Storbritannia
Åtvarar om risiko ved universitetssamarbeid med Kina
Dei stadig tettare relasjonane mellom britiske universitet og Kina er ein tryggleiksrisiko som må takast meir på alvor, ifølgje ein ny rapport.

Studien som er leia av den tidlegare utdannings- og universitetsministeren i Storbritannia, Jo Johnson, understrekar, ifølgje avisa The Guardian, behovet for ei langt tettare oppfølging av farane ved tette britisk-kinesiske forskings- og utdanningssamarbeid.
Rapporten peikar på ein betydeleg auke i finansiering frå Kina og samarbeid med kinesiske forskarar i løpet av dei siste 20 åra. Dette inkluderer sensitive felt med betydning for nasjonal tryggleik og økonomi, som automatisering, telekommunikasjon og materialvitskap – i tillegg til disiplinar der samarbeidet kan true ytringsfridomen.
— Storbritannia må gjere ein betre jobb med å følgje med på, handtere og redusere risiko som i dag er lite forstått og manglar oversikt, seier Jonhson.
Forfattarane av rapporten er i tillegg til Johnson, mellom anna akademikarar frå King’s College i London og Harvard Kennedy School.
Kina er ifølgje studien nær ved å gå forbi USA som Storbritannias hovudsamarbeidspartnar innan forsking, etter at talet på forskingssamarbeid er blitt tidobla frå 2000 til 2019, hovudsakleg innan teknologi-fag.
«Storbritannias meir avhengige band til ei neo-totalitær teknologimakt når det gjeld finansiering og forsking er no å rekne som eit særleg sårbart punkt», heiter det i rapporten, ifølgje The Guardian.
Fleire norske universitet har, til liks med i Storbritannia, hatt ei stadig sterkare satsing på samarbeid med Kina. I Noreg har Universitetet i Oslos avtale med det kinesiske Fudan-universitetet om å vere vertskap for deira europeiske senter vekt diskusjon.
Både Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen ønskjer å ha førande roller i akademisk samarbeid med Kina i Noreg.
BLI VARSLET
OM SISTE NYTT
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg
-

Nyeste artikler
Gjørv: Vil gi Forskningsrådet og KD litt tid til å gjenfinne den politiske tilliten
Mattilsynet stoppar norsk deltaking: Vert nekta å forska på trekkfugl
Departementet vil gå gjennom Ocean Space-tall på nytt
Nokut kan miste jobben som godkjenner av utenlandsk utdanning
Her kan det bli streik på tirsdag
Mest lest
Ble anbefalt å bli renholder da han kom som flyktning til Norge. Nå har han tatt doktorgrad
Nå går det på tilliten løs
Forskningsrådet trodde kutt var «lån». — Mildt sagt oppsiktsvekkende
Statssekretær om Forskningsrådet: — Dette handlar berre om ein einaste ting
Nobelprisvinnerne roper varsku om forskningskutt. — Vi er sjokkerte