Nils Rune Langeland. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Staten og Langeland blei ikkje forlikte

Rettssak. Staten sa nei til at Langeland sjølv kunne få seie opp stillinga si. Rettsmeklingsmøte mellom Langeland og staten i slutten av november førte ikkje fram.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

22.november blei det arrangert rettsmeklingsmøte i Oslo tingrett. Meklingsmøte er eit forsøk på å komme fram til en minneleg ordning, eller forlik før rettssaka mellom den avskjediga professoren Nils Rune Langeland og staten ved Kunnskapsdepartementet startar førstkommande måndag.

Rettsmeklingsmøtet tok seks og ein halv time, men partane blei ikkje forlikte.

I protokollen frå rettsmeklinga framgår det at Langeland «framsatte tilbud om egenoppsigelse fra tidspunktet for avskjed, og avkall på lønn i oppsigelsestid mot at staten trekker avskjeden», men staten takka nei.

Staten og Kunnskapsdepartementet kom på si side med tilbod til Langeland om at dei kan droppe sakskostnadar dersom Langeland trekker saka. Men her takka Langeland nei.

Ifølge protokollen som Khrono har fått innsyn i, var Langeland og hans advokat Kjell M. Brygfjeld tilstades på møtet. Det same var statens prosessfullmektig, regjeringsadvokat Hilde Lund, Kunnskapsdepartementets Bente Mørck Krogdahl, samt juridisk rådgivar Gunnar Baustad og instituttleiar Odd Magne Bakke. De to sistnemnde frå Universitetet i Stavanger.

Rettsmeklar var Hanne Sofie Bjelland.

Det er teieplikt om kva som gjekk føre seg i meklingsmøte, men advokat Kjell M. Brygfjeld seier til Khrono at han ikkje har nokon kommentar til resultatet frå meklinga heller.

Ifølge ei kjenning frå Oslo tingrett frå 4.desember var det stasråd Iselin Nybø som i siste instans sa nei til Langelands forslag til forlik.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS