Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm (til venstre) blei tilsett etter at Dag Rune Olsen og den tidlegare direktøren kom på kant. No kan Olsen tilsetje Bernstrøms etterfølgjar, som vil styre under den kommande rektoren. Foto: Silje Katrine Robinson

Planlegg for direktørskifte ved Universitetet i Bergen

Tilsetting. Dag Rune Olsen er inne i sin siste periode som rektor ved Universitetet i Bergen. Men før han går av skal han truleg tilsetje ny universitetsdirektør. Det same blei det bråk av då han sjølv byrja som rektor.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Januar 2014: Dåverande universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen (UiB) Kari Tove Elvbakken går av plutseleg, berre eit halvt år etter at Dag Rune Olsen har byrja i jobben som rektor.

Kritikk mot for nært tilhøve mellom rektor og direktør

Dette må du snakke med Dag Rune Olsen om. Eg har gitt mitt svar til han.

Kjell Bernstrøm

Bakgrunnen er samarbeidsvanskar med delar av administrasjonen, og sviktande tillit i universitetsstyret og rektoratet. Elvbakken var tilsett av den førre rektoren, Sigmund Grønmo, og blei av mange rekna som for nært knytt til det utgåande rektoratet.

Noverande universitetsdirektør, Kjell Bernstrøm, tok over som konstituert direktør, og blei tilsett i eit åremål for seks år frå desember 2014.

Då han tok fatt på jobben kommenterte han indirekte kritikken mot forgjengaren sin:

— Min leiarstil er å involvere fagavdelingane og bruke kompetansen som finst. Eg vil vere lite detaljorientert. Eg er veldig oppteken av at vi skal ha ein open dialog om dei sakene som kjem, og få det fram dersom det er nyanseforskjellar mellom kva universitetsdirektøren og fagavdelingane meiner, sa han i januar 2014.

Fakta

Toppleiinga ved Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen (UiB) har vald rektor.

Dag Rune Olsen er inne i sin andre og siste periode. han er vald for fire år frå 2017 til 2021.

Då han blei vald til andre periode hadde han ingen motkandidatar.

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm har eit åremål på seks år, som går ut i desember 2020.

Bernstrøm, som er 68 år, skal ha varsla at han vil slutte sommaren 2020.

Har gitt sitt svar

Bernstrøm har kontrakt ut 2020, og ny rektor skal veljast våren 2021. I tillegg skal Bernstrøm, som i dag er 68 år, ha varsla om at han ønskjer å gå av sommaren 2020, altså eit halvt år før åremålet hans går ut.

Sjølv vil Bernstrøm ikkje kommentere sin avgang.

— Dette må du snakke med Dag Rune Olsen om. Eg har gitt mitt svar til han, seier universitetsdirektøren.

Blir ikkje erstatta av robot

— Vi har diskutert på kva tidspunkt han ønskjer å tre tilbake. Eg skal drøfte det med styret når denne saka kjem opp. Dette er ein prosess som styret eig fullt og heilt, og vi kjem tilbake til det over sommaren, seier Olsen.

Men han er klar på at Bernstrøm må få ein erstattar når den tid kjem, trass i at universitetet skal effektiviserast, og ein del funksjonar gjerast av robotar.

— Vi må ha klar ein etterfølgjar etter Bernstrøm, seier Olsen.

— Kan det vere aktuelt å forlenge engasjementet hans, slik at neste rektorat får bestemme kven som skal vere direktør?

— Det har vi rett og slett ikkje drøfta, men i teorien er det mogleg, seier Olsen.

Det er ikkje slik at rektor som styreleiar kan ha ein eigen agenda. Ein profesjonell universitetsdirektør må uansett forstå rolla si, og tilpasse seg ulike styre. Eg meiner at universitetsdirektøren må vere uavhengig av kven som til ei kvar tid er styreleiar

Dag Rune Olsen

Han ser innvendinga om at det kan vere uheldig at ein avtroppande rektor tilset i ei viktig stilling.

— Det er heile styret som skal tilsetje. Men det vil uansett vere eit utgåande styre, så det er ein refleksjon styret må gjere seg, meiner Olsen.

Universitetsdirektøren er ein funksjon som uansett må vere uavhengig av det valde rektoratet:

— Det er ikkje slik at rektor som styreleiar kan ha ein eigen agenda. Ein profesjonell universitetsdirektør må uansett forstå rolla si, og tilpasse seg ulike styre. Eg meiner at universitetsdirektøren må vere uavhengig av kven som til ei kvar tid er styreleiar, seier Olsen.

Direktørperiodane er på seks år mens rektorar etter universitets- og høyskoleloven sit i fire år.

— Periodane er uansett ikkje synkrone, seier Olsen.

— Finn sikkert ein ny

I april kom nyheiten om at NMBU-rektor Mari Sundli Tveit går av, midt i sin andre periode. Ho blir i staden områdedirektør for politikk i Næringslivets hovedorganisasjon (NHO). Slike skifte kan uansett føre til at nokre stillingsperiodar kjem i utakt med resten av systemet.

Universitetet i Bergen har eit vedtak om framleis å ha vald rektor, noko Dag Rune Olsen òg har som del av sin valplattform. Med vedtaket opnar for ei utgreiing om ny leiarmodell i denne perioden. I vedtaket frå 2016 heiter det:

«Dersom universitetsstyret i neste periode ønsker å starte et utredningsarbeid i forhold til ledelsesform, kan det legges opp til en prosess om gjør at spørsmålet avklares i god tid før utløp av valgperioden».

Universitetet i Stavanger (UiS) valde i 2016 å gå over til tilsett rektor, sjølv om dåverande rektor Marit Boyesen den gangen berre var månader inn i sin rektorperiode. Grunngjevinga var at rekrutteringsprosessen til ny universitetsdirektør var avhengig av kva modell for toppleiing ein ville ha i framtida.

— Finn sikkert ein ny

Leiar for Norsk tjenestemannslag (NTL) ved UiB er ikkje uroleg over at ein utgåande rektor får bestemme kven som skal vere universitetsdirektør dei neste seks åra.

— Ei direktørstilling er ein viktig posisjon på universitetet. Men det er ein jobb på linje med mange andre. Når ein direktør forsvinn, finn vi sikkert ein ny. Såpass må vi klare, seier Melve til På Høyden.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS