F.v. Nestleiar i Universitets- og høgskolerådet, Liv Reidun Grimstveit, generalsekretær Alf Rasmussen og styreleiar Vidar Haanes leia onsdagens representantskapsmøte i Trondheim. Foto: Henriette Dæhli
F.v. Nestleiar i Universitets- og høgskolerådet, Liv Reidun Grimstveit, generalsekretær Alf Rasmussen og styreleiar Vidar Haanes leia onsdagens representantskapsmøte i Trondheim. Foto: Henriette Dæhli

Sjølvkritikk og botsøving for open scene

Historias første opne representantskapsmøte i Universitets- og høgskolerådet (UHR) starta med botsøving og sjølvkritikk.

Publisert   Sist oppdatert

Trondheim (Khrono): Interesseorganisasjonen for alle landets høgskular og universitet, Universitets- og høgskolerådet (UHR), var onsdag samla til representantskapsmøte med«halve verdspressa på benken», som det blei sagt. Og det for første gong.

Heilt sidan Høgskolerådet og Universitetsrådet slog seg saman for over 16 år sidan har møta vore lukka, og tilogmed dagsorden har vore hemmeleg. Men etter at Khrono ba om å få vere tilstades på eit møte for eit år sidan - og fekk nei, vedtok dei for eit halvt år sidan at møta i prinsippet skal vere opne, og det same med sakspapira og referat

Historisk usemje

Historisk har motsetnaden og usemje mellom universitet og høgskular vore stor, ikkje minst før dei to oganisasjonane fusjonerte.

På onsdagens møte var det også tydeleg å merke at ikkje alle medlemmane meiner det same. Det er særleg regjeringas framlegg om innføring av ein ny finansieringsmodell for universitets- og høgskulesektoren gjennom neste års statsbudsjett, som er grunnen til uro og splid. 

Vi må hjelpe til og passe på slik at statsråden får gjennomslag for dette budsjettet.

Mari Sundi tveit
Rektor, NMBU

Å syne svake sider ved eit budsjettframlegg er tvert i mot vår plikt å gjere.

Johann Roppen
Rektor, Høgskulen i Volda

Eg skilde ikkje rollene som rektor ved MF og styreleiar i UHR strengt nok. Og eg tar sjølvkritikk på at eg uttalte meg for raskt.

Vidar Haanes
Styreleiar, Univiersitets- og høgskolerådet (UHR)

Når vi skal sette saman eit styre, må vi leite etter dei folka som har kraft, og strategisk og politisk evne til å fremje heile sektoren og ikke dei som kjem inn i styret for å fremje sine eigen sær-interesser.

Mari Sundli Tveit
Rektor, NMBU

Det er  utruleg viktig å ha ei sakleg tone – også når ein bli intervjua i Khrono.

Frank Reichert
Rektor, Universitetet i Agder

Eg kjenner meg  fri til å vere talerøyr for min eigen institusjon, Høgskolen i Oslo og Akershus.

Curt Rice
Rektor, Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA)

Kjeft for statsbudsjett-utspel

Vidar Haanes, rektor ved Menighetsfakultetet (MF,) har vore styreleiar for den krevjande forsamlinga i eitt år, og har nettopp handsama statsråd Isaksens forslag til budsjett for neste år, på vegner av UHR. Og det har han fått kjeft for. 

Den relativt ferske styreleiaren starta derfor onsdagens møte med å ta sjølvkritikk fordi han hadde uttalt i Khrono  om statsbudsjettet at «utslagene var større enn forventa» og om den nye finansieringsmodellen: «Dette forsterker forskjellene mellom de gamle universitetene og de nye universitetene og høgskolene».

Les også den omstridte saka: Større utslag enn venta

«Heftig debatt» 

Haanes, som ordstyrar på representantskapsmøte, ville ikkje opne for ein ny debatt om statsbudsjettet og finansiering. Han viste til at det har vore ein «heftig debatt både i innland og utland», etter at ein større delegasjon frå sektoren nyleg var saman på konferanse i Chicago. 

— Den debatten skal vi ikkje ta opp igjen no, og vi skal ikkje føre vidare debatten som er i Khrono, sa Haanes og synte til saka der UiB-rektor Dag Rune Olsen meiner fleire driv ein lite etterretteleg argumentasjon. 

Les også: UiB-rektor Olsen vil ha slutt på uetterrettelighet ved uenighet

— Det som er viktig er å seie kva vi som representantskap blei samde om i 2015, og det er eit enkelt prinsipp og spelereglar: UHR er det formelle talerøyret ved høyringar i Storinget, og at ein skal gjere  merksam på viss det er usemje i sektoren, sa Haanes og opna for debatt om ein treng tydelegare retningslinjer etter at det har vore uro i saka. 

Refs frå Sundli Tveit

I debatten kom det tydeleg fram at rektorane frå dei fleste av dei eldste universiteta, i Bergen, Tromsø og Trondheim var godt samsnakka, saman med NMBU-rektor Mari Sundli Tveit. Sistnemnde kom med grundig refs: 

— Dette er ei veldig krevjande sak. Her må vi evne å løfte blikket og tenkje på kva slags situasjon sektoren vår er i og kva for utfordringar som ligg framfor oss. Og vi kan godt trekke samanlikningar med valet i USA og Trump, sa ho, og heldt fram: 

 — UHR har ei viktig rolle med å løfte sektoren. Vi har fått eit KJEMPEBRA budsjett, det er den store overskrifta. Hugs at andre land har fått kutt og kutt. Eg blir blir flau over debatten her heime, ja eg gjer det. Vi må hjelpe til og passe på slik at statsråden får gjennomslag for dette budsjettet, sa Sundli Tveit, som var redd for at viss ein ikkje følgjer spelegreglane så vil sektoren ende opp med «mindre kake».

— Ein splitta sektor er ei gavepakke til dei som ikkje vil satse på høgare utdanning, sa NMBU-rektoren. 

Olsen og Bovim på lag

Og UIB-rektor Dag Rune Olsen følgde opp:

— Eg er også så til dei grader samd med Mari: Vi har som ein av dei få vestlege landa ei budsjettauke. Kva slags truverd har vi når vi går ut og snakkar om eit katastrofebudsjett? Og dette er allmenngyldig: Viss vi skal få ein større del av kaka , må vi sørge for at vår statsråd har legitime krav og vektige argument med seg inn i regjeringa. Dei kan jo for eksempel heller bruke pengane vi får til tunnelar og sjukehus, sa Olsen. 

Og så var det NTNUs Gunnar Bovim sin tur: 

— Eg tenkjer at det denne debatten dreier seg om er klokskap og hierarkisering: Eg er veldig samd med Mari: Det er vanskeleg å stå for ein overordna kritikk av det statsbudsjettet som er lagt fram no. Det er fornuftig å satse på høgare utdanning. Isaksen har mange konkurrentar, og eg trur det er klokt at vårt departement auker – det kjem heile landet til gode, sa Bovim.

Hårsåre reaksjonar?

Styreleiar Vidar Haanes gjorde greie for at han hadde vore på møte med Kunnskapsdepartementet, saman med fleire andre får sektoren,  som orienterte UHR og dei andre om finansieringsmodellen ein halvtime før statsbudsjettet blei offentleg. 

— Som rektor på MF (Menighetsfakutletet red.mrk) reagerte eg sterkt. Vi kom dårleg ut med den nye modellen. Og så kom eg med ei uheldig fråsegn til Khrono i vandrehallen på Stortinget etterpå. Eg skilde ikkje rollene som rektor ved MF og styreleiar i UHR strengt nok. Og eg tar sjølvkritikk på at eg uttalte meg for raskt som UHR-leiar, sa Vidar Haanes til forsamlinga. 

Til Khrono etter møtet vil ikkje styreleiaren seie kven det er som har reagert på det han har sagt om statsbudsjettet i Khrono.

— Det er fleire som har reagert fordi Universitets- og høgskolerådet skal henvende seg til KUF-komitéen på vegner av alle, og institusjonane har ulike syn her. Og ein er samde om at ein skal vere usamde, seier Haanes. 

— Men for oss som står på utsida synes desse reaksjonane du har fått å vere litt hårsåre? 

— Det veit eg ikkje. Men det er ei usemje som heng igjen sidan fusjonstida her når det gjeld finansiering. Og eg meinte det var lurt å gjere sjølvkritikk. Sjølvkritkk er undervurdert, seier Haanes.

Olsen og Husebekk reagerte 

Rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen og rektor Anne Husebekk ved UiT Norges arktiske universitet, vedgår begge overfor Khrono at dei reagerte på det Haanes sa den dagen statsbudsjettet blei lagt fram.  

— Eg var i Paris da budsjettet blei lagt fram. Men eg fekk raskt sett kva Haanes hadde sagt og eg tok det opp og snakka med han om det, og det er no rydda opp i, seier Olsen, som også kan fortelje at styret i UHR har behandla saka.

— Det er institusjonar, og medlemmar i UHR, særleg NTNU og Unviersitetet i Oslo, som tener på omlegginga av finansiering og ein del er også begeistra for statsbudsjettet, seier han. 

— Men, like mange, kanskje fleire, er ikkje begeistra. Er ikkje desse reaksjonane mot Haanes litt overdrivne og hårsåre?

