri, som også er historikar.
Han understrekar at dei ikkje har kome langt i planlegginga, om det blir rom for milliardærar og kjendisar, kan han ikkje forskotere. Historikaren er fullstendig klar over at fortida er full av heltar som fall. Men personleg meiner han det bør vere høgt under æresdoktor-taket.
— Det finst menneske som presterer på kryss og tvers, som er overskridande, som kryssar både fag og grenser i verk og gjerning, seier han.
Hedersprisen for 2025 fra Norsk sosiologiforening er tildelt professor emeritus Pål Repstad ved Universitetet i Agder.
Prisen går til personer som har preget norsk sosiologi, eller norske sosiologer som har markert seg internasjonalt. Universitetet melder dette på sin nettside. Repstad var sentral i å bygge opp det sørlandske sosiologimiljøet og har gitt vesentlige bidrag til etablering av religionsstudier som sosiologisk fagfelt.
– Å lese Pål Repstad er som å bruke en god barberhøvel. Det er såpass behagelig at man ikke merker hvor skarpt det faktisk er, skrev en av dem som nominerte Repstad til prisen.
Repstad er aktiv forsker, og publiserer fremdeles ulike vitenskapelige arbeid, kronikker og mer. Han har veiledet 26 doktorgradsstipendiater, og vært en viktig brobygger mellom teologi og sosiologi, står det i jurybegrunnelsen.
Fra 2026 gis det fritak for eiendomsskatt på studentboliger i Trondheim.
Det skriver Sit, som er studentsamskipnaden for studenter i Trondheim, Ålesund og Gjøvik, i en pressemelding.
Tiltaket vil frigjøre over seks millioner kroner til studentvelferd.
Vi mener det er viktig å legge til rette for bygging av flere studentboliger. I tillegg vet vi at mange studenter sliter med psykiske utfordringer og ensomhet. Mer penger til studentvelferd kan bidra til bedre livskvalitet for studentene, uttalte byråd for utvikling i Trondheim, Lars Viko Gaupset, da nyheten ble offentliggjort mandag.
Administrerende direktør i Sit, Morten Wolden, er naturligvis fornøyd med byrådets vedtak.
— Som en non-profit organisasjon som jobber for studentenes beste, betyr 6,2 millioner i redusert eiendomsskatt 6,2 millioner mer til studentvelferd, understreket han.
— Dette er kjempestort. Det blir et viktig tilskudd til dem som trenger det mest. De fleste studenter lever godt under fattigdomsgrensa og har en svært trang økonomi. Dette tilsvarer omtrent 100 kroner mindre i leie for hver student som bor hos Sit, uttaler leder i Velferdstinget i Gjøvik, Ålesund og Trondheim, Jakob Selfors.
NTNU er kåret til årets beste lærebedrift i staten for 2024. Prisen ble delt ut av digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap) mandag.
Det melder NTNU i en pressemelding.
Prisen deles ut hvert år til en virksomhet i staten som utmerker seg ved å satse ekstra på lærlinger.
I begrunnelsen fra juryen kan man blant annet lese at NTNU imponerer ved måten de tilrettelegger for gode læringsforhold faglig og sosialt.
— NTNU kan klappe seg på skulderen både for å motta prisen og for det arbeidet som er gjort. Lærlinger ved NTNU kan være trygge på at de får den oppfølginga de skal ha, uttalte Karianne Tung under utdelingen mandag.
Det var direktør for organisasjon og infrastruktur ved NTNU, Bjørn Haugstad, som mottok prisen på vegne av universitetet.
— Vi setter stor pris på at vi blir sett og anerkjent. Det gir oss god motivasjon for det videre arbeidet med lærlinger og lærekandidater, sa Haugstad.
NTNU har i dag rundt 70 lærlinger i over 20 ulike lærefag.
Sparebanken Møre gir 4,2 millionar til etablering av eit KI-samarbeid ved Høgskulen i Volda (HVO).
Gåva er den største private tildelinga høgskulen har fått til forsking nokosinne, skriv høgskulen i ei pressemelding.
Totalt får Høgskule i Volda 10,2 millionar kroner i støtte frå Sparbenaken møre, til prosjekt både ved høgskule og til Aasenkvartalet.
Banken støtter også etablering av eit såkalla Newton-rom (høgteknologisk klasserom) med 5 millionar kroner og kultur- og konferansescene med 1 million kroner, begge i utviklingsprosjektet Aasenkvartalet, står det i pressemeldinga frå HVO.
