Hyllest

Han er Putins høgre hand og æres­doktor ved UiT. — Ikkje eit problem, seier rektor

Sergej Lavrov er ikkje berre Russlands utanriksminister. Han er også æresdoktor ved UiT - Noregs arktiske universitet.

Rektor ved UiT, Dag Rune Olsen, fekk æra av å overrekke gåva og halde talen for Sergej Lavrov då han besøkte Tromsø i oktober 2021. Ifølgje Olsen er æresdoktoratet til Lavrov ikkje basert på akademiske merittar.
Publisert Oppdatert

Det er faren for ein storkrig i Europa, som følgje av ein eventuell russisk invasjon i Ukraina, som løftar Sergej Lavrov til overskriftene i desse dagar. I Noreg vil også mange ha fått med seg at Russland for få dagar sidan vart utpeikt av norsk etterretning som den største trusselen mot norske interesser - forskingssektoren inkludert.

Æresdoktoratet står seg. Som fredsprosjekt mellom naboar i nord

Jarle Aarbakke, tidlegare rektor ved UiT

Men for berre nokre månader sidan besøkte den russiske utanriksministeren UiT Noregs arktiske universitet på eit heilt anna oppdrag:

Lavrov, «Putin-regimets dannede ansikt», som han er blitt kalla, møtte rektor Dag Rune Olsen for å ta imot heider og ære frå det norske universitetet, ni år på overtid.

— Så klart, det er alltid ein fare for politisk kontrovers når ein utnemner nokon frå toppolitikkens arena. Det følgjer med. Det må ein berre ta for det det er, seier Olsen.

Det begynte med eit universitetsstyremøte i Tromsø ein solfylt, men vindfull junidag i 2011. På dåverande rektor Jarle Aarbakkes initiativ vedtok styret å utnemne Russlands utanriksminister, Sergej Lavrov, til æresdoktor.

Grunngivinga var, i ein forstand, Lavrovs bidrag til fred.

Støre, Stoltenberg, Lavrov

— Bak grunngivinga den gongen var eit klima det er vanskeleg å tenke seg tilbake til, sjølv om det ikkje er meir enn ti år tilbake i tid, seier Jarle Aarbakke.

«Litt under radaren», som han uttrykker det, drog han til Russland i juni 1992 for å opne det første offisielle samarbeidet UiT oppretta på andre sida av grensa, med Arkhangelsk universitet. Bandet voks seg sterkare. Universitetssjukehuset i Tromsø sendte blant anna ein av dei mest meritterte hjartekirurgane sine austover, som etablerte den første hjarteavdelinga i byen på søraust-sida av Kvitsjøen.

9. november 2005 møttest Støre, den gong utanriksminister Jonas Gahr Støre, i dåverande statsminister og noverande Nato-sjef Jens Stoltenbergs regjering, Lavrov i Harstad.

Aarbakke gjer detaljert greie for tidslinja som førte fram mot universitetsstyrevedtaket i 2011.

— Støre og Lavrov lykkast å bli einige om å få signert delelinjeavtalen som det var blitt arbeidd med i 40 år. Den vart underteikna i 2010, ratifisert av dei to nasjonalforsamlingane, og operativ frå 2011.

Sergej Lavrov og Jonas Gahr Støre signerer delelinjeavtalen i Murmansk i 2010. Noreg og Russland var i meir enn 40 år ueinige om grensene i Barentshavet. I bakgrunnen Jens Stoltenberg.

— Det vart liksom krona på verket, tenkte eg då, seier Aarbakke.

– I grunngivinga var ein honnør av delelinjeavtalen som diplomatisk mesterstykke og ei anerkjenning av nordområdepolitikken.

Eit samarbeid, folk til folk i breidda, med Aarbakkes ord – hadde blant anna med UiTs hjelp lagt grunnlaget for den historiske avtalen.

Jonas Gahr Støre vart samstundes med Lavrov utnemnd til æresdoktor.

Konfliktane - i ettertid

Fakta

Sergej Lavrov

  • Utdanna ved Moskvas statlege institutt for internasjonale forhold, MGIMO, uteksaminert i 1972. Spesialiserte seg på lankesiske forhold og lærte singhalesisk.
  • Utstasjonert på den sovjetiske ambassanden i Sri Lnake frå 1972 til 1976. Tilsett i sovjetisk UD frå 1976. Tilsett ved Sovjets FNs representasjon i FN i New York frå 1988.
  • Russisk viseutanriksminister frå 1992-1994. Russlands ambassadør til FN fram til 2004 då han blei utanriksminister.

— Eg møtte sjølv Lavrov i Kirkenes seint på 2000-talet. I talen sin den gong peikte han på at den siste blodige samanstøyten mellom dåtidas nordvest-russarar og nordaust-nordmenn var i 1326, fortel Aarbakke.

Det herska på den tida ein «tilstand av betydeleg samarbeid og avspenning, mellom forskarar og studentar på utveksling», hugsar den tidlegare UiT-rektoren. Ikkje at valet av ein russisk utanriksminister som æresdoktor vart gjennomført utan diskusjon.

