Støtte til Nord-rektor: Det må gjerast endringar for å berga oss som universitet
Struktur ved Nord. For å kunne vera eit universitet er det naudsynt å bygga opp to sterke hovudcampus, meiner professor Idar Kjølsvik ved Nord universitet i Levanger.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Innbyggjarane i Nesna og Namsos er sinte etter at Hanne Solheim Hansen, rektor ved Nord universitet, la fram ein rapport som viser korleis den framtidige studiestadstrukturen kan verta. Heller ikkje i Steinkjer står jubelen i taket, etter at det har vorte føreslege at mykje av verksemda der skal flyttast til Levanger.
Men i Levanger er lyden ein litt annan. I eit lesarbrev i lokalavisa Innherred vert det peika på at Steinkjer i lang tid har fått fleire lokaliseringar, og at det no er Levanger sin tur. «Endelig har Nord Universitet våget å gjøre det som er nødvendig. Og som har vært etterlyst gjennom lang tid. Et universitet smurt tynt ut over hele det gamle Nord-Trøndelag ville ha drept Nord Universitet».
— Nord universitet er plassert i 21 kommunar. Det vil seia at det er 21 ordførarar, 21 kommunestyre og 21 lokalaviser – og dei står alle i kø no. Men ein kan ikkje fordela eit universitet utover 21 kommunar – det vert ikkje universitet av det. Eit universitet er avhengig av at ein av og til er saman, seier Idar Kjølsvik. Han er professor ved Fakultet for lærarutdanning, kunst- og kulturfag ved Nord universitet, og har arbeidsstaden sin i Levanger.
Ingen felles stad for PhD-ane
— Eg meiner Nord universitet bør ha to hovudcampus; ein i Nordland og ein i Trøndelag. På den måten vert ein store nok og har samla nok tilsette og studentar på dei ulike stadane for å kunne berga seg som universitet, seier Kjølsvik til Khrono.
Ein lir inga nød dersom ein kan flytta innanfor det same området som ein bur i.
Det var Trønder-Avisa som først skreiv at Kjølsvik var positiv til rektor sitt forslag.
Kjølsvik peikar særleg på doktorgradsutdanninga. I dag har universitetet fire PhD-program.
— I Trøndelag har ikkje stipendiatane ein stad dei kan samlast. Det vert einsamt å vera forskar, seier Kjølsvik.
— Du sit i Levanger, som vert større. Skjønar du at tilsette andre stader er sinte og fortvila?
— Det ligg i saka sin natur, det, fordi det er endring. Men eg meiner at ein kan sjå på Steinkjer, Stjørdal, Levanger og Verdal som ein region. Her er det korte avstandar. Ein lir inga nød dersom ein kan flytta innanfor det same området som ein bur i, meiner Kjølsvik.
Vil ikkje samla alt
Men Namsos er annleis, meiner professoren. Her meiner han universitetsleiinga har gått for langt, og seier han er glad for signala frå statsråd Iselin Nybø.
Som Khrono har skrive, kom det eit brev til universitetsstyret der Nybø minna om at det er viktig at universitetet legg til rette for at alle deler av regionen har tilgang til god kompetanse og arbeidskraft.
— Eg tenkte «yess, ho har skjønt det». Det går an å balansera to omsyn: Behovet for å bygga opp to hovudcampus for at ein skal kunne vera eit universitet, og samstundes ta omsyn til kva ein betyr regionalt, seier Kjølsvik.
Han understrekar at han ikkje meiner at ein skal ha berre to studiestadar, og meiner ikkje at alt skal samlast.
— Sjølvsagt skal me til dømes ha lærarutdanning på Nesna. Men det skal vera på ein annan og samlingsbasert måte, seier han.
