Danmark

Bryt samarbeid med universitet i Kina og Iran

Fleire danske universitet bryt samarbeid med eitt eller fleire kinesiske eller iranske universitet.

Risiko for spionasje, oppgir Danmarks Tekniske Universitet som ein av grunnane til at at dei avsluttar samarbeid med sju kinesiske og tre iranske universitet.
Publisert Oppdatert

— Me er uroa for at ein i Kina vil bruka desse dataa til ikkje-humanitære formål. Det vil me som universitet ikkje bidra til.

Det sa Brian Vinter, prodekan ved Aarhus universitet sitt fakultet for tekniske vitskapar, til danske Radio4 i slutten av mai.

Då hadde det gått ut e-post til alle tilsette ved Institutt for biomedisin om at alt samarbeid med og innkjøp frå verksemda BGI Group, Beijing Genomics Institute, skulle avsluttast med det same.

I slutten av juni kom det melding om at Københavns universitet òg droppa samarbeid med den same aktøren. Radio4 melde då at belegge universiteta hadde bestemt seg for det etter at politiet sin etterretningsteneste og Uddannelses- og Forskningsministeriet hadde vore med på å vurdera saka.

No vel også Danmarks Tekniske Universitet (DTU) å gå ut av samarbeid med kinesiske aktørar. Dei droppar samarbeid med sju kinesiske universitet og tre iranske, melder Radio4. Dette er universitet der forskarar mellom anna har hatt forskar til forskar-samarbeid, og som har ført til sampubliseringar.

Fryktar at resultat vert brukt i militæret

Då det vart kjent at Københavns universitet avslutta samarbeidet med den kinesiske verksemda, sa utdannings- og forskingsminister Christina Egelund til Radio4 at det var konkrete opplysningar om BGI Group som gjorde at departementet fråråda samarbeid.

— Vurderinga frå politiets etterretningsteneste er at danske biodata har stor forskingsmessig interesse. Me veit at Kina har ein strategi som seier at militæret kan bruka sivile vitskapelege og teknologiske framsteg, og det finst døme på at BGI samarbeider med det kinesiske militæret.

Ifølgje Rasmus Larsen, prorektor ved DTU, er det fleire grunnar til at universitetet no droppar samarbeid med dei kinesiske og iranske universiteta.

— Det kan vera risiko for spionasje. Det kan vera ein risiko for at me bryt eksportkontrollregelverket. Eller det kan vera risiko for at den internasjonale partnaren ønskjer å bruka forskinga på ein måte som me ikkje støttar, seier han til Radio4.

Vurderer liste i Noreg

Dei sju universiteta DTU ikkje ønskjer å samarbeida med, vert omtala som dei sju søner. Morgenbladet har skrive om norsk forskingssamarbeid med Kina, og om at desse sju universiteta har eit omfattande samarbeid med det kinesiske militæret.

— For Iran er det no snakk om tre universitet som er sanksjonert internasjonalt på grunn av at dei medverkar til det iranske kjernevåpenprogrammet, seier Larsen.

Også i Noreg vert det no vurdert å kutta ut samarbeid med enkeltinstitusjonar. Fleire teknologidekanar har nyleg sagt til Khrono at samarbeid med særleg kinesiske forskingsmiljø er krevjande, om omtalt det som balansekunst.

— Det er ei utfordring å setja grensa for kva me skal samarbeida om og kven me skal samarbeida med, sa Olav Bolland, dekan ved Fakultet for ingeniørvitskap ved NTNU.

Khrono har tidlegare vore i kontakt med den kinesiske ambassaden i Oslo i samband med saker der Kina får kritikk.

— Ukorrekte og villeiande påstandar, har vore blant svara.

Powered by Labrador CMS