Her tar Dag Rune Olsen selfie på UHR-konferansen i fjor. Neste veke kan han bli vald til ny leiar for Universitets- og høgskolerådet (UHR). Foto: Siri Øverland Eriksen
Her tar Dag Rune Olsen selfie på UHR-konferansen i fjor. Neste veke kan han bli vald til ny leiar for Universitets- og høgskolerådet (UHR). Foto: Siri Øverland Eriksen

Olsen foreslått som ny leiar for landets universitet og høgskular

Ny leiar. Som noverande styremedlem i Universitets- og høgskulerådet (UHR) har Dag Rune Olsen meld forfall til 5 av 8 møte. Men som ny styreleiar vil han prioritere annleis, seier han.

Publisert   Sist oppdatert

Valkomiteen i Universitets- og høgskulerådet (UHR) har levert innstillinga si til nytt styre som skal veljast på representantskapsmøtet på Høgskolen i Østfold neste veke. Rundt halve styret blir foreslått bytta ut.

Fakta

Dette er Universitets- og høgskolerådet (UHR)

Universitets- og høgskolerådet (UHR) er en medlems- og interesseorganisasjon for l. UHR skal fremme universiteter og høyskolers 33 av landets universiteter og høgskoler som er godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (Nokut).

UHR skal bidra til samordning og arbeidsdeling i sektoren, og skape gode møteplasser for universiteter og høyskoler, nasjonale myndigheter samt andre nasjonale og internasjonale aktører.

Interesseorganisasjonen har 19 ansatte og et budsjett på 32,5 millioner kroner.

Kilde: Om UHR

Dei fleste styremøta i organisasjonen blir haldne i Oslo, og dei neste to åra er det forslag om at UiB-rektor Dag Rune Olsen frå Bergen skal vere leiar, og rektor Anne Husebekk frå UiT Norges arktiske universitet skal vere nestleiar. Dei vil ta over verva etter dagens leiar, Mari Sundli Tveit frå NMBU i Ås og BI-rektor og nestleiar Inge Jan Henjesand i Oslo.

Olsen og Bjørnboe mest forfall

Det er annleis å vere styreleiar enn vanleg medlem i styret.
Dag Rune Olsen
Rektor, Universitetet i Bergen

Rektor Dag Rune Olsen sit også som medlem i det noverande styret i Universitets- og høgskulerådet. Av åtte syremøte i 2018 og så langt i 2019, har han berre vore tilstades på tre møte.

Berre avgåtte direktør ved Universitetet i Oslo, Gunn Elin Aa Bjørneboe har meld oftare forfall til syremøta enn rektor Olsen, viser styreprotokollane. Den tidlegare UiO-direktøren har berre møtt opp på to av styremøta, og dermed altså droppa seks av dei. På tredjplass kjem tidlegare rektor ved Nord universitet, Bjørn Olsen, som gjekk av i januar i år.

Bjørneboe skal ikkje veljast for ein ny periode, men Dag Rune Olsen er foreslått som ny leiar for UHR-styret.

— Du har høgt fråfall på styremøta i fjor og hittil i år. Vil du ha tid til å prioritera styreleiarvervet i Universitets- og høgskulerådet?

— Ja, eg har tid til å prioritere dette. Det er annleis å vere styreleiar enn vanleg medlem i styret, seier Dag Rune Olsen.

Her er styret

Dei gamle universiteta, Universitetet i Bergen, UiT Norges arktiske universitet og NTNU er godt representerte i valkomiteen si innstilling.

Fakta

Valgkomiteen i UHR

Prorektor for nærregion Haugesund/Stord i HVL, Liv Reidun Grimstvedt. Haugesund kampus 10012017, under åpning av Høgskulen på Vestlandet. HVL.

Bildet: Liv Reidu Grimstveit, leder i valgkomiteen.

Slik skal styret settes sammen:

• Både direktører og rektorer skal være representert

• 6 medlemmer fra universitet eller store høgskoler og 3 fra små, private eller vitenskapelige høgskoler

• Ledere med både enhetlig og delt ledelse skal være representert

• Kjønnsbalanse

• Geografi

• Åremålsperiode innenfor valgperioden

Ut fra de betingelsene som ligger over, foreslår valgkomiteen følgende sammensetning av styret:

Dag Rune Olsen, UiB leiar (vara prorektor OsloMet, Nina Waaler)

Anne Husebekk, UiT, nestleiar (vara rektor Øystein Thøgersen, NHH)

Viserektor Bjarne Foss NTNU (vara prorektor Gro Bjørnerud Mo ,UiO)

Rektor Inge Jan Henjesand, BI (vara rektor )Arne Krumsvik Høyskolen Kristiania

Rektor Peter Tornquist Norges musikkhøgskole (vara Carl Morten Gjeldnes HiØ)

Rektor Louise Dedichen, Forsvarets høgskole (vara rektor Ingunn Moser VID)

Rektor Kathrine Skretting, HiInn S (vara Laila Susanne Vars Samisk høyskole)

Direktør Seunn SmithTønnessen, UiA (vara Lise Sofie Woie Norges idrettshøgskole)

Rektor Klaus Mohn UiS (vara Bjørg Kristin Selvik HVL)

Marte Øien. Berit Kjeldstad, Pål Pedersen og Liv Reidun Grimstvedt (leder) har vært valgkomite.