Kritisk til Nybø
«Samfunnsoppdraget til et universitet er å bidra til å utvikle regionene og lokalsamfunnene gjennom utdanning og forskning. Man kan da ikke basere seg kun på lokale behov og tradisjoner, men løfte blikket mot et nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Også et universitet i Distrikts-Norge må møte de globale utfordringer med samme kompetanse som forventes av andre universitet.»
Dette skriv Bodil Landstad, professor ved Mittuniversitetet i Sverige og forskingssjef i Helse Nord-Trøndelag og Marianne Hedlund, professor ved NTNU og professor II ved Nord universitet, i ein kronikk i Khrono.
Skal me få gode sjukepleiarar til ei kompleks helseteneste, er me heilt avhengige av å få sjukepleiarar som er utdanna med dei føresetnadane som er ved eit universitet.
— I Helse Nord-Trøndelag arbeider me målretta med å auka både omfang og kvalitet i den forskinga me gjer knytt til dei to sjukehusa våre. Dette er essensielt for å kunne få betre pasientbehandling. Skal me få gode sjukepleiarar til ei kompleks helseteneste, er me heilt avhengige av å få sjukepleiarar som er utdanna med dei føresetnadane som er ved eit universitet, seier Landstad til Khrono.
Ønskjer politisk debatt
Ho understrekar at ho ikkje ønskjer å gå inn i ein politisk debatt, og gjentek det ho og Hedlund skriv i kronikken: Universitetet skal møta samfunnsutfordringane gjennom å tilby kvalitet i høgare utdanning og forsking, og dette er ein premiss for å vera eit universitet - uansett lokalitet. Dei to professorane peikar òg på at ein som universitet kan oppleva at både politiske og allmenne krefter prøver å kontrollera ein og påverka ein.
«Når regionale interessenter (og musikere) kommer på banen med sterke føringer og direktiv, er det ikke lett å være et universitet med egen autonomi i Distrikts-Norge. Enklere blir det heller ikke, når en statsråd gir rektor og styre på den ene siden tillit til å fatte autonome beslutninger, og på den andre siden uttrykker tvil om beslutningskompetansen til de samme aktørene», skriv dei to professorane, og viser til at statsråd Iselin Nybø både har kome på visitt til styret ved Nord universitet og no sist skreiv brev til styret.
— Kva hadde du som forskingssjef tenkt dersom statsråden kom på besøk der du jobbar?
— Det handlar sjølvsagt om kva som er formålet med besøket - me har stadig vekk ministrar og statsrådar som vil orientera seg om verksemda vår. Men, om me hadde vore i den prosessen som Nord er inne i akkurat no, så hadde eg kanskje sett på det som eit teikn på at ein ikkje har tillit til at me klarar å gjera den jobben me er sett til å gjera, seier Landstad.
Les også: Spillet om Nord universitet
Siste fra forsiden:
Kortnytt
Jusstudent vant klimapris
Klimafestivalen Varmere Våtere Villere går av stabelen i Bergen denne uken, og mandag skulle Varmere Våtere Villere-prisen deles ut for fjerde gang.
I år gikk prisen til jusstudent ved Universitetet i Oslo (UiO), Gina Gylver, som er en av initiativtakerne til Den grønne studentbevegelse.
Varmere Våtere Villere-prisen hedrer personer som beriker den offentlige samtalen om klimakrisen, og om hvordan vi kan løse den, skriver Varmere Våtere Villere i en artikkel om årets prisutdeling.
— Gina Gylver har det siste året vært en tydelig stemme for den gryende grønne studentbevegelsen. På kort tid har initiativet samlet studenter i blant annet Oslo, Bergen, Trondheim, Ås og Svalbard rundt et felles budskap om klimaansvar og akademias rolle i omstillingen, skriver juryen i sin begrunnelse.
— Gylver er en viktig og utholdende stemme i det offentlige ordskiftet. Hun er ikke redd for å ta plass i krevende debatter – og gjør det med en kombinasjon av kunnskap, tydelighet og personlig engasjement som inspirerer mange, står det videre.
