Dag Rune Olsen får fire nye år som rektor på Universitetet i Bergen. Foto: Tor Farstad Foto: Ingvild Festervoll Melien

Klart for fire nye år med rektor Olsen

Som venta heiter rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen også dei neste fire åra. Vald som einaste kandidat og 25 prosent blanke stemmer.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kristin Bakken, leiar av valstyret ved Universitetet i Bergen (UiB), stadfesta onsdag ettermiddag at Dag Rune Olsen og Margareth Hagen er valt til rektor og prorektor i perioden 2017-2021, skriv På Høyden.

Valstyret ved UiB har hatt møte, og protokollen er underteikna. Ikkje overraskande vann Dag Rune Olsen rektorvalet. Han vart først valt til rektor i 2013, og går no inn i sin andre periode.

Valet hadde 17,5 prosent valgoppslutning og 75 prosent av dei avlagde stemmene gjekk til Dag Rune Olsen og hans valplattform.

— Eg er rimeleg nøgd med oppslutninga, seier Dag Rune Olsen til På Høyden.

— Tolkar du mangelen på andre kandidatar som at UiB-tilsette jamt over er nøgde med leiinga?

Vi såg også at det var nokre blanke stemmer. Det kan vere eit ønske om ein annan kurs. Det må ein ha respekt for.

Dag Rune Olsen

— Ja, det kan lesast slik. Men vi såg også at det var nokre blanke stemmer. Det kan vere eit ønske om ein annan kurs. Det må ein ha respekt for. Det kan også vere eit ønske om at ein heller vil ha tilsett rektor, seier Dag Rune Olsen.

— Korleis skal de feire?

— Vi rekk ikkje feire. Vi skal ha ein European University Association-konferanse som startar i dag, samt eit foreståande besøk frå olje- og energiministeren. Så er det påske, og då tenkte eg å ta fri. Men vi vil ha ei lita markering etter påske, seier han.

I 2013 var Kuvvet Atakan motkandidat. Denne gongen var det ingen andre som meldte sitt kandidatur.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS