Adventskalender
Blir vanskeleg å unngå kutt i campusprosjektet
Strammare livreim har prega universitetsåret som har gått. NTNU-direktør Bjørn Haugstad meiner det må satsast meir på forsking og høgre utdanning, ikkje kuttast.

Bjørn Haugstad er direktør for organisasjon og infrastruktur ved NTNU, og var bak luke nummer 16 i Khronos adventskalender.
— Korleis vil du oppsummera 2022 med universitets- og høgskulebrillene på?
— Normalisering, på eit vis. Å få studentane skikkeleg tilbake på campus er det viktigaste som har hendt i år. Krig i Ukraina og tilspissa tryggingssituasjon får me verkeleg håpa ikkje er ein «ny normal», men den geopolitiske situasjonen er ikkje god, og det påverkar også sektoren vår negativt.
— Kva er det kjekkaste du har vore med på i universitet- og høgskuleverda i år, og kvifor?
— Om eg skal vera sjølvsentrert, så var det å byrja jobb ved NTNU, og igjen verta ein del av universitets- og høgskulesektoren. Det finst ikkje noko meir meiningsfylt å gjera i tider som desse.
— Kva har vore den største utfordringa, slik du ser det?
— For UH-sektoren må det vera situasjonen i Forskingsrådet. Det var ei lette at regjeringa fann midlar slik at me unngår fleire reduksjonar, men for Forskingsrådet sjølv er ikkje presset over. Det bør uroa mange. For NTNU sin del er det vanskeleg å unngå at prosjektet Felles campus vert nedskalert slik regjeringa vedtok i juni.
— Kva er ditt juleynske for universiteta og høgskulane?
— Føreseielege rammer og anerkjenning gjennom budsjetta for at dei store samfunnsutfordringane i Noreg ikkje let seg handtera utan forsterka satsing på høgre utdanning og forsking.
— Kva skal du gjera i jula?
— Vonleg skal eg slappa av med vener og familie og gjer noko med den stadig veksande bunken med ulesne bøker.