Ei klar målsetting med campusen på Kjeller har mangla sidan samanslåinga av HiOA og HiAk i 2011. No har rektor Rice for første gang lansert ein framtidsretta visjon for campus Kjeller, skriv Jon Samseth. Foto: Eva Tønnessen
Ei klar målsetting med campusen på Kjeller har mangla sidan samanslåinga av HiOA og HiAk i 2011. No har rektor Rice for første gang lansert ein framtidsretta visjon for campus Kjeller, skriv Jon Samseth. Foto: Eva Tønnessen

Følg Rice sitt framlegg, sats på helseteknologi på Kjeller

Campus Romerike. Ei flytting til Lillestrøm kan ende opp med at Skedsmo etter kvart vil miste sitt universitet, skriv professor Jon Samseth.

Publisert   Sist oppdatert

Rektor Rice har for første gong sidan samanslåinga av HiO og HiAk i 2011 lansert ein framtidsretta visjon for campus Kjeller med satsing på helseteknologi der ein skal kombinere design, teknologi og helse.

Det er nettopp ei klar målsetting med campusen på Kjeller som har mangla sidan samanslåinga. Vi som er her har sett det eine studiet etter det andre bli flytta til Pilestredet.

For den som har fulgt med i Romerikes Blad, så har ordførar Flæten tatt på seg rolla som pådrivar for å flytte til Lillestrøm. Vi har òg sett eit par forslag til kor OsloMet er tenkt plassert, m.a. som ein del av eit bustadkompleks.

På lang sikt er det uråd for eit universitet å overleve i sentrum av ein by, det blir for dyrt og det er ikkje nok plass.
Jon Samseth
Professor, OsloMet

Eit campusområde på Romerike må dimensjonerast etter venta vekst. Ser ein på folketalsutviklinga så er veksten i Oslo-området, og Noreg for den del, nettopp på Romerike. Opphavleg var det nesten 4000 studentar tilknytta dei ulike studietilboda på Kjeller. I dag er dette nede på rundt 3000 og ein eventuell ny campus vil etter det vi forstår få endå færre studentar. Med den utviklinga vi ser, så er det rimeleg ut frå ein regional synstad at det om 10 år vil vere behov for rundt 6000 studieplassar.

Med ei lokalisering til dei alternativa vi har sett i Romerikes blad er det umogleg å få dette til på Lillestrøm. Lokalt burde derfor vore meir opptatt av få fleire studietilbod på Kjeller enn eit redusert antal studieplassar på Lillestrøm.

På lang sikt er det uråd for eit universitet å overleve i sentrum av ein by, det blir for dyrt og det er ikkje nok plass. Vi ser det overalt. I Bergen vart Høgskolen samla på Kronstad. I Karlstad vart universitet flytta ut. Det same har vore tilfelle i Helsinki, Oslo, MIT, osv. osv. På Lillestrøm burde ein vite dette sidan BI vart flytta frå Hvam til Lillestrøm stasjon om lag samstundes som HiAk kom til Kjeller i 2003. Det tok ikkje mange åra før BI Lillestrøm vart lagt ned og aktiviteten flytta til Nydalen.

Ved dette høvet i 2003 var òg Skedsmo kommune ivrige etter at Lillestrøm skulle bli ein studentby. Det vart mellom anna kjøpt inn eit eige hus som skulle vere eit slags studentersamfunn, men når det kom til stykket var ikkje studentane særleg interesserte i å gjere Lillestrøm til studentby. Etter kort tid vart huset lagt ned og no er alt tydelegvis glømt.

Ei flytting til Lillestrøm kan derfor ende opp med at Skedsmo etter kvart vil miste sitt universitet, anten ved at studietilboda blir flytta til Oslo eller ved at det om 20 år blir etablert ein ny campus på Jessheim.

I staden bør ein følge rektor Rice sitt framlegg og satse på helseteknologi på Kjeller og gjere det på ein slik måte at vi kan bli europeisk leiande innafor det vi kjem til å satse på. Nokon som har lukkast med dette er University Health Network i Toronto med sitt Toronto Rehabilitation Institute.