  • Rektor Dag Rune Olsen, UiB leiar (vara prorektor OsloMet, Nina Waaler)
  • Rektor Anne Husebekk, UiT, nestleiar (vara rektor Øystein Thøgersen, NHH)
  • Viserektor Bjarne Foss, NTNU (vara prorektor Gro Bjørnerud Mo ,UiO)
  • Rektor Inge Jan Henjesand, BI (vara rektor Arne Krumsvik Høyskolen Kristiania)
  • Rektor Peter Tornquist, Norges musikkhøgskole (vara Carl Morten Gjeldnes, HiØ)
  • Rektor Louise Dedichen, Forsvarets høgskole (vara rektor Ingunn Moser VID)
  • Rektor Kathrine Skretting, Høgskolen i Innlandet (vara rektor Laila Susanne Vars, Samisk høyskole)
  • Direktør Seunn SmithTønnessen, UiA (vara Lise Sofie Woie, Norges idrettshøgskole)
  • Rektor Klaus Mohn, UiS (vara Bjørg Kristin Selvik, HVL)

Rice vil ha styrehonorar

Curt Rice, rektor ved OsloMet, seier til Khrono at han sølvsagt forstår at valkomiteen har mange omsyn å ta, slik som kjønn og geografi for eksempel.

— Eg konstaterer at valkomiteen fremmer forslag om ein leiar og nestleiar som begge kjem frå dei gamle universiteta. Sjølv om eg primært hadde likt å sjå litt meir breidde i type institusjon, så har eg tillit til at både Dag Rune (Olsen. red.mrk) og Anne (Husebekk. red.mrk.) vil vere opptekne av å representere hele breidda av meiningsmangfaldet, og eg ønsker dei lykke til i desse viktige verva, seier Rice til Khrono.

Dag Rune Olsen ser det heile litt annleis.

— Det er nok eit litt meir blanda bilde enn ulikskapen mellom gamle og nye universitet her, sieer han og viser til at UiT har vore gjennom mange fusjonar, og er eit heilt annleis universitet enn Universitetet i Bergen.

— Det er sjølvsagt ein klår ulempe at valkomiteen sitt arbeid har blitt meir utfordrande etter alle fusjonar. Det er rett og slett færre kandidatar å velge mellom. seier Olsen.

OsloMet-rektor Curt Rice meiner at styreverva burde vore honorerte i UHR-styret.

— Eg ser ikkje bort ifrå at valkomiteens jobb vil være litt enklare viss ein fekk ei slags nominell anerkjenning for arbeidsinnsatsen. Styreverv i UHR sitt hovedstyre blir ikkje honorert, og det meiner eg er feil, seier Rice og meiner at sjølv om han aldri har sitte i UHR-styret, så har han eit inntrykk av at det omtrent er ein like stor jobb som å sitte i eit universitets- eller høgskulestyre.

— Og det kunne vore utgangspunkt for å fastsette honorar, meiner Rice.

Olsen: Pengar er ikkje motivasjonen

Her er påtroppande rektor Olsen usamd:

— Min motivasjon, og eg trur heller ikkje andres motivasjon for å delta i styrearbeidet i UHR, ville ikkje bli endra om det var styrehonorar. Dette er ikkje eit verv ein tar på seg på å tene til livets opphald, seier Olsen.

Rektor Rice har blitt spurt ein gong om å sitte i UHR-styret, men takka nei.

— Er dette med honorar grunnen til at du ikkje vil sitte i UHR-styret?

— Eg har ikkje sagt at eg ikkje har lyst til å sitte i styret. Eg blei spurd ein gong, men tidsklemma er slik at eg opplevde at eg måtte velje mellom å vere leiar i Komite for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (Kif-komiteen) eller UHR. Og da valde eg Kif. Ein kan gjerne vere med på dugnad, slik som eit styreverv i UHR er, men eg meiner prinsipielt at ein profesjonell innsats også bør bli anerkjent økonomisk, seier Rice.

Digitalisering, autonomi og økonomi

Ein kan gjerne vere med på dugnad, slik som eit styreverv i UHR er, men eg meiner prinsipielt at ein profesjonell innsats også bør bli anerkjent økonomisk.
Curt Rice
Rektor, OsloMet — storbyuniversitetet

Universitetsrektor Olsen i Bergen ser fram til fleire viktige arbeidsoppgåver som styreleiar i Universitets- og høgskulerådet (UHR), og nemnder både digitalisering, open vitskap og autonomi.

— Autonomien til universiteta står vel i ei prøve no med tanke på det som skjer ved Nord universitet om dagen?

— Det er sjølvsag viktig at universiteta er til stades for landet og studentane, og vi skal vere lydhøre på politikken. Men det kan ikkje bli slik at det kan gå ut over institusjonane sitt lovfesta og sjølvstendige ansvar. Den diskusjonen må vi ta, seier Olsen.

Dag Rune Olsen peiker også på at den sittande regjeringa har peika på at det vil komme til å bli strammare økonomisk i åra som kjem.

— Men når det gjeld finansiering er ikkje akkurat dei unge og dei gamle unviersiteta samde?

— Nei, ikkje på finansieringsmodell, men vi har mange felles interesser: Korleis handtere budsjettkutt for eksempel, hvis vi blir tvinga til å redusere tilsette. Er det ein felles måte å reagere på som sektor, spør Olsen og viser mellom anna til NTNU som nettopp har fått utarbeidd ein rapport som syner er at dei kan klare å kutte mellom 550 millionar og 2,2 milliardar kroner og over 360 årsverk.

Forfall på valmøtet

Onsdag i neste veke møtest representantar frå alle landets universitet og høgskular til representantskapsmøte i Fredrikstad. Der skal dei mellom anna velje nytt styre. Den foreslåtte nye leiaren, Dag Rune Olsen, har måttet melde forfall til møtet han skal veljast på. Han er oppteken med å leie sitt eige styremøte ved Universitetet i Bergen den dagen.

Her kan du sjå fleire av sakene representantskapsmøtet i Universitets- og høgskulerådet har på dagsorden.