Les hele begrunnelsen her.
Les Khrono sitt store juleintervju med Gina Gylver her.
Tidligere vinnere av prisen er Dag O. Hessen, biolog, forfatter og professor ved Universitetet i Oslo (2025), Mads Nyborg Støstad og Bård Tufte Johansen fra NRK (2024), samt Anja Bakken Riise, forfatter og tidligere leder i Framtiden i våre hender (2023).
Gina Gylver. Ole Berg-Rusten Sverige skal styrke vernet om forsking
Sverige startar eit arbeid for å finne ut korleis forsking og innovasjon betre kan vernast i ein krevjande geopolitisk situasjon, melder den svenske regjeringa i ei pressemelding.
«Teknologiutviklinga har i dag tydelege tryggingspolitiske dimensjonar. Regjeringa har derfor vedteke at ei særskilt utgreiing skal sjå nærare på korleis opplysningar som gjelde slik forsking o innovasjon kan vernast», heiter det.
– Sverige er eit leiande innovasjonsland som utviklar og tar i bruk ny teknologi for å styrke konkurransekrafta og skape nye jobbar. Det er slik vi aukar velstanden vår, sikrar velferda og bygger tryggleiken vår. Det skal vi ikkje la nokon ta frå oss. Denne utgreiinga er eit nødvendig steg for å sikre dette, seier energi- og næringsminister Ebba Busch.
Regjeringa vil også sjå på tryggleik knytt til kommersialisering. Utgreiinga skal vere klar om eit år.
Stenger universitet for å spare energi
Universiteta i Bangladesh framskundar ferien i samband med Id-al-Fitr. Grunnen er energikrise som følgje av krigen i Midt-Austen.
Måndag opplyste styresmaktene i landet at alle offentlege og private universitet stenger, melder Reuters. Det er fleire dagar før den islamske høgtida Id-al-Fitr og den planlagde ferien.
– Bangladesh vil stenge alle universitet frå måndag, og dermed framskunde Eid al-Fitr-ferien som del av krisetiltak for å spare straum og drivstoff, midt i ei forverra energikrise knytt til konflikten i Midtausten.
Styresmaktene opplyste at avgjerda gjeld alle offentlege og private universitet i landet. Tiltaket skal ikkje berre redusere straumforbruket, men òg lette trafikkpresset, som fører til sløsing med drivstoff.
Ifølgje styresmaktene brukar universitata store mengder straum til studentbustader klasserom, laboratorium og aircondition. Ei tidleg stenging vil dermed lette presset på kraftsystemet i landet.
Som eit ledd i sparetiltaka har regjeringa også bede andre utdanningsinstitusjonar om å stenge og spare energi i høgtids-perioden.
Bangladesh importerer 95 prosent av energien. Fredag innførte landet avgrensingar på sal av drivstoff etter at folk gjekk til panikkjøp og hamstring, ifølgje Reuters.
Nord med nytt ph.d.-program
Styret ved Nord universitet har vedtatt å etablere et nytt ph.d.-program med helsevitenskapelig profil. Dette blir universitetets femte ph.d.-program. Programmet skal legges til Fakultet for sykepleie og helsevitenskap (FSH). Det melder Nord i en pressemelding.
Nords prorektor for forskning og utvikling, Ketil Eiane, dekan Gøril Ursin og konstituert rektor Levi Gårseth‑Nesbakk (t.h.) Hege Eilertsen/Nord universitet – Fakultet for sykepleie og helsevitenskap har et sterkt fagmiljø, veiledningskompetanse, relevant forskningsinfrastruktur og etablerte masterprogram, som gir et solid grunnlag for oppstart, sier Gøril Ursin, dekan ved Fakultet for sykepleie og helsevitenskap (FSH).
Programmet forventes å kunne starte opp i løpet av 2027 eller tidlig i 2028.