— Det er alltid problematisk å utdele ærevisingar til sitjande politikarar, noko vi erkjente vil alle saman. Det er ikkje alt vi kan sjå på førehand. Lavrov har i ettertid vore med på mange konfliktar som ikkje akkurat er i tråd med det eg og dei andre i styret hadde sett for oss. Det skal eg ikkje legge skjul på.

— På den andre sida strekte han ut ei hand i møtet med den norske utanriksmnisteren Anniken Huitfeldt nyleg, og understreka betydninga av samarbeid på tvers, i forsking og utdanning, seier Aarbakke.

Også noverande rektor Olsen, kan vi legge til, strekte ut ei hand til utanriksminister Lavrov.

Ein vase. Snaps?

Då hadde det gått 13 år sidan vedtaket i universitetsstyret.

Lavrov vart naturlegvis invitert til Tromsø for å bli heidra for æresdoktoratet, det skulle skje i 2013. Dessverre for Lavrov, og UiT, hadde den norske kystvakta akkurat tvinga eit russisk skip til land. Det førte til ein diplomatisk tvist som gjorde at Lavrovs besøk ikkje fall naturleg.

Derfor vart det noverande rektor Dag Rune Olsens oppgåve å halde talen for Lavrov, når han denne gongen kom til Tromsø, og sette av tid i samband med ministermøtet i Barentsrådet. Under middagen seint i oktober i 2021 fekk han, på vegne av universitetet, overrekt ei gåve frå Olsen.

Medisinprofessoren Jarle Aarbakke var rektor ved UiT frå 2002 til 2013. Det var han som tok initiativet til Lavrovs æresdoktorat.

— Ein vase. Den russiske pressa trudde det var snapsglas, fortel Olsen muntert, på telefon frå polarbyen.

Humøret smittar neppe over på eventuelle ukrainske samarbeidspartnarar.

Denne gongen er bakteppet eit anna enn den gongen universitetsstyret utnemnde den russiske utanriksministeren til heider og ære for fredeleg innsats. Russiske troppar står oppmarsjerte ved den ukrainske grensa. Nato, med Støres gamle sjef, Stoltenberg, i spissen, er i hissig ordkrig med Russlands utanriksminister: UiTs æresdoktor, Sergej Lavrov.

Fakta

Æresdoktorar ved UiT

  • Den første æresdoktoren ved UiT var utnemnd i 1982 (Peter F. Hjort). I dag er det 41 æresdoktorar ved universitetet. Blant dei andre, kjente internasjonale æresdoktorane er Salman Rushdie, Dalai Lama, Mikhail Gorbatsjov og Desmond Tutu.
  • Då Mordechai Vanunu blei utnemnt i 2001 for «det personlige motet han utviste ved å avsløre atomvåpenproduksjonen i Israel», førte det til protestar frå den israelske ambassaden.
  • Ifølgje UiT kan æresdoktorar utnemnast enten på grunnlag av «særleg vitskapeleg innsats eller framifrå arbeid til gang for vitskapen eller kvalitetar eller innsats av særskilt tyding for universitetssamfunnet».

Nyleg åtvara PST (Politiets sikkerheitsteneste) og E-tenesta Olsen og andre norske rektorar om at Russland er den største etterretningstrusselen mot norske universitet, som «nærest regelmessig blir utsette for (digitale) innbrot».

— Heilt uproblematisk

— Vi har ingen tradisjon for å tilbakekalle. Det han fekk, det står ved lag. Eg tenker det er heilt uproblematisk. Dette er ikkje ei utnemning for akademiske merittar. Og delelinja i nord står seg, seier Olsen.

Han seier at det er naturleg at det kjem kritikk, slik situasjonen er no.

— Men eg vil håpe at kritikken i så fall handlar om krig. Dersom du utnemner ein av verdas mektigaste utanriksministrar til æresdoktor, vil det vere rart om ikkje verdas auge blir retta mot vedkomande, seier Olsen.

Dermed blir han ståande, Lavrov, som ein av UiTs æresdoktorar. På universitets nettsider flankert av Jonas Gahr Støre og den nordnorske novelleforfattaren Laila Stien.

Heller ikkje Aarbakke meiner det er nokon grunn til å revurdere heider og ære han i si tid tok initiativet til for den russiske utanriksministeren.

— Æresdoktoratet står seg. Som fredsprosjekt mellom naboar i nord.

***

Retting 18.02.22, kl. 18.00: I artikkelen stod det opphavleg at Arkhangelsk ligg på Kolahalvøya. Det er ikkje rett. Arkhangelsk ligg søraust for Kvitsjøen.

Retting 19.02.22, kl. 13.38: I artikkelen stod det opphavleg at UiT gav Lavrov ei utnemning for akademiske merittar. Ifølge Dag Rune Olsen er det ikkje for akademisk, men for samfunnsgavnlig arbeid, spesifikt for arbeidet med delelinja.

Powered by Labrador CMS