valkamp

Ber sektoren sjølv koma på bana i valkampen

Forsking bør vera tema i valkampen, meiner rektorar. Sektoren har sjølv òg ein jobb å gjera med å visa seg fram, svarar politikarar.

Torstein Tvedt Solberg (Ap) spelar ballen attende til Svein Stølen. Han ønskjer seg gjerne forsking som tema i valkampen - med fleire aktørar på bana.

Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo (UiO), etterlyser politikarane sine ambisjonar for kunnskapsnasjonen Noreg.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

— Er me berre ein idrettsnasjon, eller har me ambisjonar om å prega forskingsfronten globalt òg, spurde han i Khrono tidlegare denne veka.

— Når eg ser all den gode jobben som vert gjort av norske forskarar, er det heilt klårt at det ikkje berre er idrettsutøvarar som Johaug og Warholm som fortener merksemd, seier Turid Kristensen.

Høgrepolitikaren sit i forskings- og utdanningskomiteen på Stortinget, og har tretti års arbeidsrøynsle frå UiO. Ho peikar på at forsking allereie har vore tema i valkampen, og understrekar at forsking har vore ei viktig prioritering for Høgre og at dei har store ambisjonar for norsk forsking også framover.

Men samstundes seier ho at forsking ikkje er det lettaste temaet å nå gjennom med, heller ikkje samanlikna med andre saker stortingskomiteen jobbar med.

— For at noko skal få merksemd i ein valkamp, krev det ofte at fleire aktørar er med, seier Kristensen.

All den gode forskinga Norge har, fortener merksemd, seier Turid Kristensen (H).

Støttar Stølen

Torstein Tvedt Solberg (Ap) er samd.

— Sektoren samla har en jobb å gjera med å få fram og visa kva dei driv med. Dei er ikkje veldig til stades i valkampen, seier Solberg, som er nestleiar i forskings- og utdanningskomiteen.

Han seier han synest Stølen sitt utspel er bra.

— Og eg forstår at han er skuffa over den sitjande regjeringa, der forskingsinnsatsen har gått ned.

I sommar har Khrono oppmoda dei politiske partia til å skriva om sine løfte og viktige saker knytt til forsking og høgare utdanning. Her skriv Solberg saman med Nina Sandberg at om den nye reforma Arbeiderpartiet ønskjer: «En tillitsreform med mindre byråkrati, mindre konkurranse og mer tid til faglig aktivitet. Kunnskapsorganisasjoner må styres slik at fagfolk har frihet til å jobbe selvstendig».

— Me vil ha slutt på nedgangen i forskingsinnsatsen, og forsking vert enormt viktig i dei omstillingsprosessane me må i gang med, seier Solberg.

Basisfinansiering

Marit Knutsdatter Strand (Sp) skal denne veka til NTNU Gjøvik. Der vert både Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) og cybertryggleik tema.

— Kanskje smale tema, men samstundes trur eg det er slik at innbyggjarane i området ser poenget med å løyva pengar til datatryggleik etter å ha vore utsett for eit hackaråtak, seier Strand.

Ho peikar vidare på korleis pandemien har vist kvifor grunnforsking er viktig.

— Ein stor del av debatten om forsking har gått føre seg i Stortinget i samband med langtidsplanen for forsking. Eg synest utfordringa frå Stølen er på sin plass, og ei utfordring me må ta, seier Strand.

Ho nemner nokre saker som er viktige for Senterpartiet: Større handlingsrom for institusjonane, få regionale forskingsfond attende og basisfinansiering av instituttsektoren.

— Dette er ikkje eit tema som er veldig sexy i seg sjølv, humrar ho.

— Men det er viktig.

Marit Knutsdatter Strand (Sp) er mellom anna oppteken av grunnforsking.

Hentar heim pengar

Både Arbeiderpartiet og Senterpartiet er kritiske til det dei meiner er detaljstyring og store kutt for sektoren. Høgre viser til ein auke i samla løyvingar i sektoren. Dette skriv forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim òg om i sitt debattinnlegg. Der skriv han mellom anna at måten ein styrer universitet og høgskular på i dag er for detaljert.

— Eg er heilt samd i at Noreg i framtida skal leva av kunnskap, og det trur eg Stølen veit, seier Kristensen.

Ho nemner at Noreg er med i nær 1900 prosjekt knytt til Horisont 2020, og har henta heim 15 milliardar kroner.

— Eg er glad for at me òg skal vera med i neste rammeprogram, seier ho.

Kristensen er òg oppteken av at dei beste til å formidla kva som skjer i sektoren, er forskarane sjølve. Ho peikar på ei utvikling som har vore på særleg formidlingsfronten sidan ho vart UiO-tilsett.

— I valkampen handlar det òg å visa kor viktig forsking er. Det meiner eg me har gjort, mellom anna gjennom å snakka om kor avgjerande forskinga er for omstillinga Noreg er i gang med, tillit til forsking og om det nye ekspertutvalet som skal sjå på akademisk ytringsfridom.

Powered by Labrador CMS