Nord-styret bestemte også på siste møte at universitetet skal utrede muligheten for å utvikle et bachelor- og masterprogram innen samfunnssikkerhet, som på sikt kan legge grunnlaget for et fremtidig ph.d.-program på dette området.
Nytt nordisk samarbeid om helse og bærekraft
Senter for grunnforskning (CAS) har sammen med syv andre institutter for grunnforskning i Danmark, Sverige og Finland nå lansert et nytt tverrfaglig program for forskere tidlig i karrieren.
Det skriver CAS i en pressemelding.
Programmet er støttet av Novo Nordisk Fonden og vil tilby 20 to-årige fellowships innen helse og bærekraft over de neste seks årene.
— Den nordiske regionen er allerede globalt kjent for sin forskning, innovasjon og sitt samfunnsengasjement innen helse og bærekraft. Med dette nye programmet ønsker vi å styrke disse områdene ytterligere, uttaler direktør ved CAS, Camilla Serck-Hanssen, i pressemeldingen.
Camilla Serck-Hanssen. Hans Kristian Thorbjørnsen /dnva Nesten fire av fem oslostudenter er bekymret for krig
Nye tall viser at over tre av fire oslostudenter er redde for at Norge blir involvert i krig innen de neste fem årene.
Det kommer fram i en undersøkelse som Sentio har gjennomført på oppdrag for Universitas.
78 prosent av studentene svarer at de er svært, ganske eller litt bekymret for krig. 21 prosent svarer at de ikke er bekymret, mens 1 prosent svarer at de ikke vet, skriver Universitas i sin omtale av undersøkelsen.
Også tall fra Norad viser en liknende frykt generelt i befolkningen. Tre av fire nordmenn er bekymret for krig og konflikt, ifølge en undersøkelse fra januar.
Kadetter fra Krigsskolen under en øvelse på Rena. Bildet er ment som et illustrasjonsfoto. Torbjørn Kjosvold / Forsvaret Vil bygge gigantarena til flere milliarder kroner
Styret ved Miami University i Ohio har godkjent byggingen av en ny basketballarena på campus med en anslått kostnad på 242 millioner dollar, rundt 2,3 milliarder norske kroner etter dagens kurs.
Det melder flere amerikanske medier.
Den nye arenaen skal bygges på Cook Field-området og er planlagt ferdigstilt til starten av idrettssesongen høsten 2028. Arenaen skal erstatte dagens arena, som ble åpnet i 1968, men som nå har blitt for liten.
Universitetsstyret har godkjent en total ramme på opptil 281 millioner dollar for å dekke bygging og tilknyttede kostnader. Finansieringen skal blant annet komme gjennom donasjoner.
Den planlagte arenaen skal fungere som et flerbruksanlegg for både idrett og arrangementer. Prosjektet har møtt kritikk fra enkelte studenter og interessegrupper som mener universitetet heller burde prioritere akademiske satsinger.
Slik skal den nye arenaen se ut. Miami Univeristy Får pris for forskning på dråper og bobler
Førsteamanuensis Nadia Shardt ved NTNU får prisen for yngre forskere 2026 fra Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS).
Shardt mottar prisen for sin nyskapende og internasjonalt anerkjente forskning på dråper og bobler i kolloidsystemer, forskning som har betydning både for grunnleggende naturvitenskap og for industrielle og miljømessige anvendelser, melder DKNVS. Forskningen er publisert i ledende internasjonale tidsskrifter, og hun har mottatt flere prestisjefylte priser og stipender, blant annet fra ETH og NSERC.
Ifølge prisjuryen kombinerer Shardt vitenskapelig originalitet med tydelig prosjektledelse og evne til å løfte forskning fra laboratoriet til praktiske anvendelser. Prisen er på 75 000 kroner og gis til en yngre forsker i Trøndelag som har utmerket seg med høy vitenskapelig kvalitet og selvstendig forskningsinnsats.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!