universitetet i bergen
Borge ny fakultetsdirektør
Ove Borge vart konstituert då fakultetsdirektør Ørnulf Lillestøl måtte gå. No er Borge fast tilsett i stillinga.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
– Vi er veldig glade for å få Ove med på laget, han har lang og brei erfaring og han kjenner fakultetet og UiB svært godt, seier Robert Rastad, universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen (UiB) i ei melding på eigne sider.
Som Khrono har skrive, måtte fakultetsdirektør ved Det psykologiske fakultetet, Ørnulf Lillestøl, gå på dagen i vinter. Årsaka var sagt å vera usemje med nettopp Rastad, men som Khrono har skrive, hadde det kome to varsel mot Lillestøl.
Ove Borge vart konstituert i stillinga då Lillestøl gjekk. Han var ein av sju søkjarar då stillinga vart lyst ut i vår. No er han tilsett.
Borge har vore tilsett ved UiB sidan 2003 og har vore assisterande fakultetsdirektør ved Det psykologiske fakultetet sidan 2008.
— Eg har fungert i fleire periodar og kjenner stillinga. Eg har likevel tenkt grundig gjennom det, seier Borge til eigne nettsider.
Vidare seier han at han set pris på dei tilsette og at det er eit bra fakultet med interessante og samfunnsaktuelle fagområde.
— På trass av dette kjennest det likevel litt som å gå ut på isen. Det vert jo noko anna no når det er på alvor, så eg kjenner på ansvaret og tilliten.
Nylige artikler
I denne artikkelen ligger en hemmelig beskjed. Slik skulle fagfellene lures
Student tiltalt for alvorlig personforfølgelse av medstudent
Mener Norge bør overta Harvard
Intern konkurranse ødelegger akademiske miljøer
Byggeprosjekt gir samskipnaden underskudd
Mest leste artikler
Beata krevde overtidsbetalt — tapte i retten
79 sluttavtaler er signert. Benedicte (48) tok en for laget
NTNU-professor gir Høyre-topp delvis rett om «tullestudier»
Mener studenters krav og rettigheter går på bekostning av forskning
Reagerer på nye regler. — Poenget med universitetsbetegnelsen forsvinner