korona

BI-studentar vil ha skulepengar attende

BI-studentar gjer som studentar i USA: Krev skulepengar attende etter at universitet og høgskular stengde i vår.

BI i Nydalen. Meir enn 250 studentar har skrive under på at dei vil ha pengar attende frå den private høgskulen, fordi det ikkje har vore fysisk undervisning i vår. Eit bachelorstudium hos BI kostar 69 000 kroner i året.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«En god del studenter har tatt opp store lån for å kunne studere. Ettersom COVID-19 har spredt seg har undervisningen blitt online. Dette vil medføre mindre utgifter».

Dette står det på opprop.net. Det er BI-studentar som skriv under og krev pengar attende for vårsemesteret. Å studera på BI kostar pengar, og no meiner studentane at dei ikkje har fått det dei har betalt for.

Fredag føremiddag hadde 266 personar skrive under. Dei som oppgir kvifor dei vil krevja penga attende, grunngir dette med at dei ikkje har fått undervisning på campus, og meiner at det har vore mindre undervisning enn det etter planen skulle vore.

– Me fekk nettførelesingar og webinar, men ein får ikkje det same ut av det som å møta opp på skulen, seier Robin Hagland til NRK.

Han er ein av studentane som har skrive under på kampanjen.

Vil ikkje betala

Å krevja pengar attende dette semesteret er ikkje noko BI-studentane er først ute med å gjera. Khrono har tidlegare skrive om USA, der universiteta vert truga med søksmål. Nokre studentar krev å få dekt utgifter til andre aktivitetar på campus, som helsestasjonar og treningssenter, andre krev skulepengar attende. Nokre universitet har kome med tilbod om å dekt noko av utgiftene til kost og losji.

Men BI vil ikkje betala.

— BI gjer ingen kompromiss med kvaliteten på undervisninga. At opplæringstilbodet er endra gir ikkje rett til refusjon av kursavgift eller andre kostnader. Programma sine læringsutbytte skal ligga fast, skriv BI-rektor Inge Jan Henjesand i ein epost til NRK.

Økonomi er grunnen

Mange studentar opplever at dei har hatt dårlegare læringsutbytte denne våren. Khrono har skrive om ei undersøking frå Høgskolen i Østfold, som viser at seks av ti meiner dei har lært mindre når all undervisning har vore digital. Berre 14 prosent meiner dei har lært meir.

I tillegg til at studentane ikkje har fått fysisk undervisning eller hatt tilgang til bibliotek og lesesalar, er det mange som har mista deltidsjobben sin. NSO-leiar Marte Øien har sagt at studentorganisasjonen dagleg har vorte kontakta av studentar som er uroa over økonomien sin. I BI-oppropet er det fleire som oppgir økonomi som grunn til at dei vil krevja skulepengane attende.

Forbrukertilsynet seier til NRK at det er fleire BI-studentar som har teke kontakt med dei, men at det ikkje er kome formelle klagar. Hovudspørsmålet for tilsynet vert om overgangen til digital undervisning er ei endring i forhold til det kontrakta sa.

— Dersom BI ga god informasjon, det tekniske var i orden og innhaldet i undervisninga var god, var det ikkje nokon avvik frå den kvaliteten ein kan rekna med å få. Då må ein betala, seier Caroline Skarderud, jurist i Forbrukerrådet, til NRK.

Powered by Labrador CMS