Debatt ● ni tilsette VED Høgskolen på Vestlandet
Borten Moe, løft blikket!
Å avvikle gratisprinsippet for utanlandsstudentar vil svekke høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg, skriv ni tilsette ved Høgskulen på Vestlandet.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Sjå namna på dei ni som har skrive innlegget nedst i saka
I ein budsjettlekkasje til NRK kjem det fram at regjeringa vil avvikle gratisprinsippet for utanlandsstudentar. Dei skal sjølv måtte betale for å studere i Norge. Det er svært alvorleg for studentane, men vil også svekke høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og vårt bidrag til å møte dei store utfordringane samfunnet står overfor, både lokalt og globalt.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) tilbyr vi det internasjonale studiet «Master of Healthy Ageing and Rehabilitation». Det er eit digitalt studium, og for kull 2022 er campus og studentar spreidd over 22 land og seks kontinent. Fysioterapeuten i Stavanger bygger kompetanse med ortopedingeniøren i Nigeria og farmasøyten i Pakistan. Psykiateren i Brasil og sjukepleiaren i Iran samanliknar helsesystem og betydningane av ulike sosiokulturelle, økonomiske og politiske forhold. Ergoterapeuten i Bergen tar med seg denne lærdomen inn i sitt arbeid her i Noreg.
Nokre av studentane i programmet har midlar, andre har ikkje, men alle har ein unik kompetanse og erfaring å bringe til bordet. Dette er eit klasserom med ein særeigen evne til å bygge gjensidig respekt. Gratisprinsippet mogeleggjer dette.
I Stortingsmelding 13 vert det eksplisitt uttrykt at vi må etablere gode pedagogiske tilnærmingsmåtar både i utdanningssystemet og i helsevesenet, slik at vi på ein betre måte klarer å møte vårt fleirkulturelle samfunn. Internasjonale studentar i norske klasserom er med på å gi oss erfaring og innspel til meir mangfaldig danning og pedagogikk. Slike utdanningar er eit alternativ til myndigheiters einsidige satsing på norsk studentmobilitet for at studentar skal tileigne seg internasjonal erfaring.
Om vi tar helsevesenet som eksempel, er erfaringane vi bygger i møte med helsepersonell, som har den globale verda som praksisfelt, med på å gi oss viktig forståing for kva som påverkar helsevesen og helseforståing. Ved å innføre betaling for grupper av studentar, går ein bort frå eit prinsipp som per i dag legg til rette for å etablere rike læringsmiljø som er til det gode for det norske samfunnet. Ved seksjon global helse og rehabilitering utviklar vi mellom anna vidareutdanningskurs for helsepersonell i distriktskommunar i Noreg. I dette arbeidet nyttar vi kunnskap erverva i møte med vår internasjonale klasse.
Verda rystar oss. Klimakrise, krig og eit migrasjonsomfang vi ikkje tidlegare har erfart krev kollektive løysingar. Fridom og menneskeverd er under sterkt press i fleire land, noko som også påverkar studentar ved vårt studieprogram. Å kjenne kvarandre og bygge kompetanse innan internasjonalt samarbeid er viktigare enn nokon gong. Ein av studentane våre seier dette:
«Our country is presently at a crossroads in its history. We, the people of Iran, do not want this criminal regime to rule over us. We want nations with social and political freedom, such as Norway, to stand with us as a nation whose right to freedom has been violated. This assistance should be provided not just in words but also in deeds. Freedom is a fundamental human right that we have been robbed of for the past 43 years».
Samtidig som gratisprinsippet er viktig for å skape gode læringsarenaer for norske studentar, er det også eit lite, men like fullt viktig bidrag til medborgarar utanfor Noreg. Gratisprinsippet er med på å fremme likeverd. Det er ein måte å støtte, ikkje berre med ord, men også med handling.
Vi kunne nyleg lese at Nordiske universitet er ei «kraft å rekne med» og at det globale landskapet som universiteta er i, er eit nøkkelpunkt for vidare utvikling. Som sterk kunnskapsnasjon har Noreg føresetnadane for å vere med på å bygge eit globalt kunnskapslandskap.
Ved utdanningsinstitusjonar vert kompetanse for framtida bygd, vi bygger fagfolk og samfunnsborgarar som skal evne å forstå samfunnsendringar og transformere framtida. Skal vi førebu norske borgarar til dette, må vi halde fram med å gi dei sjansen til å lære saman med menneske frå heile verda, utan at skulepengar og statsborgarskap er ei hindring.
Å trygge den finansielle situasjonen til høgare utdanning i Noreg er ei vanskeleg oppgåve som krev gode diskusjonar, langsiktig planlegging og nytenking for å vere i takt med skiftande omgivnader. Ved å behandle internasjonale studentar på lik linje med norske studentar, har Noreg sendt tydelege signal om eit felles ansvar for kompetansebygging på verdsbasis.
Dei internasjonale studentane vi jobbar saman med set tydelege og viktige kompetansespor ved utdanningsinstitusjonane våre. Dei spelar òg ei svært viktig rolle for deling av idear globalt. Praksisen Noreg har hatt med å likestille studentar er i tråd med eit langsiktig arbeid for eit meir berekraftig samfunn, både lokalt og globalt.
Universitet og høgskular kan bidra til å løyse nokre av dei presserande problema vi har i verda i dag. Studieprogrammet vårt ved Høgskulen på Vestlandet er eit av fleire gode eksempel på internasjonalisering som gir studentane våre ein samfunnskompetanse som er heilt nødvendig, både i dagens og morgondagens samfunn. Det er også eit framifrå eksempel på eit berekraftig og gjensidig globalt partnarskap som Noreg har forplikta seg til ifølge Agenda 2030 og berekraftsmåla.
La oss bevare slike læringsarenaer og dei viktige møta mellom menneske som gratisprinsippet mogleggjer.
La oss halde oppe arbeidet med å vere ein byggande nasjon i det globale kompetanselandskapet, med ei langsiktig målsetting om gratis utdanning for alle.
Borten Moe, løft blikket!
Så ser du kort viktig gratisprinsippet er. Ikkje berre for dei utanlandske studentane, men også for utdanningsinstitusjonane og Noreg som kunnskapsnasjon.
Innlegget er skrive av ni tilsette ved global helse og rehabilitering ved Høgskolen på Vestlandet: Maria Nordheim Alme, fagseksjonsleiar, Djenana Jalovcic, førsteamanuensis, Yaliso Yaya Balla, førsteamanuensis, Mike Landry, professor, Omid Dadras, førsteamanuensis II, Hanne Tuntland, dosent, Jean Canino Guadana, forskar, Mariya Bikova, førsteamanuensis, Graziella Van den Bergh, førsteamanuensis.