digital læring

Blikstad-Balas skal leia gruppe som skal jobba for betre læring

Ei tverrfagleg gruppe, med mellom anna seks professorar, skal vurdera bruken av digital læringsanalyse i grunnopplæringa. Målet er betre læring for elevar og studentar.

Korleis kan digital, pedagogisk praksis verta betre, er noko Marte Blikstad-Balas og dei andre i den ferske ekspertgruppa skal sjå på.
Publisert Oppdatert

Marte Blikstad-Balas er professor i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved Universitetet i Oslo og skreiv doktorgrad om korleis elevar i den vidaregåande skulen brukar PC i undervisninga. No skal ho leia eit regjeringsnedsett utval som skal sjå på korleis ein kan få betre læring, både for grunnskuleelevar, vidaregåande-elevar og studentar.

Fakta

Dette er ekspertgruppa

  • Leiar: Marte Blikstad-Balas, Oslo (39 år), professor ved Institutt for lærarutdanning og skoleforsking ved Universitetet i Oslo

Medlemar:

  • Monica Andreassen, Tromsø (47 år), lærar i naturfag og matematikk ved Langnes skole i Tromsø kommune.
  • Einar Duenger Bøhn, Lillesand og Oslo (43 år), professor ved Institutt for religion, filosofi og historie ved Universitetet i Agder.
  • Michail Giannakos, Trondheim (34 år), professor ved Institutt for datateknologi og informatikk, NTNU.
  • Malcolm Langford, Moss (49 år), professor ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo
  • Eirin Oda Lauvset, Asker (47 år), jurist og personvernombod i Asker kommune
  • Per Henning Uppstad, Randaberg (51 år), professor ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking ved Universitetet i Stavanger.
  • Barbara Wasson, Bergen (61 år), professor og leder for SLATE - Centre for the Science of Learning & Technology ved Universitetet i Bergen
  • Ann-Tove Eriksen (45 år), Tromsø, avdelingsdirektør i Direktorat for høgare utdanning og kompetanse
  • Hedda Birgitte Huse (43 år), Nittedal, avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet

Ekspertgruppa, som er tverrfagleg, skal vurdera bruken av digital læringsanalyse i grunnopplæringa, høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning.

Analyse av digitale læringsaktivitetar

Digital læringsanalyse er analyse av data som er innhenta frå læringsaktivitetane til elevar og studentar. Det kan til dømes vera analyse av data frå elevane sine digitale læremiddel, eller frå studentane sine læringsplattformer.

Filosofi-professor Einar Duenger Bøhn er ein av seks professorar i ekspertgruppa.

– God bruk av informasjonen me har frå digitale læringsaktiviteter kan bidra til å utvikla pedagogisk praksis og gi betre læring for elevar og studentar. Slik læringsanalyse vil kunne verta ein viktigare del av framtidas utdanning. Samstundes treng vi å vite meir om korleis digital læringsanalyse påverkar kva elevane og studentane lærer, og å sjå nærare på utfordringar knytt til personvern, juss og etikk, seier kunnskaps-og integreringsminsiter Guri Melby (V) i ei pressemelding.

I Handlingsplan for digitalisering av grunnopplæringa, som kom i 2020, vart det sagt at det skulle setjast ned eit ekspertutval.

Fleire meritterte undervisarar

I utvalet sit ekspertar på mellom anna etikk, teknologi og juss. Ein av dei er professor Barbara Wasson. Ho leiar Slate - Centre for the Science of Learning & Technology ved Universitetet i Bergen. Ein annan er jussprofessor Malcolm Langford frå Universitetet i Oslo. Han har mellom anna markert seg som svært oppteken av god digital undervisning. Som Blikstad-Balas er han òg merittert undervisar ved UiO.

Jussprofessor Malcolm Langford er ein av ekspertane i utvalet.

I pressemeldinga heiter det at ekspertgruppa skal gi Kunnskapsdepartementet betre grunnlag for slutningar om digital læringsanalyse og adaptive læremiddel, prøver og testar. Ho skal òg vurdera problemstillingar knytt til pedagogikk, juss og etikk og til personvernomsyn.

– Eg gler meg til å ta del i dette svært viktige arbeidet, og til alle dei spennande diskusjonane vi vil ha i gruppa, seier Blikstad-Balas.

Ekspertgruppa skal levere utgreiing i to delar. Den første delen skal vera ferdig innan 1. juni 2022. Sluttrapporten skal vera ferdig innan 1. juni 2023.

Powered by Labrador CMS