— Vi har handtert dette profesjonelt og alt kom på plass igjen raskt, seier Olsen som også minner om at han var leiar i valkomitéen då Vidar Haanes blei  innstilt og vald til ny leiar. 

— Valkomitéen såg på Vidar Haanes som ein samlande og forsonande leiar som nyt stor tillit i sektoren, og det gjer han framleis, seier Dag Rune Olsen. Han meiner at nokre av reaksjonane er grunna i at ein er redde for å bli splitta. 

— Det er alltid krevjande å vere leiar i UHR, der det er ulike interesser. Men her handler det om forståinga av å bygge ein stor og slagkraftig organisasjon, seier Olsen. 

Rektor ved landets største universitet NTNU, Gunnar Bovim, seier til Khrono at han ikkje reagerte på same måte som Olsen. 

— Eg tenkjer det var ein glipp i kampens hetes. Slikt skjer. Haanes har korrigert, og vi er ferdige med det for lengst, seier Bovim.

Også UiT-rektor, Anne Husebekk, (biletet) er ferdig med saka: 

— Eg reagerte på saka då det blei sagt, men er ferdig med det no, seier ho.

Under plenum i debatten blei det likevel klart at ikkje alle var ferdige med saka. Under punktet der ein diskuterte nye vedtekter for korleis UHR-styret skulle bli sett saman etter dei store strukturendringane, la Haanes fram forslag som sørga for at både dei eldre og yngre universiteta og små og store høgskular skulle vere representerte.

Rektor frå eit av dei yngre universiteta, Marit Boyesen i Stavanger, var innstilt som leiar i den nye valkomitéen. 

Ingen særinteresser

Også her var NMBU-rektor Mari Sundli Tveit framme med skarpe synspunkt: 

— Eg har noko generelt og prinsippielt eg vil seie. Då eg såg forslaget til styresamansetning så tenkte eg at det var eit  forstemmande uttrykk for den krevjande situasjonen UHR no er i. Men vi er nøydde om å ha tillit til kvarandre og fremje  kvarandre sine saker. Eg skal ikkje stemme imot framlegget her. Men prinsippielt vil eg seie at når vi skal sette saman eit styre, må vi leite etter dei folka som har kraft, og strategisk og politisk evne til å fremje heile sektoren og ikke dei som kjem inn i styret for å fremje sine eigen særinteresser, sa ho.

Det blei dei eldste sin dag i UHR. Rektorane frå dei eldste breiddeuniversiteta, samt NMBU-rektoren, hadde ordet mest. 

Men rektoren ved landets største høgskole, Curt Rice (midt i biletet) , på HiOA, meinte også at det var interessant å diskutere køyrereglar. 

— Det virker naturleg at UHR har den rollen den har som talerøyr for sektoren, det er ikkje vanskeleg å slutte seg til det. Men eg kjenner meg likevel fri til å vere talerøyr for min eigen institusjon, Høgskolen i Oslo og Akershus, sa han. 

Rektor Frank Reichert ved Universitetet i Agder sa noko av det same: 

— Eg skal gjerne forsvare UHR si rolle som talerøyr for sektoren så lenge UHR presenterer begge sider. Men eg vil også be om at vi alle må hugse på at vi er er rollemodellar. Det er  utruleg viktig å ha ei sakleg tone – også når ein bli intervjua i Khrono. Det er det einaste eg vil be om, sa han.

Roppen: Rart resonnement

Rektor ved ein av dei minste høgskulane i den store interesseorganisasjonen, Johann Roppen, ved Høgskulen i Volda, sa til Khrono etter møte at han hadde merka seg at nokre av rektorane i forsamlinga var redde for at om UHR markerte misnøye med budsjettet til Kunnskapsdepartementet så kunne det føre til at det blei vanskelegare for kunnskapsministeren å få løyvingar til departementet og at pengane i staden skulle gå til andre gode formål. 

— Det er eit rart resonnement som eg neppe trur nokre andre sektorar følgjer. Å syne svake sider ved eit budsjettframlegg er tvert i mot vår plikt å gjere. Det er jo institusjonane som kjenner sektoren best og veit kvar skoen trykker, sa Roppen og la til:   

— Både Venstre, Kristeleg Folkeparti, SV og Senterpartiet har i sine alternative statsbudsjett foreslått meir pengar til sektoren enn det regjeringa har foreslått, og det burde tyde på at det er meir pengar å hente enn det regjeringa har foreslått. Større løyvingar til universitet og høgskular er bra for oss, men endå betre for Noreg, som det vart sagt i debatten, sa Roppen. 

(NMBU-rektor Mari Sundli Tveit og rektor ved Høgskolen i Bergen, Ole-Gunnar Søgnen, i samtale med styreleiar i UHR Vidar L. Haanes).