Økonomi
Ber studentane bli «mer prisbevisst». — Frustrerande å bli møtt med ikkje-argument
Det er «viktig å være klar over» at «ikke bare studenter, merker effektene av høy prisvekst og svak kronekurs», meiner Ola Borten Moe.
Det var i skriftleg svar på spørsmål frå stortingsrepresentant Ane Breivik (V) oppmodinga til studentane kom. Breivik sende før påske spørsmål til forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe:
«Hva vil statsråden gjøre for å kompensere norske studenter i utlandet for konsekvensene av en historisk svak kronekurs kombinert med høy prisvekst?».
I svaret frå statsråden, som kom denne veka, skriv han at «regjeringen har gjort mye», for studentane, og at støtteordningane «allerede er blant verdens beste», «selv med dagens kronekurs tatt i betraktning». Han peikar mellom anna på at satsane for studiestøtte er auka med sju prosent utover forventa prisvekst.
Statsråden gjentar også oppmodinga han kom med då statsbudsjettet blei lagt fram i fjor haust: Studentane må bli «mer prisbevisst». I krisetid er det «viktig at alle, også studenter, tenker mer prisbevisst», svarer han mellom anna på Breiviks spørsmål om tiltak for utanlandsstudentane.
Leiar i ANSA, organisasjonen for norske studentar i utlandet, Anna Handal Hellesnes, er mildt sagt lite imponert.
— Frustrerande
— Dette er den same gamle retorikken, seier ho.
— Det er frustrerande å bli møtt med ikkje-argument, når vi veit kor viktig kompetanse og utdanning, også frå utlandet, er for Noreg. Ola Borten Moe held fram med å vise at han ikkje klarer å følgje stortingsvedtak og politikken til si eiga regjering.
Ifølgje Hellesnes snor statsråden seg unna eit grunnleggande premiss i utdanningspolitikken.
— Det er vedtatt politikk at 50 prosent av studentane skal ha eit utanlandsopphald i løpet av studietida. Dette blir ikkje spegla i politikken, ettersom regjeringa har redusert stipendandelen i studiestøtta. Tvert imot blir det vanskelegare å studere i utlandet, seier ANSA-leiaren.
Ho peikar på at Stortinget i den såkalla mobilitetsmeldinga vedtok, med Senterpartiets stemme, at regjeringa skal «sikre gode finansieringsmekanismer for studieopphald i utlandet for å sikre lik tilgang uansett økonomisk bakgrunn — også til høyt rangerte læresteder».
— Då er det ikkje eit godt nok svar å gjenta at studentane må vere prisbevisste. Utdanning er ei investering, og det å gjere det mogleg å sende norske studentar til blant anna verdsleiande universitet og ta kompetansen med heim til Noreg, det er ein kjempeverdi, legg ho til.
«Felles ansvar»
Borten Moe svarer ikkje direkte på stortingsrepresentant Ane Breiviks bekymring «for at utdanning i utlandet utelukkende blir et luksusgode forbeholdt de med midler til det». Derimot framhevar han at:
- «veldig mange i samfunnet vårt, ikke bare studenter, merker effektene av høy prisvekst og svak kronekurs».
- vi har et felles ansvar for å få ned prisveksten, «og dette gjelder også når studenter velger hvor de skal ta utdanning
- prisene har alltid variert mellom land, men også mellom byer i Norge. Derfor «mener jeg at det er viktig at studenter tar bevisste valg når de velger studiested».
— Borten Moe trekker fram at dei aukar satsane med sju prosent. Men når vi ser på basisstøtta opp mot auken av grunnbeløpet i folketrygda dei siste åra, ser vi at desse sju prosentane utgjer ganske lite, seier ANSA-leiar Hellesnes.
Ho meiner Borten Moe gjer det enkelt for seg når han peikar på at studentane også må vurdere nøyare kvar dei studerer, sett opp mot kva det kostar.
— Ser bort frå føresetnad
— Han ser bort ifrå at ein då også må ha føresetnadene for å studere i dei landa der utdanningane er rimelege eller tilnærma gratis, som i Tyskland og Frankrike. Då må du ha det språklege nivået på tysk eller fransk.
Kravet deira, seier ANSA-leiaren, er blant anna at basisstøtta til alle norske studentar, både dei her heime og i utlandet, må hevast til EUs fattigdomsgrense.
Ho viser til at EUs fattigdomsgrense ifølgje SSB er på om lag 250 000 kroner i inntekt etter skatt, for einslege. Basisstøtta til norske studentar var i 2022/23 på i underkant av 130 000 kroner.