Kommunikasjonssjef ved Nord universitet, Andreas Førde, har tidlegare forsvart bruken av pengar på konsulentar til strukturarbeid og PR ved universitetet. Foto: Paul S. Amundsen
Kommunikasjonssjef ved Nord universitet, Andreas Førde, har tidlegare forsvart bruken av pengar på konsulentar til strukturarbeid og PR ved universitetet. Foto: Paul S. Amundsen

Brukar ein million på Ernst & Young til «omstillingsarbeid» på lærarutdanning

Konsulentbruk. Nord universitet har frå før brukt rundt fire millionar kroner på konsulentar til arbeidet med ny studiestruktur. No blar leiinga opp ein ny million for hjelp til å kutte kostnader.

Publisert Oppdatert

Det er konsulentbyrået Ernst & Young som denne gongen er engasjert gjennom ein bistandsavtale, som skal «øke kapasiteten og sikre fremdriften i fakultetets omstillingsarbeid», får Khrono opplyst frå kommunikasjonsadelinga ved Nord universitet.

Avtalen med Ernst & Young har ein estimert kostnad på 800 000 kroner, eksklusiv meirverdiavgift.

Fakultetet det er snakk om er Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag (FLU), som det neste året må kutte kostnader og 25 årsverk, og ytterlegare 5 årsverk i løpet av 2021.

Prosessen er på etterskot, og fakultetet må derfor kvitte seg med årsverk og kutte andre kostnader endå raskare enn først planlagt. Nord har stadfesta at dette ikkje let seg gjere utan å seie opp folk som i dag jobbar ved FLU, som har stillingar fordelte mellom Levanger, Nesna, Bodø, Vesterålen og Lofoten.

Apeland og PwC

Nord universitet har også tidlegare hyra konsulentbyrå i arbeidet med omstruktureringar. Totalt er rekninga til private konsulentselskap i samband med omstilling og kutt no oppe i kring fem millionar kroner:

I 2019 vart PR-byrået Apeland engasjert i samband med framlegginga av ny studiestadstruktur. Kostnadsramma var på ein halv million kroner. Kommunikasjonssjef Andreas Førde grunngav dette blant anna med at «Nord universitet forutså at offentliggjøringen av rektors forslag til ny studiestedsstruktur (...) ville bli svært krevende kommunikasjonsmessig».

Før det var PricewaterhouseCoopers (PwC) engasjert til arbeidet med utgreiingsarbeidet. Konsulentselskapet fakturerte kring 3,5 millionar kroner for dette.

Rektor forklarte til Khrono at 2018 og 2019 at arbeidet med nye studiestadstruktur var så omfattande og krevjande at den ekstra hjelpa var nødvendig.

«Skape en bedre arbeidsverden»

I eigenomtalen på nettsidene til Ernst & Young heiter det at dei «ønsker å skape en bedre arbeidsverden gjennom våre egne handlinger (...)», og at «vår organisasjon er gjennomsyret av en sterk følelelse av forpliktelse til å betjene en rekke ulike interessenter som stoler på at vi leverer kvalitet i alt vi gjør».

Nord universitet har også tilsett ein prorektor for strategi og omstilling i mellombels stilling.

— Etter vedtaket om studiestadstruktur har vi eit stort arbeid med å implementere dette. Som konsekvens kjem også fleire omstillingsprosessar. Dette heng nøye saman med vidareutviklinga av Nord universitet, har rektor Hanne Solheim Hansen tidlegare uttalt til Khrono.

Styret ved Nord universitetet har denne veka nedskjeringane på FLU på sakskartet. Ein bemanningsplan for fakultetet skal etter det som er varsla leggast fram i månadsskiftet januar/februar.