Skolestreik for klima foran Stortinget, 22. mars 2019. Foto: Siri Øverland Eriksen
Skolestreik for klima foran Stortinget, 22. mars 2019. Foto: Siri Øverland Eriksen

Er vi klare for klimastreikande ungdom?

Klima. Tekna student spurde om universitet og høgskular er klare for å ta i mot klimastreikande ungdom. Ja, svarer Universitetet i Bergen.

Publisert   Sist oppdatert

Ja, Universitetet i Bergen er klart! Og vi arbeider med å verta endå betre.

Les også: Er universitetene og høgskolene klare til å ta imot klimastreik-generasjonen?

Vi har stort fokus på FN sine 17 bærekraftsmål, både i undervisning, forsking og på institusjonelt nivå. Vi har oppretta SDG Bergen, som arbeider med bærekraftsmåla internt ved UiB og nasjonalt og internasjonalt.

Gjennom studievala sine er ungdomane med på å tvinga fram ei endring i fagleg profil på mange utdanningsinstitusjonar. Den utfordringa tek vi!
Kristin Gulbrandsen Frøysa og Harald Walderhaug
Universitetet i Bergen

I 2018 vart UiB tildelt ei leiande rolle i arbeidet med bærekraftsmål 14, Liv under vatn, på vegne av FN-organisasjonen United Nations Academic Impact.

Arbeidet med bærekraft på UiB er todelt: Vi lagar kurs og utdanningsløp som er direkte relatert til eit eller fleire bærekraftsmål og vi aukar det faglege fokuset på bærekraftige løysingar i forsking og undervisning generelt.

Klima og energiomstilling er eit av tre satsingsområde ved UiB, ved sidan av marin og globale utfordringar. UiB har lange tradisjonar innan klimaforsking, og Bjerknes-senteret er eit europeisk tyngdepunkt for klimaforsking.

I dei seinare år har UiB auka akiviteten innan fornybar energi og omstilling til eit lågutsleppssamfunn. Vi har oppretta Senter for klima og energiomstilling (CET). Senteret arbeider med å utvikla og fremja tverrfagleg forskning på strategiar, verkemiddel og vegvalg for klima og energiomstilling i samfunnet.

Vi har oppretta Bergen Offshore Wind Centre, der forskarar med naturvitskapleg og juridisk bakgrunn arbeider med forsking og kunnskapsformidling om havvind.

Vi har HUMKLIM, forskargruppa for humanistisk klima- og miljøforsking som samlar klima- og miljørelatert humanistisk forsking ved UiB. Dette er nokre eksempel på fagmiljø som arbeider med klima og energiomstilling ved UiB.

Vi som universitet har eit ansvar for å gje våre studentar eit godt fagleg grunnlag for å løysa dei utfordringane som klimaendring og tap av biologisk mangfall stiller. Vi treng kunnskapsbaserte løysingar dersom vi skal møta klimautfordringane på ein god måte.

Vi opplever aukande interesse blant forskarar for å arbeida med tema som klima, miljø, fornybar energi og samfunnsomstilling. Mange er i ferd med å dreia forskinga og undervisning i retning av desse temaene.

Vi har i fleire år merka at studentane er opptekne av klima, miljø og fornybar energi. Masterprogramma våre innan fornybar energi er populære, samtidig som vi ser ein nedgang i søkjartala til fag som tradisjonelt har vore sterkt knytta til petroleumsutvinning.

Gjennom studievala sine er ungdomane med på å tvinga fram ei endring i fagleg profil på mange utdanningsinstitusjonar. Den utfordringa tek vi!

Vi ønskjer engasjerte studentar velkomne til UiB!