Forskingssjef ved Høgskulen i Volda, Henriette Hafsaas, uttaler at høgskulen er svært takksame for pengegåva frå banken.
— Vi vil forske på samfunnskonsekvensane av KI og finne ut korleis vi kan nytte teknologien på ein best mogleg måte saman med partnarane våre, seier Hafsaas.
Fra mandag 3. februar til fredag 7. februar kan man feire samisk kultur og historie ved UiT Norges arktiske universitet. Mesteparten av programmet foregår i Tromsø.
Hoveddagen blir selvsagt torsdag 6. februar, som er samenes nasjonaldag. Dag Rune Olsen vil da ta turen til Alta for å feire dagen sammen med blant andre sametingspresident Silje Karine Mutoka (NSR).
UiT skriver i en pressemelding at det i forbindelse med nasjonaldagen blir musikalske innslag, i tillegg til at forskningsgruppen Indigenous Voices (IVO) skal presentere aktuell forskning gjennom fremlegg, posters og bøker.
I Tromsø er alle nysgjerrige velkomne til å lære mer om samisk språk, kunst og forskning i Solhallen 4. februar. Her har de nemlig for første gang et Samisk fagtorg, hvor man kan få innsikt i samiske forskningsprosjekter og høre på panelsamtale ledet Samisk studentforening om å være student ved UiT, står det i pressemeldingen.
Etter at Senterpartiet valgte å trekke seg fra regjeringen torsdag ettermiddag, er Arbeiderpartiet eneste gjenværende parti i regjeringen. Det betyr at de også overtar statsrådsposten for forskning og høyere utdanning som Senterpartiet har hatt ansvar for de siste tre og et halvt årene.
Når det skjer har Akademiet for yngre forskere tre satsingsområder som de ber Arbeiderpartiet ha fokus på.
1. En storstilt satsing på forskning.
— Universitets- og høyskolesektoren merker trangere økonomiske rammer, og dette må snus. En solid satsing vil også gjøre forskning til en mer attraktiv karrierevei for unge, skriver leder Guro Nore Fløgstad, i en pressemelding.
2. Mer internasjonalisering.
— De siste årene har vist en nasjonal dreining i norsk forskningspolitikk. Retningen må snus for å styrke Norges posisjon i den globale forskningsverdenen, og gjøre det enklere med internasjonal mobilitet, skriver Fløgstad.
3. Forskning må bli en vinnersak i stortingsvalget.
— Vi trenger konkrete løfter og en tverrpolitisk, tydelig satsing for å sikre at Norge holder tritt med utviklingen og sikre at vi har konkurransekraft, skriver Fløgstad.
Et nytt statsråd med ansvar for studentene må sikre at studentene fortsatt vil få gode velferdstilbud, sier Rita Hirsum Lystad, styreleder i Samskipnadsrådet, i en pressemelding.
Lystad sier det konkret er to tiltak som er svært viktige for Samskipnadsråden å løfte fram for et nytt statsråd. Studentsamskipnadene ønsker å sikre at studentene får tilgjengelige og rimelige velferdstjenester, noe som gjør finansiering og forutsigbarhet i rammevilkårene svært viktig.
— Arbeiderpartiet har gått til valg på å styrke velferdstilbudet til studentene og satse på studentenes psykiske helse, og Samskipnadsrådet forventer og tror på at dette vil bli gjenspeilet hos den nye statsråden som kommer.
Hun sier også at samskipnadene er takknemlige for samarbeidet de har hatt med Hoel, og anerkjenner hans innsats for studentboliger og studentvelferd.
Ivar Skeie ble onsdag 29. januar tildelt kongens fortjenestemedalje i en seremoni på Universitetet i Oslo (UiO).
Skeie har arbeidet for å forbedre behandlingstilbudet til pasienter med rus- og avhengighetslidelser, blant annet gjennom sin doktorgradsforskning og bidrag til nasjonale retningslinjer for LAR (legemiddelassistert rehabilitering). Han beskrives av kolleger og pasienter som en dedikert lege som vektlegger helheten i pasientbehandlingen, skriver UiO på sin nettside.
Visedekan Grete Dyb ved Det medisinske fakultet på UiO overrekte medaljen til Skeie. Seremonien ble arrangert av Senter for rus- og avhengighetsforskning (Seraf).